

Kva skjer når vi må forlate alt vi kjenner? Det spørsmålet står sentralt i «Da vi dro», ei ny konsertforestilling der norsk utvandringshistorie møter dagens forteljingar om flukt og migrasjon. Hardingfele, munnharpe, rap, elektronika og arabiske instrument blir vovne saman i ei framsyning om identitet, håp og nye byrjingar.

Utøvarane i "Da vi dro": Vera Sonne, Saleh Mahfoud, Kenneth Lien, Jonas Bjerketvedt og Per Olav Hoff Mydske. Foto: davidro.no
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
I 1825 la «Restauration» ut frå Stavanger med kurs for New York. Ombord var 52 nordmenn som søkte eit anna liv på andre sida av Atlanteren. Dei var dei første i det som skulle bli ei omfattande utvandringsbølgje: Mellom 1825 og 1920 reiste over 800.000 nordmenn til Amerika.
Denne historia er utgangspunktet for «Da vi dro», eit prosjekt utvikla og leia av Per Olav Hoff Mydske og Jonas Bjerketvedt. Men førestillinga handlar ikkje berre om det som skjedde for 200 år sidan. Gjennom lokale utvandringshistorier og forteljingar om menneske på flukt i vår eiga tid, ønskjer kunstnarane å knyte den norske emigrasjonshistoria til dagens migrasjon. Prosjektet har dei drive med i eit par år. Dei har hatt 20 konsertar så langt, blant anna to turnear for ungdom.
– Kva var det som gjorde at de ville bruke den norske utvandringshistoria som inngang til å fortelje om dagens migrasjon og flukt?
– Eg vart fascinert av dei norske som drog til USA. Der vart det etablert eigne gater, skular og kyrkjer. Då begynte vi å sjå parallellar. Det trur vi folk frå alle stader gjer. At ein tar vare på sitt og vil gjenskape det ein hadde der ein kom frå, fortel Bjerketvedt.
Men førestillinga handlar ikkje berre om norske Amerikafararar.
– I staden for å lage ei førestilling som berre handla om emigrasjon til USA, så har vi valt å ta eit litt større jafs og vise eit litt større bilde av kva som skjer generelt når folk begynner å migrere. Til dette bruker vi både arkivmateriale og moderne uttrykk som vi blandar ganske bevisst, seier Mydske.
Musikken i «Da vi dro» går på tvers av sjangergrenser. Hardingfele, munnharpe og kveding møter rap, hiphop, scratch og elektroniske lydlandskap. I tillegg kjem arabiske musikalske tradisjonar gjennom den syriske musikaren Sahle Mahfoud, som spelar mellom anna kanun og oud.
Med på prosjektet er også folkemusikaren Kenneth Lien, kjend som multiinstrumentalist og medlem av Ævestaden, samt vokalist Vera Sonne frå Pumpegris. På enkelte framsyningar vikarierer Magnhild Garnås Haugen for Sonne, medan Sindre Tronrud stepper inn for Lien under Kulturnatt i Fredrikstad 11. september.
Mydske har sjølv bakgrunn både frå tradisjonsmusikken og hiphopmiljøet. Han er utdanna i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet og var tidlegare medlem av hiphopgruppa Pen Jakke som Bjerketvedt var produsent for. Dei to har gjennom fleire tiår arbeidd med ulike musikalske og kunstnariske uttrykk.
– Korleis har de arbeidd med å finne balansen mellom den norske folkemusikktradisjonen, hiphop og den arabiske musikken i førestillinga?
– Vi har hatt eit tett samarbeid med Lien og Mahfoud. Vi har vore i studio og jamma, også har eg som produsent gjort nokre val. Noko har kome av at eg har laga ein beat, eller at Kenneth har hatt ein feleidé. Vi har også tatt tak lydar frå naturen og eldre kommunikasjonsmiddel, som hestetramp og toglydar for eksempel, og lagt dette saman, fortel Bjerketvedt.
Eit viktig element i prosjektet er at førestillinga kan tilpassast staden ho blir framført på. Lokale historier om utvandring blir henta fram og sett inn i ein større samanheng.
– Dei fleste norske familiar og lokalsamfunn har ei tilknyting til utvandringa som berre ligg tre–fire generasjonar tilbake, peikar dei på.
Slik ønskjer «Da vi dro» å gjere den store historia meir konkret. Dei som drog til Amerika, stod også overfor eit ukjent land, eit nytt språk og ein ny kultur. Ved å setje desse erfaringane opp mot forteljingar frå menneske som har flykta eller migrert til Noreg i vår tid, vil prosjektet undersøkje kva som skjer når ein må forlate det kjende og byggje eit nytt tilvære ein annan stad.
– De brukar lokale utvandringshistorier på dei ulike spelestadene?
– Vi prøver å bytte ut bilde og stadnamn frå plassar der vi er. Vi lagar også eigne avtaler med oppdragsgjevarar om vi skal ta kontakt med lokalhistorikarar for å knyte førestillinga til staden vi spelar på.
Dei peikar på at det er gjevande for dei å utvikle produksjonen undervegs. Dei har kome over særs mange interessante og til dels rare historier å velje mellom.
– Vi har for eksempel med ei historie om Fredrikstad-folk som hamna i New Zeeland. Dei var lova gull og grøne skogar, men vart dumpa i skogen med beskjeden: «Her skal de bu!» Elles trefte historier om korleis bygder gjekk saman i spleiselag og kjøpte Amerikabillettar for å få fyllikar og tjuvar vekk frå bygda, meg hardt, seier Mydske.
Historiske fotografi og arkivmateriale er ein del av førestillinga, saman med forteljingar, poetiske tekstar og musikk. Prosjektet har også planar om å utvide uttrykket med fotoutstillingar, forteljarstasjonar og samtalar mellom kunstnarar, lokalhistorikarar og lokale stemmer.
For folkemusikken blir møtet mellom tradisjonsuttrykk frå Noreg og Midtausten sentralt. Hardingfela og munnharpa står side om side med kanun og oud, medan rap og andre moderne uttrykk bind dei ulike musikalske tradisjonane saman.
For Mydske er prosjektet også eit møte mellom ulike delar av hans eige musikalske liv. Han har gått frå hiphopmiljøet og Pen Jakke til utdanning innan tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, og har seinare arbeidd i skjeringspunktet mellom folkemusikk, rap, jazz, blues og visesong.
– Kva meiner du at folkemusikken og tradisjonsmusikken kan tilføre ei førestilling om eit så aktuelt og til dels politisk tema som migrasjon?
– Eg har jobba så lenge med å ikkje tenkje på at det er folkemusikk når eg driv med det. Eg har jobba med Kenneth sidan 2016. Når eg gjer det med han, så er det veldig trygt. Han har stor forståing for behovet mitt for rom, og han skjønnar utfordringane som kan oppstå i møtet mellom hiphop og folkemusikk, seier Mydske.

