Folkemusikk logo
Logo

Minnepris til Guro Bell Berge

Guro Bell Berge frå Kvam fekk i helga Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris.

Guro Bell Berge. Foto: Arve Ullebø

Guro Bell Berge. Foto: Arve Ullebø

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Under Vestlandskappleiken på Skei i Jølster i helga, blei det laurdag kveld delt ut pris til Guro Bell Berge frå Kvam i Hardanger.

Guro har lært å spele hardingfele hos mora Arngunn Timenes Bell, i kulturskulen i Kvam og i Kvemmingen Spel og dansarlag. No går ho andre året på musikklinja på Voss Gymnas med hardingfele som instrument, der ho har Alexander Aga Røynstrand som lærar. I regi av Hardingfela.no er ho med på «Fordjuping på Vestlandet». På landskappleiken på Hovden sist sommar hevda Guro seg i toppen i C-klassa.

Dei siste to somrane har ho hatt sommarjobb med konsertar på Fartøyvernsenteret i Norheimsund i prosjektet Felefylje, som er i regi av Hardingfela.no og Hardanger og Voss museum. Ho opptrer ved mange høve og har også vore med på å undervise yngre felespelarar.

Juryen skriv at: "Prisvinnaren er svært lovande, dedikert og målretta og soleis ein verdig vinnar."

Målet med Audhild Falktveit Moxnes sin minnepris for unge utøvarar på hardingfele er å oppmuntre unge, lovande hardingfelespelarar på frå Vestlandet. Prisen er til minne om Audhild Faltveit Moxnes som var ein aktiv hardingfelespelar og som berre 17 år gammal omkom i ei trafikkulykke i Bergen i 2004. Prisen er på 20.000 kroner og har blitt delt ut sidan 2007.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024