Folkemusikk logo
Logo

Ytring: Kunsten og programleiinga

Ingen programleiar bør tevle med utøvaren i poetisk eller kunstnarleg innhald. Det er ei avsporing av programleiarrolla, Dan Anderson eller ikkje.

Ingen programleiar bør tevle med utøvaren i poetisk eller kunstnarleg innhald, hevdar Kristian Hanto i eit tilsvar til Kjell Bitustøyl. Foto: FolkOrg/Thor Hauknes.

Ytring av styreleiar i FolkOrg Kristian Hanto.

Poesien og kunsten kjem i bakgrunnen i tevlingane på Landskappleiken, hevdar Kjell Bitustøyl i ei ytring på folkemusikk.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og meiner det tekniske meir og meir blir det viktigaste.

Han viser til fersk erfaring frå ei programleiaroppgåve på Landskappleiken på Hovden, der han saman med to andre ‒ éin av dei var forresten meg sjølv ‒ var sett til å presentere lagspeltevlinga.

Det er fyrst og fremst dei tilsende «Retningsliner for programleiarar på FolkOrg sine arrangement» han rettar eit kritisk blikk på; han hevdar dei inneheld ei klar melding om «at programleiarane berre skal opplyse om kven som spelar og kva dei spelar, og minst mogleg utanomsnakk».

Men dette står ikkje nokon stad i retningslinene. Bortsett frå denne feilopplysninga er det likevel eitt og anna synspunkt i innlegget som fortener nokre merknader.

Tevlingane på Landskappleiken er ei spesiell programform. Introduksjonane skal av gode grunnar vera så nøytrale og saklege som råd, med opplysningar om utøvar/utøvarar, det som skal framførast, og tilhøyrande tradisjonsbakgrunn. Det er helst andre programformer som inviterer meir til programleiing med endå litt lausare snipp.

Mi meining er at ingen programleiar skal tevle med utøvaren i poetisk eller kunstnarleg innhald. Det er ei avsporing av programleiarrolla, Dan Anderson eller ikkje. Det er utøvaren som står for det kunstnarlege, og den sida var på Hovden som på tidlegare kappleikar rikt representert.

Somme klasser er sant nok store, med stram tidsplan i gjennomføringa. Det positive ved dette er likevel at det viser gledeleg sterk rekruttering. Bitustøyl tar oppatt tanken om ei kvalifiseringsordning til landskappleikane. Det er som før ein vanskeleg tanke, sidan me ikkje har ev. kvalifiserande regionkappleikar i alle tradisjonsdistrikt.

Vurderinga er at eit landsdekkande kvalifiseringssystem derfor ikkje er råd å gjennomføre. Uavhengig av dette er det noko herleg u-elitistisk ved at alle kan melde seg på Landskappleiken. Det gjer dette storstemnet til den breie mønstringa me har i dag. Kjapp form på programleiing er då ein del av kompromisset for å få gjennomført dei store klassene innanfor rimeleg tid.

Bitustøyl er skeptisk til at instrumentopplysningar blir nemnde av programleiarane i somme klasser, og meiner etter det eg forstår at dette er av dei «tekniske» sidene ved programleiinga han vil til livs. Her er eg ikkje samd med han.

Forteljingane rundt både instrument og slått er i folkemusikken eit naturleg heile saman med det som toppar seg i den kunstnarlege framføringa. Det har etter min forstand aldri vore noko «teknisk» negativt ved dette.

Retningslinene frå FolkOrg peikar på at det ikkje er éin måte å vera programleiar på, men at det hjelper å vera engasjert, trygg, truverdig og tilpassingsdyktig, og at det er lov å vera både personleg, uhøgtideleg og humoristisk.

Med tilleggsrådet om at det er utøvarane og publikum som skal vera i fokus, bør dette vera eit bra grunnlag for tevlingsprogramleiarar som fortener stor takk for at dei stiller opp til den dugnaden som også deira innsats er ein del av. Me hadde solide og dyktige programleiarar på årets landskappleik.

Men påstanden om at poesien og kunsten kjem i bakgrunnen på landskappleikane på grunn av for lite rom til programleiaren, den manglar fornuftig grunnlag. Det er når programleiaren stilnar, at det er tid for poesi.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024