Folkemusikk logo
Logo

Felespel til fotballfesten på Ullevaal

Både samba og hardingfelespel runga utover Ullevaal stadion under åttandelsfinalen mellom Noreg og Brasil i går. Ein skal ikkje kimse av lagspel, uansett om det er fotball eller fele det er snakk om, meiner Sofie Mortvedt, som saman me tre andre utgjorde det dei døypte Ullevaal spellemannslag.

Ullevaal spellemannslag saman med brasilianske dansarar under VM-kampen igår. Foto: Privat

Tekst: Johanne Flottorp

– Me fekk fortalt at det var 33.000 folk på stadion i går. Det var heilt villt, seier Sofie Mortvedt måndag formiddag.

Noreg kan seiast å ha vore i ekstase sidan i går kveld, etter at fotballandslaget slo ut stornasjonen Brasil, og dermed sikra seg avansement til VM-kvartfinalen. Noregs kampar har blitt vist på Ullevaal stadion gjennom meisterskapen, med fire gigantiske skjermar i midten og med folk utover grasmatta og på tribuna. Men det er ikkje berre kampen som gjer desse samlingane til ein folkefest.

Pauseinnslaga er også viktige, og i går var det både brasiliansk samba og hardingfeleinnslag med her. Ullevaal spelemannslag, som dei kalla seg, blei bestilt av Øystein Greni, frontfigur i BigBang. Han er glad i hardingfele, og har brukt dette på fleire av platene til bandet dei siste åra.

– Øystein ville ha med fire hardingfeler, og så blei me litt tilfeldig sett saman, fortel Sofie.

Roing midt i låta

I tillegg til Sofie var også Ester Thunander, Ottar Kåsa og Erlend Viken med i laget. Dei møttest på ettermiddagen og øvde litt saman før det bar opp på scena til lydprøver og seinare show.

Dei fire spelte med BigBang på låtane «Wild Bird» og «Welcome to the Mountains». Bandet var også forsterka av to ekstra perkusjonistar, ei blåserekke på fire personar, samt dansarar.

Sofie fortel om ein heftig respons, der «alle» song med på BigBang-låtane. Stemninga var god, og midt i den eine låta blei den endå villare.

– Noko som var gøy, var at dei tok den ro-seansen midt inni der. Så ein av trommisane slo på ei kjempesvær tromme, og alle rodde til songen, seier ho.

Treng fellesskapskjensla

Sofie er glad for at dei kan bruke hardingfela i ein slik setting, og at dei kan vise at det passar fint saman med eit rockeband. I tillegg er det noko med fellesskapet i det å vere eit spelemannslag ho trur kan overførast til andre lag.

– Lagspel skal ein ikkje kimse av. Det er viktig for oss. VM har vist at folk treng fellesskapskjensla, det er skikkeleg godt for folk å kjenne på den, seier Sofie.

Om det blir meir hardingfelespel på Ullevaal stadion under framtidige VM-kampar vil tida vise. Det nye laget har i alle fall allereie byrja å drømme seg bort.

– Me tulla litt med at Landskappleiken burde vere på Ullevaal på eit tidspunkt, at Ottar kan site der nede på banen og spele for 33.000. Det får vere målet, ler Sofie.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024