Folkemusikk logo
Logo

Frå Peru til Noreg på gamle instrument

Trioen Tipp tipp, Tátara, Ur slepper i dag debutalbumet Vær så god, Bananer med Sjampó! På plata møter born og familiar songar, forteljingar og instrument frå ulike musikalske tradisjonar i Peru, Portugal, Tyskland og Noreg.

Tipp tipp, Tátara, Ur: Trioen slepper barneplate på Melovitten i dag: Foto: Luis Calmvidal.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Albumet tek utgangspunkt i tanken om at musikk kan fortelje historier om menneske, stader og kulturar. Gjennom ei rekkje tradisjonsinstrument og enkle forteljingar får lyttaren høyre korleis musikk har vandra mellom folk og kontinent gjennom fleire hundre år.

Bak trioen står Adrian Lara, David Cariano Timme og Victoria Oftestad. På albumet spelar dei mellom anna afroperuansk harpe, norsk bondeharpe, barokkgitar, charango, panfløyter, kalimba og quijada de burro – ei eselkjeve som blir brukt som rytmeinstrument. I tillegg nyttar dei lydkjelder som glasflasker og gresskar.

Prosjektet byggjer vidare på konsertframsyninga Gammelt er Gøy!, som trioen utvikla i samarbeid med DKS Viken i 2023. Sidan då har dei turnert for Den kulturelle skulesekken og spelt konsertar for skuleelevar fleire stader i landet.

Fakta

Album: Vær så god, Bananer med Sjampó!
Artist: Tipp tipp, Tátara, Ur
Plateselskap: Melovitten
Utgjevingsdato: 2. oktober 2026
Produsent: Jørund Fluge Samuelsen
Illustrasjonar: Estrellita Caracol

Albumet rommar både norske folketonar, portugisiske songar og musikk med røter i afroperuanske tradisjonar. Mellom spora finn ein mellom anna «Telebondemann», «Nattergalen», «Tarará» og «Tonada el Congo». Fleire av songane blir sette inn i ein historisk samanheng gjennom korte forteljingar og presentasjonar av instrumenta.

Platetittelen er henta frå ein afroperuansk rytmelek. I plateheftet skriv trioen at dei ønskjer å skape møte mellom musikalske tradisjonar frå ulike stader og tider, og å gjere eldre songar og instrument tilgjengelege for nye generasjonar av lyttarar.

Omslaget er laga av den argentinske collagekunstnaren Estrellita Caracol. Gjennom illustrasjonar av dyr, instrument og fantasifigurar vidarefører ho det leikne uttrykket som også pregar innhaldet på plata.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024