
Fredagen på Landskappleiken var tida inne for musikalske uttrykk med folkemusikken som utvida omgrep. Solistar, duoar og lag spela for full sal.

Nøkkelfele: Open klasse samlar ulike konstellasjonar ein elles ikkje får sett på kappleiksscenen.
Tekst: Sunniva Langås-Røiland
Open klasse er tradisjonen tru ein publikumsfavoritt. Klassa for dei som vil vise noko anna enn det som passar inn i dei andre klassene hadde i år over 30 startnummer.

Publikumsfavoritt: Det var full sal under Open klasse på Landskappleiken i Setesdal.
I år var det fleire innslag med familie i samspel, som Ymbjørg og Camilla Granlien, Ida og Mikko Mikkonen, og Karolina Westling og Irina Vogt Westling. Sistnemnde duo er halvsystrer med 30 års mellomrom. Det var fyrste gong dei deltok saman.
– Dei to siste somrane har me oppdaga at det er gøy å synge saman, fortel eldste syster Karolina.
Dei jobbar saman på Hollane seter på Lifjell i Telemark om somrane, og har blitt inspirert der til å lage musikk saman.
– Det er veldig inspirerande miljø å vere i. Me har komponert musikk når me har jobba. Sidan me likar musikken, så tenkte me kanskje at nokon andre også kan like det, seier Karolina med ein latter.
Duoen kallar seg IrinaKarolina, og på kappleiken framførte dei ei vise og ein springar som er komponert på Lifjell.
– Låtane me skriv tek me frå våre felles referansar. Både svensk folkemusikk som pappa og vår gamle farfar har spelt, norsk folkemusikk frå Vestfold og Telemark som Karolina har jobba med, og fjellandskapa kring oss blir til ein kompott på eit vis. Det er veldig fint, synest eg, seier Irina om musikken.

Fleire syskenpar stilte i Open klasse.
Ho bur i Sverige, der båe systrene er fødde og oppvaksne, og har svensk folkemusikk som base. Dei har halvnorsk far, og Karolina trefte ein norsk mann og flytta til Noreg. Difor er det også norske impulsar i musikken deira.
Før dei skal i elden er ikkje systrene for urolege.
– Eg blir litt nervøs, men det er berre bra, seier Irina.
– Eg er spent, men det er passe nivå nervar. Eg gler meg. Det er kjempegøy å synge med Irina, fortsett Karolina.
Irina er einig og legg til at det er ein fin debut for deira prosjekt. Framover skal dei ha nokre konsertar i både Noreg og Sverige.
– Det kjennest veldig kult å prøve det på Landskappleiken i kortare format, seier Irina.
– Me er heilt i startfasen av noko som er kjempegøy å halde på med, seier Karolina.
Systrene skryt av Landskappleiken som utstillingsvindauge.
– Det er ein veldig fin arena å deltake på, både for det heilt tradisjonelle og at dei har open klasse der folk gjer masse forskjellig morosamt og fint, seier Karolina.
Det var gjennomgåande mange duoar i årets klasse. Startnummer 15 kallar seg for Nøkkelfele, og er Sunniva Herland Monstad på hardingfele og Hsiang-Yin Hsioa på nykkelharpe. Dei har spela saman i tre år, og deltok også for fyrste gong på kappleik saman.
– Det var gøy og litt skummelt, fortel dei rett etter å ha spela.
– Me har veldig stor respekt for miljøet, men me vil jo vere med. Den balansen er litt vanskeleg, fortel Monstad.
Dei er båe klassisk skolerte musikarar, men har funne ei felles interesse i folkemusikk.

Klassisk skolerte: Ein treng ikkje å ha vokse opp i eit folkemusikkmiljø for å spele på Landskappleiken.
– Eg byrja å spele nykkelharpe under pandemien. Eg fekk låne eit instrument, og synest klangen var veldig kul og fin, fortel Hsioa.
Ho har budd fleire år i Sverige, men er eigentleg frå Taiwan. Monstad byrja med hardingfele på Noregs musikkhøgskule.
– Eg kjem ikkje frå ein tradisjon, men har byrja i vaksen alder med hardingfele fordi det er så kult. På musikkhøgskulen fekk eg lære å spele av Håkon Høgemo som eit valemne, seier ho.
I Open klasse er det stor variasjon på mange parameter: Unge og gamle, solistar og lag, profesjonelle og amatørar.
Eit av laga som deltok var Konsen Spel- og rølparlag. Spelemannslaget er tilknytta musikkutdanninga på NTNU i Trondheim.
– Det er eit veldig opent lag, og dei som vil kan vere med. Dei fleste har interesse for folkemusikk, men studerar jazz eller klassisk sidan det ikkje er folkemusikkstudie i Trondheim, fortel Ingrid Narum som er største pådrivar i laget.
Laget har jamleg aktivitet med dansekveldar i løpet av året, og kven som er med rullerar heile tida.
– Det var så stas at me var mange nok til å kunne stille, så at det skulle gå så bra var det siste me tenkte på, fortel Narum om fjerdeplassen laget fekk i år.

I Open klasse finn ein også spelemannslagaktige samansettingar.
Saman med Lars Viljo Fauske og Edvard Kildahl Andersen, som også var med Konsen spel- og rølparlag, tok Narum også tredjeplassen. Gruppa deira heiter Grannar tre. Dei går i sama klasse på jazzlinja i Trondheim, og har spelt saman dei siste to åra.
– Me byrja saman i første klasse og fann ut at me hadde liknande bagrunn og interesse for folkemusikk og musikk inspirert av folkemusikk, seier ho om trioen.
I tillegg til norsk folkemusikk, er dei inspirert av musikk frå Irland, Shetland og Færøyene. På kappleiken spelte dei The lounge bar og ein springdans etter Gustav Korsnes frå Sunnmøre.
– Med båe gruppene slår me oss laus når me spelar. Det er stas, men ein er alltid litt redd for å gå over streken. Mykje handlar om tradisjon på kappleik, så det er litt skummelt å dra i omgrepet, forklarar Narum.
Det er tredje året ho stiller på Landskappleiken. Tidlegare har det vore med Konsen spel- og rølparlag, lagdans med Bul Nidaros og lagspel med Snaustrinda spelemannslag. Alle laga held til i Trondheim.
– Det er eit veksande folkemusikkmiljø i Trondheim, sjølv om det er desidert større i Oslo, fortel studenten som absolutt har planar om å kome tilbake neste år.
– Me kjem igjen — i alle fall eg, seier Narum til slutt.
Klassa vart vunnen av Glorvigen / Svalastog framfor, Skram/Bjørdal og Grannar Tre. Resten av resultata finn du her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
