
Kursa er fulle, Strunkeveko har ventelister, og festivalområdet fyllest av både dans, konsertar og barnefamiliar. Me har tatt fredagspraten med festivalsjef Ingvild Lie.
.jpg)
Festivalsjef Ingvild Lie kan konstatere at Hilme-stemnet har vorte eit populært feriemål for store og små. Foto: Isa Holmgren/FolkOrg.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.
– No er de komne inn i den travlaste delen av Hilme-stemnet. Korleis har festivalen vore så langt?
– Det var ein pangstart! Eg trur me har gjort unna dei travlaste dagane, det er alltid travelt i oppstarten. I år måtte me måtte flytte Jaslangenkonserten til Fagernes, men det gjekk fint. No er det mykje som rullar og går, kursa er i gang og Hallingdal lyd har rigga seg opp.
Sundagskvelden vart det klart at stemnet fekk Fotball-VM i fanget då Noreg gjekk til kvartfinalen.
– Me har rydda i konsertprogrammet så det ikkje er konsertar parallelt med kampen, og me jobbar med ei løysing for å få vist kampen. Det finst også folk som ikkje er interessert i fotball, så det blir dans parallelt. Så no må Noreg vinne, slik at det blir god stemning på Pumpegris etterpå!
– De har hatt program spreidd frå Tisleidalen til Fagernes og Valdres Folkemuseum. Kva betyr det for festivalen å ta heile Valdres i bruk?
– I år vart det vel ikkje så geografisk spreidd som vanleg. Opningskonserten og Jaslangen vart på museet, men i utgangspunktet likar me å ha andre arrangørstader, slik som på Bolstad og kyrkjer rundt om. Det er triveleg med lokale eldsjeler som vil ha konsert. Det trur eg det er viktig å halde på. Samtidig vil me samle festivalen på museet når det nærmar seg helga.

God stemning på Bolstad då Sindre Tronrud og Åsmund Fauske Jøtun presenterte låttar frå Valdres og Hallingdal. Foto: Ingrid Elise Bråten.
– Hilme-stemnet har både store konsertar, små stovekonsertar, kurs, dans og eigne opplegg for born. Kor viktig er breidda for festivalen?
– Den er superviktig! Me gjorde litt om på kursprogrammet for vaksne i fjor. I staden for å ha kurs over fleire dagar, kan du melde deg på kortare småkurs og plukke litt. På kursa for dei vaksne var det 180 påmelde då det sette i gang i går. Fleire har kome til i dag. På Ministrunken Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er det 80 og på Mikrostrunken Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er det 30. Kurs er veldig populært i alle aldrar!
I tillegg har dei barneprogrammet Småfolk Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., eit konsert- og aktivitetstilbod for barnefamiliar, som har vore eit suksessfullt konsept.
– Me ser at mange legg ferien sin til Hilme-stemnet. Me prøver å få til eit program for heile familien slik at festivalen får ein familievenleg profil.
Strunkeveko Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er vekeskurset for ungdommar over 12 år. På Merket i Tisleidalen er det godt over 100 deltakarar med ventelister.
– Ein kan ikkje sitta på gjerdet der om ein skal vera med.
For dei vaksne prøver dei i programmeringa å variere frå heilt trad. solo folkemusikkonsertar til meir sjangeroverskridande artistar. Hilme-stemnet er også kjend for eit yrande dansegolv.
– Me har masse dansespel med mellom anna dansespelkonsertar. Eg håpar at folk kan gå på festivalen og oppdage både noko dei visste dei likte og noko dei ikkje visste dei likte.
– Kappleiken er ein sentral del av festivalhelga. Kva meiner du den tilfører Hilme-stemnet?
– Den har vore med sidan starten, og er dermed ein del av grunnmuren til Hilme-stemnet. Det er ein ganske stor kappleik, og me må avgrense med tanke på programmet elles. I år måtte me stenge påmeldinga nokre timar før fristen fordi det var fylt med tanke på årets kapasitet. I tillegg kjem Strunkeveke-elevane og fyller opp C-klassene som går på fredag.
I år som i fjor blir det i tillegg ein «Småkappleik» for dei som er i rekruttalder på laurdag.
Les meir om kappleiken her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Namn: Ingvild Lie
Fødd: 1981
Kjem frå: Øystre Slidre
Yrke: Festivalsjef for Jørn Hilme-stemnet
– Kvifor spelar og syng du?
– Det er litt tilfeldig, men eg er fødd oppi det. Bestefar min stilte med instrument og skyss til kulturskulen.
– Kven er dei fremste læremeistrane dine?
– Det er Kari Steinsrud og Gunvor Hegge på langeleik. Der har eg hatt målretta undervising. Song har vore meir innfallsbasert, men eg gjekk i Rauland og hadde Ragnhild Furholt der og Tone Juve på Folkehøgskulen. I Valdres har eg sunge med Stian Roland, Gro Arneng og Knut Arne Jacobsen.
– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?
– Det var Sudan Dudan i går kveld. Det var ein kjempebra konsert. Eg likar stemma til Marit Karlberg, og dei har finurlege arrangement, snodige tekstar og ein heilt eigen sound som tiltalar meg! Passe dvelande, passe fint, og passe mykje motstand.
– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
– Det er eit heilt umogleg spørsmål, men eg har ein som eg kjem attende gong etter gong, og det er Dvergmål sin «Visor og kvede frå Blåberglandet».
– Kva er det siste du har lese som omhandlar folkemusikk eller dans?
– Eg har lese siste bladet Folkemusikk!
– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
– Då eg sat og og laga spelelister til Hilme-stemnet, kom eg over opptak med ein ung Johanna Fuglesteg. Det var steike fint!
– Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt det siste året?
– Det var rasande artig med hullestafett på Tuvas Blodklubb!
– Kva skal til for å få fleire til å bli interessert i folkemusikk og folkedans?
– Det må vera eit levande miljø, noko som folk likar og faktisk driv med, der det er unge, vaksne og eldre som driv med dette.
Sist oppdatert
