Folkemusikk logo
Logo

Gamle kjelder frå Hedmark blir tatt fram på ny plate

Det starta med låtar etter Atle Lien Jenssen. På Geiteleiken tek Anette Thorsheim og Jonas Åkerlund turen vidare inn i det eldre kjeldematerialet frå Hedmark.

Anette Thorsheim og Jonas Åkerlund tek utgangspunkt i gamal Hedmark-tradisjon på den nye plata si. Foto: Isak T. Kvinge.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

På albumet Geiteleiken spelar Jonas Åkerlund og Anette Thorsheim låtar dei har lært etter lydopptak med kjelder frå Hedmark. Utgangspunktet for prosjektet var låtar Thorsheim hadde lært etter spelemannen og folkemusikksamlaren Atle Lien Jenssen (1956–2011) frå Hamar. Arbeidet utvikla seg etter kvart til eit utval av eldre kjelder, mellom anna polsdansrepertoar frå to voksrullinnspelingar frå 1920-talet.

Dei to sentrale kjeldene frå voksrullane er Martinus Amundsen Norstad (fødd 1846) frå Elverum og Martinus Helgesen (1849–1926) frå Stor-Elvdal. Opptaka vart gjorde av folkemusikkforskaren Ole Mørk Sandvik, som på 1920-talet gjorde lydopptak av fleire spelemenn og songarar. Sandvik gjorde til saman 109 opptak på voksrullar.

Albumet inneheld også materiale etter Gustav Kåterud (1882–1941) frå Våler og Jon Østhaug (1886–1963) frå Åsnes, basert på NRK-opptak frå 1939 og 1941 og seinare arkivopptak. I tillegg er det med låtar etter Sigurd Olsen frå Eidskog, Magne Halberget frå Våler og Ole Henriksen frå Hof Finnskog. Fleire av låtane er også knytte til andre spelemenn gjennom kjeldene, mellom anna Atle Lien Jenssen og Alfred Olafsen.

Repertoaret på Geiteleiken består i hovudsak av polsdansar og ulike gammaldansformer. Her er mellom anna vals, reinlendar, masurka, polka, springdans, brudevals og hurven. Albumet inneheld 17 spor, og fleire av dei kombinerer låtar etter ulike kjelder. Tittellåten, Geiteleiken, er etter Gustav Kåterud, medan fleire av dei andre spora er etter Martinus Amundsen Norstad, Martinus Helgesen, Jon Østhaug og andre spelemenn.

Åkerlund og Thorsheim skriv i platecoveret at kjeldematerialet viser eit breitt spekter av uttrykk, sjølv om låtane ofte blir omtala som ein bestemt type bygdedanslåt. Dei peikar mellom anna på variasjonar i grunnkarakter, frasering og rytmikk. I arbeidet med albumet har dei lytta til kjeldene og arbeidd seg fram til eit felles uttrykk for materialet.

For Thorsheim er prosjektet også knytt til Atle Lien Jenssen, som var læraren hennar og som arbeidde mykje med musikktradisjonane i Hedmark. Ho har mellom anna lært ein reinlendar på albumet etter Jenssen.

Åkerlund har på si side ei sterk forankring i musikken frå vestre Dalarna og er mellom anna kjend for samarbeid med spelemannen Anders Rosén.

Innspelingane er gjorde i Bruvik kyrkje av Davide Bertolini i 2024 og i Värends Nöbbele av Jonas Åkerlund i 2026. Bertolini har også stått for miksinga, medan Audun Strype har mastra albumet.

Kjeldearbeidet på albumet byggjer mellom anna på arkivopptak frå Glomdalsmuseet, Norsk folkemusikksamling og Norsk senter for folkemusikk og folkedans, samt på utgivingane Solørmusikken av Anette J. Jenssen og Østerdalsmusikken av Ole Mørk Sandvik.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024