Folkemusikk logo
Logo

Bjørn Aksdal samlar dei norske folkemusikkinstrumenta

Bjørn Aksdal har arbeidd med norske folkemusikkinstrument i fleire tiår. No samlar han kunnskapen om alt frå lur og bukkehorn til hardingfele, langeleik og munnharpe i ei ny bok.

Bjørn Aksdal er klar med ny bok om dei norske folkemusikkinstrumenta. Foto: Maren Elise Aksdal.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Bjørn Aksdal har gjennom eit langt forskarliv arbeidd med norske instrumenttradisjonar, både som musikkforskar, skribent, formidlar og utøvar. No er han aktuell med boka De norske folkemusikkinstrumentene, ei brei framstilling av instrumenta som har vore knytte til norsk folkemusikk frå eldre tid og fram til i dag.

Boka tek for seg både dei velkjende instrumenta og ein del av dei meir uvanlege. Her er eigne kapittel om mellom anna lur, bukkehorn, fløyter, klarinettar, munnharpe, langeleik og hardingfele, men også om bygdeharpe, lyrer, salmodikon, dreielire, hakkebrett, trommer, musikksag og kråkesmelle.

Bakgrunnen for boka er mellom anna at Fanitullen, læreboka Aksdal skreiv saman med Sven Nyhus i 1993, ikkje lenger er tilgjengeleg. Samstundes har ny forsking dei siste tiåra gitt meir kunnskap om fleire av instrumenta.

Eit langt arbeid med instrumenttradisjonane

Aksdal har tidlegare skrive eigne bøker og fagarbeid om fleire av instrumenttypane. I 2009 kom Hardingfela, som oppsummerte arbeidet hans med registrering og forsking på dei eldste hardingfelene. Han har også arbeidd mykje med langeleiken, mellom anna i samband med utstillinga Leve langeleiken! ved Ringve Museum i 1987 og seinare gjennom fagskriftet Musikk og Tradisjon og boka Langeleiken – heile Noregs instrument, som han skreiv saman med Elisabeth Kværne.

Arbeidet med dei eldre blåseinstrumenta har også vore ein viktig del av verksemda. I 1992 gav Ringve Museum ut Aksdals temahefte om meråkerklarinetten, og i 2009 spelte han inn plata Meråkerklarinetten saman med Geir Egil Larsen.

I sommar vart dette langvarige arbeidet også heidra av Norsk Lur- og Bukkehornlag. Under ein konsert på Tolga 25. juli vart Aksdal utnemnd til heidersmedlem i laget.

Bjørn Aksdal vart heidersmedlem i Norsk Lur- og Bukkehornlag i sommar. Foto: Norsk Lur- og Bukkehornlag.

I grunngivinga trekte laget fram Aksdals mangeårige arbeid for å dokumentere og formidle norske instrumenttradisjonar. Dei peikte mellom anna på at Aksdal gjennom ulike prosjekt har arbeidd med lur, bukkehorn, klarinettar og andre eldre blåseinstrument, og at han gjennom åra også har medverka til å skape ny interesse for instrumenta.

Aksdal var det fjerde heidersmedlemmet i Norsk Lur- og Bukkehornlag. Egil Storbekken var den første, då han fekk utmerkinga i 1998. Seinare fekk Leif Løchen og Geir Egil Larsen same heider. Og no nyleg Eilif Gundersen.

Frå gjeterinstrument til hardingfele

Den nye boka er breiare enn Aksdals tidlegare enkeltarbeid. Målet er å gi ei samla framstilling av dei norske folkemusikkinstrumenta, utan at framstillinga skal bli like fagleg omfattande som dei meir spesialiserte bøkene hans.

Boka er særleg tenkt som ei ressurs for utdanningsinstitusjonar som underviser i folkemusikk, men er også meint for interesserte lesarar utanfor fagmiljøet.

Aksdal arbeider i dag som uavhengig musikkforskar, skribent og forfattar. Han har tidlegare vore seniorforskar og musikkfagleg ansvarleg ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, og har også undervist ved Høgskulen i Telemark og Norges musikkhøgskole. Han har skrive ei lang rekkje fagartiklar og bøker og har produsert radioprogram for NRK.

Med De norske folkemusikkinstrumentene samlar han mykje av denne kunnskapen mellom to permar.

Boka kan bestillast her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024