

Ragnhild Hemsing har lenge ønskt seg eit verk der ho kan kombinere hardingfela og den klassiske fiolinen framfor eit symfoniorkester. Torsdag 1. oktober får ho oppfylt ønsket når Bergen Filharmoniske Orkester urframfører Attmed, skrive spesielt for henne av komponisten Ørjan Matre.

Nyttar både hardingfela og fiolinen: Ragnhild Hemsing er solist på urframføringa av Ørjan Matres "Attmed". Foto: Kaupo Kikkas.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
– Eg har lenge ønskt meg eit verk der eg kan bruke heile meg som musikar. Eg har vakse opp med folkemusikken i Valdres og spelar samstundes klassisk fiolin på konsertscener internasjonalt. No får begge instrumenta plass i det same verket, seier Hemsing.
I Attmed vekslar Hemsing mellom hardingfele og fiolin. Dei to instrumenta har kvar sitt musikalske uttrykk, men møtest i eit samanhengande verk for solist og orkester.
Arbeidet med verket byrja i 2019, då Hemsing bestilte det av Ørjan Matre. Ho ønskte å bidra til å utvikle eit nytt repertoar for hardingfele og symfoniorkester.
Matre, som er huskomponist ved Bergen Filharmoniske Orkester, fekk sjølv ei innføring i hardingfela av Hemsing for å bli betre kjend med instrumentet og moglegheitene det har.
Komponisten skildrar Attmed som «to solokonsertar som ligg ved sida av kvarandre». Fiolindelane har eit romantisk preg, medan delar av hardingfelespelet byggjer på tradisjonelt slåttespel.
For Hemsing handlar bestillinga òg om å vere med på å utvide repertoaret for hardingfele.
– Hardingfela har eit enormt uttrykksrom, men svært få nye verk for solist og symfoniorkester. Eg ønskjer ikkje berre å spele musikken som allereie finst. Eg vil vere med på å skape repertoaret som kjem etter oss, seier ho.
Den komande urframføringa kjem kort tid etter ein annan milepåle i Hemsing sitt musikarliv. Søndag 27. september spelte ho hardingfele i Concertgebouw i Amsterdam saman med Württembergisches Kammerorchester Heilbronn. På programmet stod hennar eige Peer Gynt-prosjekt, som løftar fram folkemusikken bak musikken til Edvard Grieg.
– Det var ein stor milepåle for meg. Så vidt eg kjenner til, var det første gong nokon gong at ei hardingfele vart spela i Concertgebouw. Å få ta med instrumentet dit betydde mykje, fortel Hemsing.
Fire dagar seinare står ho på scena i Grieghallen med Bergen Filharmoniske Orkester. Det er eit orkester ho kjenner godt frå før. Som 14-åring debuterte ho der med Mendelssohns fiolinkonsert.
Denne gongen er det eit heilt nytt verk som står på programmet, med Hemsing som solist på både hardingfele og fiolin. Dirigent er Nicholas Collon.
Sist oppdatert
