Folkemusikk logo
Logo

Egil Storbekkens musikkpris blir delt ut laurdag

Laurdag 25. juli blir Egil Storbekkens musikkpris 2026 delt ut på kulturhuset Vidarheim på Tolga. Årets prisvinnar er Gunnlaug Lien Myhr, som får den nasjonale heidersprisen for innsatsen sin for folkemusikken og dei eldre folkemusikkinstrumenta.

Gunnlaug Lien Myhr får nok ei gjæv utmerking. Foto: Torunn Akersveen Lied.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Utdelinga skjer som del av eit konsertarrangement som også markerer at Norsk lur- og bukkehornlag fyller 30 år i 2026. Publikum får høyre musikk av Egil Storbekken framført av medlemmar i laget, med innslag av mellom anna lurfanfare, bukkehorn, seljefløyte, meråkerklarinett, tussefløyte, song og piano.

Medverkande er Jørn Simenstad, Eilif Gundersen, Bendik Smedåsgjelten Qvam, Bjørn Aksdal, Mary Barthelemy, Svein Gjelten Bakken og Eli Storbekken.

Gunnlaug Lien Myhr får prisen for den mangeårige innsatsen sin som utøvar, pedagog og tradisjonsberar. Ho har særleg arbeidd for å revitalisere langeleiktradisjonen i Hallingdal, samstundes som ho har gjort ein stor innsats for folkemusikk og folkedans, ikkje minst blant barn og unge.

Folkemusikk.no har tidlegare omtalt årets prisvinnar og grunngjevinga frå juryen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024