

I samarbeid med Nasjonalbiblioteket er samtlege utgåver av Spelemannsbladet skanna og gjort tilgjengelege på bokhylla.no.

Spelemannsbladet er no nokre tastetrykk unna!
Kommentar av redaktør Kjellbjørn Karsrud
Spelemannsbladet har i år eit aldri så lite jubileum. 85 år har gått sidan den aller fyrste utgåva kom ut. Sidan den gongen kom det ut godt over 400 nummer før bladet skifta namn til Folkemusikk frå og med 2010.
Du finn alle blada på bokhylla.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
No er det ei glede for oss å kunne opne opp arkivet slik at alle med interesse for folkemusikk- og folkedanssoga kan leite fram ting av interesse. Mykje av stoffet har eit tidlaust preg, og totalt sett finst det nok ikkje maken til arkivsamling når det gjeld breidde både når det gjeld sjanger og geografi.

Framsida til det aller første Spelemannsbladet.
Dei største fordelane med at bladet er tilgjengeleggjorde digitalt ligg i at det er høve til å søkje opp personar, enkeltord eller emne og nokså fort finne fram i alt frå gamle kappleiksreferat, intervju og ikkje minst lesarinnlegg.
For oss som arbeider med folkemusikk og folkedans i dag, er dette også eit viktig kjeldemateriale. Spelemannsbladet dokumenterer ikkje berre sjølve musikken og dansen, men også miljøa rundt, organisasjonslivet, stridane, diskusjonane og menneska som har vore med på å forme feltet. Gjennom 85 år har bladet følgt utviklinga frå eit relativt smalt spelemannsblad til eit breitt kulturtidsskrift, og stoffet fortel dermed også mykje om korleis synet på tradisjonsmusikk og folkedans har endra seg.
Mange har meir eller mindre komplette samlingar av Spelemannsbladet heime, og det er ingen grunn til å kaste desse sjølv om innhaldet no er digitalisert. Originalblada har framleis verdi som kjeldemateriale og samlarobjekt. Me får jamleg førespurnadar frå folk som ønskjer å kjøpe eldre enkeltnummer eller heile samlingar. Samarbeidet vårt med Tekstallmenningen.no om laussal går berre tilbake til 2018, så om du vurderer å kvitte deg med ei samling, kan det vere lurt å høyre med interesserte i Facebook-forum som «Folkemusikk kjøp og salg», «Forum for hardingfele» og liknande.

Hilmar Alexandersen pryda 50-årsutgåva, som også var det første bladet med fargeframside.
I komande nummer kan du lesa intervju med ein av dei 13 som var redaktør for Spelemannsbladet – Trond-Ole Haug, i spalta «Tidlegare redaktørar ser tilbake». I hans tid vart det innført fargar i Spelemannsbladet. Dette skjedde i 50-årsjubileumsutgåva i 1991. Me er elles i ein prosess med å gå gjennom bildearkivet til Spelemannsbladet og på sikt gjera desse tilgjengelege. Dermed har dei av dykk med interesse for arkivbilde også mykje å sjå fram til det komande året.
Me håpar difor at mange vil ta turen inn i arkivet til Nasjonalbiblioteket. Kanskje finn du att ein spelemann frå heimbygda, eit gamalt intervju med ein musikar du kjenner, ein kappleik du sjølv var med på – eller noko heilt anna du ikkje visste at stod på trykk. Med det digitale arkivet er ein stor del av historia til norsk folkemusikk og folkedans berre nokre tastetrykk unna.

Framsida til det aller siste Spelemannsbladet.
Sist oppdatert
