Folkemusikk logo
Logo

Torkjell Haugerud blir feira med jubileumskonsert i Seljord

Torkjell Haugerud var ein av dei sentrale hardingfelespelarane på første halvdel av 1900-talet. Denne helga blir 150-årsjubileet hans markert med konsert, kappleik og dansefest i Seljord.

Ein av dei store: Torkjell Haugerud sitt 150-årsjubileum blir markert i Seljord i helga. Foto: Arkivet til Spelemannsbladet.

Tekst: Redaksjonen

Fredag 18. september opnar Seljordkappleiken med jubileumskonserten «Torkjell Haugerud 150 år» på Granvin kulturhus.

Haugerud vart fødd i Bø i 1876 og byrja tidleg å spele hardingfele. Allereie som niåring spelte han i bryllaup, og som ung oppsøkte han spelemenn og læremeistrar fleire stader i landet. Blant dei viktigaste var Halvor Flatland og Knut Dahle, men han var også i kontakt med mellom andre kryllingen Vilhelm Sorteberg, Kjetil Håvardson frå Møsstrond, valdrisen Olav Moe og vestlandsspelemennene Ola Mosafinn og Sjur Helgeland.

Haugerud vart etter kvart ein sentral utøvar og formidlar av hardingfeletradisjonen i Bø og bygdene omkring. Han var samtidig ein stilskapande spelemann som bygde ut og varierte slåttene, og komponerte ei rekkje eigne slåttar. Mellom dei mest kjende er Huldregjenta, Tårån i troppin og Jørånnatten.

Frå kappleik til radioarkiv

Haugerud hevda seg i toppen på ei rekkje kappleikar og landskappleikar. Han var også notekyndig og skreiv ned eldre slåttar. Musikken hans vart dessutan dokumentert for ettertida. I 1935 gjorde han ei grammofoninnspeling for Sonora, medan det finst meir enn 200 opptak av Haugeruds spel i NRK-arkivet.

Haugerud hadde også ei sterk tilknyting til Seljord. Etter at han gifta seg med Bergit Sigurdsdotter Nes i 1903, flytta han til Seljord. Frå 1917 til 1947 var han organist i Seljord kyrkje. Han interesserte seg for klassisk musikk og lærte seg også å spele vanleg fiolin og orgel. På slutten av livet vart Haugerud ein viktig læremeister og ideal for yngre spelemenn både i Telemark og i andre hardingfeledistrikt.

Jubileumskonsert på Granvin

På jubileumskonserten fredag skal ni utøvarar løfte fram Haugeruds musikk og ettermæle gjennom hardingfele, fiolin, piano, munnharpe, kveding og forteljing.

På scena står Åse Teigland, Kjetil Bergheim, Vidar Ytre-Arne, Keith Griggs, Per Anders Buen Garnås, Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Anne Gravir Klykken, Glima og Knut Buen. Etter konserten held kvelden fram med dansefest i Gamlesalen.

Knut Buen er blant utøvarane ein får høyre på Haugerud-konserten. Foto: Seljord Folkemusikklag sine Facebook-sider.

Laurdag 19. september er det sjølve Seljordkappleiken som står på programmet. Då blir det tevling i spel, dans og kveding, før helga igjen blir avslutta med dansefest.

Her finn ein informasjon om korleis ein kan melde seg på kappleiken. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Med jubileumskonserten som start markerer Seljord folkemusikklag dermed både ein sentral spelemann i Telemarkshistoria og den levande tradisjonen som har gått vidare etter han.

Seljordkappleiken blir arrangert på Granvin kulturhus fredag 18. og laurdag 19. september.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024