Folkemusikk logo
Logo

Hekate nominert til ny musikkpris

Den nyoppretta TONO-prisen offentleggjorde i dag dei nominerte i kategoriane Nykommer og Edvard-prisen. Hekate kan sikre seg trofeet for gjennombrotsalbumet Evigheten forestår.

Hekate. Foto: Isa Holmgren/FolkOrg

Hekate er nominert til den nye TONO-prisen. Her frå Landskappleiken i 2024. Foto: Isa Holmgren/FolkOrg

Tekst: Redaksjonen/pressemelding

Folkesongarane Silje Risdal Liahagen, Malin Alander og Synnøve Brøndbo Plassen har begeistra publikum i og utanfor folkemusikkretsar med den særeigne slåttetrallinga si dei siste åra. I vinter var dei nominerte til Spellemann, og no er dei nominert til ein ny pris.

TONO-prisen er ny av året og er ei vidareføring av Edvard-prisen, som TONO har delt ut sidan 1998.

Med prisen skal TONO løfte fram musikkskaparar og aktørar som bidreg til at musikken deira når ut og skapar kunstnariske, kulturelle og kommersielle verdiar, skriv TONO i ei pressemelding.

I tillegg til nykommarprisen og Edvard-prisen, blir det også delt ut ein heiderspris og ein verdiskaparpris.

Om nykommarprisen skriv TONO følgjande: «Nykommarprisen blir delt ut til opphavarar eller musikkforlag som er tidleg i karriera, og har hatt eit gjennombrot det siste året. Kunstnarisk kvalitet, gjennomslag og synlegheit er nykkelord».

Utdelinga av prisen skjer 28. oktober på TONO-huset i Oslo.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024