Folkemusikk logo
Logo

Bolstadprisen til Oda Ovidt Bardal

Under Fjelljomfestivalen nyleg vart Bolstadprisen 2026 tildelt hardingfelespelaren Oda Ovidt Bardal frå Trondheim. Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut under festivalen sin konsert, og omfattar også diplom og den tradisjonelle Fjelljom-taburetten.

Oda Ovidt Bardal fekk Bolstad-prisen på Fjelljomfestivalen som gjekk av stabelen 19. september. Foto: Henta frå: folkemusikklaget.no

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Bolstadprisen er ei vidareføring av Emil Bolstads legat, og skal stimulere unge utøvarar som fører vidare tradisjonane innan folkemusikk og folkedans. Prisen vert forvalta av Spelemannslaget Fjelljom, og kan tildelast utøvarar frå heile landet.

Den 23 år gamle prisvinnaren har spelt fele sidan barneåra, og vart introdusert til folkemusikken gjennom Silje Sølvberg. Eit viktig haldepunkt i oppveksten var deltakinga på Mokurset gjennom fleire somrar. Sjølv om ho er busett i Trondheim, har ho vore medlem i Spelemannslaget Fjelljom sidan ho var 12 år gammal og delteke aktivt på kappleikar, festivalar og andre arrangement.

Bardal gjekk musikklinja ved Trondheim Katedralskole med fiolin som hovudinstrument, før ho studerte musikkvitskap ved NTNU. Der hadde ho hardingfele som hovudinstrument med Sturla Eide som lærar. Ho trekkjer også fram Arne M. Sølvberg som ein viktig tradisjonsberar og læremeister.

Ved sidan av folkemusikken har Bardal vore aktiv innan klassisk musikk. Ho har mellom anna delteke i talentutviklingsprogrammet Lørdagsskolen ved Trondheim kulturskole og vore med i Juniorsolistane til Trondheimsolistane. Ho har også kombinert interessa for spel med dans, og har vore danseinstruktør gjennom prosjekt i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

I studietida var ho med i Snaustrinda Spelemannslag ved Studentersamfundet i Trondheim, der ho i to år hadde rolla som musikalsk leiar. Dei siste åra har ho også markert seg som formidlar og instruktør. Ho deltok i Folkeleiar Ung i 2023–2024, var «vekas musikar» ved Ringve musikkmuseum sommaren 2024 og har vore kurshaldar på fleire TØFT-kurs.

I år debuterte Bardal i soloklassen på Landskappleiken på Hovden. Hausten 2026 tok ho også til i eit årsvikariat som distriktsmusikar på hardingfele i Sogn.

I grunngjevinga peikar styret for Bolstadprisen på den breie innsatsen hennar som spelekvinne, formidlar og tradisjonsberar, og understrekar at ho er ein verdig mottakar av årets pris.

Faktaboks: Bolstadprisen

  • Oppretta som vidareføring av Emil Bolstads legat
  • Skal stimulere unge utøvarar innan folkemusikk og folkedans
  • Forvaltast av Spelemannslaget Fjelljom
  • Vinnaren får 20 000 kroner, diplom og Fjelljom-taburetten
  • Tidlegare vinnarar er mellom andre Eli Fridtun Vereide, Åsmund Arnesen Farstad, Kristina Farstad Bjørdal, Emil Horstad, Hannah Moira Midtbø-Bruner, Hanne Kjøk, Synne Kjøk og Solveig Eide Grønningsæter.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024