
Brørne Nils Henrik Asheim og Håkon Asheim er aktuelle med albumet Crossing Grieg – Opus 72 Reimagined, der dei tek utgangspunkt i musikken til Edvard Grieg og gjev han nye uttrykk.

Plateaktuelle brør: Nils Henrik og Håkon Asheim. Foto: Kristian Moe.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Prosjektet er eit møte mellom tradisjon og nyskaping, der Griegs musikk blir sett frå nye vinklar. Nils Henrik Asheim spelar klaver, medan Håkon Asheim spelar hardingfele.
På albumet blir dei opphavlege folketonane og -dansane som inspirerte Grieg, sette saman med komponisten sine eigne omarbeidingar. Nokre stader blir dei presenterte side om side, andre stader blir materialet omforma og komponert på nytt.
At prosjektet er skapt av to brør, gjev òg albumet ein særskild dimensjon. Gjennom eit livslangt musikalsk samspel har dei utvikla ei felles forståing som pregar innspelinga, der improvisasjon, tradisjon og klassisk musikk møtest.
Nils Henrik Asheim er ein av Noregs mest markante og allsidige musikarar og komponistar, kjend for arbeidet sitt innan samtidsmusikk, orgel og improvisasjon. Håkon Asheim er ein anerkjend hardingfelespelar godt rotfesta i den norske folkemusikktradisjonen.
Albumet Crossing Grieg – Opus 72 Reimagined er no tilgjengeleg på strøymetenester.
Sist oppdatert
