

Sigmund Groven bidreg med sitt karakteristiske munnspel til filmmusikken i den komande norske animasjonsfilmen ViQueens. Hollywood-komponist Christophe Beck har skrive to stykke særskilt med Grovens spel i tankane.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Den norske munnspelspelaren Sigmund Groven får ein plass i filmmusikken til Harald og Veslemøy Zwart Ruuds komande animasjonsfilm ViQueens. Musikken er komponert av den amerikanske filmkomponisten Christophe Beck, kjend for filmmusikken frå mellom anna Frozen, Frozen II og The Hangover.
Filmmusikken blei nyleg spelt inn med fullt symfoniorkester i Glasgow. Deretter blei Grovens munnspel spelt inn i Rainbow Studio i Oslo. Beck er sjølv stor fan av Groven, og har skrive to stykke spesielt med munnspillet hans i tankane.
Samarbeidet har også ei lokal historie. Regissør Harald Zwart og manusforfattar og produsent Veslemøy Ruud Zwart har kjent Groven gjennom familien i Telemark i mange år. Groven har vore ven av familien og har gjennom åra spelt for dei i familiesamanhengar i Heddal.
Ekteparet var nyleg på konsert med Groven. Etter konserten spurde dei om han kunne tenkje seg å bidra til ViQueens.
– Det kjentest eigentleg veldig naturleg. Sigmund har vore ein del av familien og Telemark for oss i mange år, og Harald og eg har alltid vore store fans av han. Så då vi sat der på konserten, tenkte vi: Vi må berre spørje, seier Veslemøy Ruud Zwart.
Harald Zwart seier kombinasjonen av symfoniorkester og Grovens munnspel gir filmmusikken ein eigen identitet.
Groven har vore ein sentral utøvar innan norsk musikkliv, og det karakteristiske munnspelet hans med røter i folkemusikken har blitt ein del av det norske musikalske lydbiletet. I ViQueens blir denne norske klangen sett saman med eit stort, internasjonalt filmmusikkapparat.
ViQueens er Harald og Veslemøy Zwart Ruuds første heilaftans animasjonsfilm. Handlinga er lagt til vikingriket Lofotr, der kongsdattera Ingrid og bestevennen Hedvig legg ut på ei reise som tek dei frå Noreg til Kina.

Den norske stemmebesetninga omfattar mellom andre Dagny, Isalill Kolpus, Kristoffer Hivju, Truls Svendsen, Snorre Monsson og Marit Andreassen. Erling Braut Haaland har også ei rolle i filmen.
ViQueens skal etter planen ha premiere i 2027.
Sist oppdatert