Frå konsert: Da vi dro legg ofte vekt på lokalhistoria på spelestaden. Foto: davidro.no
Førestillinga handlar mykje om tid, og dei går fram og tilbake i ulike tidepokar. Dei meiner det ligg nok djupt i folkemusikken som er med på å strekke dei attende i tid og på tvers av kulturar. Samtidig er Mydske med bakgrunnen sin frå folkemusikkutdanninga på Ole Bull vel rusta til å plukke med seg element frå i norsk tradisjonskultur.
– Eg er nokså inspirert av dette når eg skriv tekstar, for eksempel kjempekarvisene, og eg har vore fascinert av det eg har lese og vorte fortald. Eg har prøvd å skrive inn denne hyllinga, men også med ein liten ironisk tvist. Det er også eit skråblikk om kva som kravdest for å overleva den gongen, fortel han.
«Da vi dro» er dermed også eit møte mellom ulike måtar å fortelje historier på. Musikk, bilete, arkivmateriale og personlege erfaringar skal saman gi publikum eit innblikk i kva det vil seie å miste tilhøyrsla si, men også i håpet om eit nytt liv. Utan at det er uttalt eksplisitt, får prosjektet likevel ein politisk brodd.
– Vi har tenkt at det kunne ha vore gøy å gjere denne for norske etterkomarar i USA i dag, men det kunne vi ikkje ha gjort. Eg trur ikkje dei ville ha sett pris på vår politiske vinkling, meiner Bjerketvedt
Med «Da vi dro» ønskjer Mydske, Bjerketvedt og dei andre medverkande å bruke denne blandinga av uttrykk til å setje ei historisk erfaring inn i ein moderne samanheng. Den norske utvandringa kan på same tid vere ei forteljing om fortida og eit spegelbilete for menneske som i dag må forlate heimane sine.
Prosjektet finst i ulike format, mellom anna som ei konsertforestilling på rundt 60 minutt og ein lengre versjon på 90 minutt. Det finst også ein 45 minutt lang versjon tilpassa ungdom mellom 13 og 18 år.
Medverkande er Per Olav Hoff Mydske (tekst og rap), Jonas Bjerketvedt (scratch, beats, lydkomposisjon og video), Kenneth Lien (hardingfele, munnharpe og fløyte), Sahle Mahfoud (kanun og vokal) og Vera Sonne (vokal). Ole-Martin Grav er produsent.
«Da vi dro» skal vidare på turné, mellom anna med konsert på Riksscenen torsdag 27.8. under Kulturnatt i Fredrikstad 11. september og seinare til Sarpsborg.
Sjå meir om prosjektet på Da Vi Dro si nettside Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
