

Når festivallaurdagen under Trondheim Kammermusikkfestival går mot slutten, inviterer TrondheimFOLK og Kamfest til dansekonsert, folkedans og jam på Dokkhuset.

Buss for tog: Husorkesteret på Riksscena består av Andreas Ljones, Inge Gjevre og Asgaut Bakken. Foto: Knut Utler.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Laurdag 26. september står trioen Buss for Tog klar til å lose publikum inn i dei seine nattetimane med drivande gammaldans og musikalsk feststemning.
Buss for Tog består av Andreas Ljones på fele, Inge Gjevre på torader og trekkspel, og Asgaut Bakken på gitar. Alle med solid erfaring frå både kappleiksscena, konsertscena og ei rekkje kjende folkemusikkprosjekt.
Etter konserten blir scena opna for festivaljam, og publikum blir oppmoda til å ta med eige instrument og vere med vidare når kvelden glir over i natt.
Leiar i TrondheimFOLK, Gusta Tronstad, gler seg over at samarbeidet med Kamfest held fram:
– Samarbeidet mellom TrondheimFOLK og Kamfest har etter kvart blitt ein fin tradisjon, der eit feststemt festivalpublikum får oppleve folkemusikk og folkedans i ulike former.
Ho meiner det er viktig at folkemusikken får ein naturleg plass også på ein kammermusikkfestival.
– Det er skikkeleg fint å sjå at Kamfest år etter år gir folkemusikken og folkedansen plass i programmet, og at dei også gir folk moglegheita til å kome seg ut på eit faktisk dansegolv. Vi ser gong på gong at folk tør å prøve seg, enten dei kan danse frå før eller aldri har gjort det. Og når dei først er ute på golvet, oppdagar mange at dette faktisk er skikkeleg gøy.
Tronstad lovar ei verdig avslutning på festivallaurdagen:
– Så når vi først skal avslutte festivallaurdagen, kan vi like gjerne gjere det skikkeleg. Buss for Tog sørgjer for gammaldans på skinner, og etterpå løyser vi bremsene og opnar for jam. Velkomen!
Dansekonserten med Buss for Tog går av stabelen på Dokkhuset i Trondheim laurdag 26. september klokka 22.00.
Sist oppdatert
