Folkemusikk logo
Logo

Reiste opp att minnesteinen til Gunnar Røstad

Rundt om kring i landet står det ei rekke statuar, gravstøtter og minnesteinar til heider og ære for viktige eldsjeler i folkemusikksoga, noko som også krev ein del vedlikehald. No er ein av dei sett i stand att, etter ein liten dugnad.

Røstad-entusiastar: Harald Knutsen og Turid Askjem tok nyleg ein liten dugnad for å få reist oppatt gravstøtta til den legendariske felemakaren. Foto: Privat.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Gunnar Røstad døydde i 1947 og er gravlagd på Vestre gravlund saman med kona Hilda. Han blir rekna som ein av dei viktigaste norske felemakarane på 1900-talet, og instrumenta hans er framleis høgt etterspurde.

Grus frå Setesdal: Harald Knutsen hadde teke med seg grus frå Setesdal som skulle nyttast til å støtte steinen. Foto: Privat.

Det var Harald Knutsen og Turid Askjem som hadde teke på seg arbeidet med å reise gravstøtta til Røstad oppatt. Knutsen hadde med seg grus frå Setesdal, noko han meiner har ein symbolsk verdi sidan Røstad hadde sterke band til Setesdal. Kjell Chr. Midtgaard har også teke på seg ansvaret for å måle opp att bokstavane på steinen, etter at han vart vaska av Turid Askjem og pynta med røslyng.

Gravsteinen hadde sige ned. Foto: Privat.

Minnesteinen har ei historie som går tilbake til dei første etterkrigsåra. På årsmøtet i Landslaget for Spelemenn i 1951 vart det gjort vedtak om å samle inn pengar til ein minnestein for Røstad. Arne Røine fekk ei sentral rolle i innsamlingsarbeidet.

Steinen blir reist oppatt. Foto: Privat.

Spelemannsbladet oppmoda seinare spelemannslag og andre folkemusikkinteresserte om å bidra. I november 1953 vart det arrangert ein fest i Oslo med Røstad-program, der overskotet skulle gå til minnesteinen. Det vart aldri noko av denne minnesteinen, men på 1980-talet vart LfS kontakta av slektningar i USA om dei kunne tenkje seg å ta over ansvaret for festing og stell av grava, der det står ei gravstøtte i naturstein.

Landslaget for Spelemenn (LfS) hadde ansvaret for grava fram til 2021. Då FolkOrg for nokre år sidan ønskte å avslutte dette engasjementet, tok Kjell Chr. Midtgaard, som skreiv biografien om Røstad, over ansvaret, og involverte etter kvart den laust samansette og uformelle Røstad-stiftelsen – ei gruppe Røstad-entusiastar.

Oppreist gravstøtte med Røstad-caps og Røstad-biografi. Foto: Privat.

– Me syntest det var for gale om gravstøtta til ein av landets fremste felemakarar skulle bli borte. Så det var ein ære å bli spurd om å få vera med og ha ansvaret. Me er ein gjeng på åtte–ni stykk som har teke ansvar for steinen, fortel Knutsen.

Førebels har dei spleisa på ein eingongssum for å oppretthalde gravstaden fem år framover. Grava ligg på Vestre gravlund ved Monolittvegen. Frå den vesle parkeringsplassen går ein om lag 20 meter langs ein stor hekk opp ein lang veg. Ein skal ikkje inn den første opninga i hekken, men den andre. Der står gravsteinen til minne om ein av dei store norske felemakarane.

– No er minnesmerket reist oppatt, så no er det berre å valfarte, oppmodar Knutsen med eit smil.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024