Folkemusikk logo
Logo

Oslokappleiken går mot deltakarrekord

Over 240 individuelle deltakarar og 124 startnummer er påmelde til Oslokappleiken på Riksscena laurdag. Hardingfeleklassane står sterkt, samstundes som arrangøren gler seg over stor breidd i danseklassane.

Glimt frå Oslokappleiken 2024: Ulf-Arne Johannessen sparkar hatten, Vilde Westeng er hattehaldar og Alexander Røynstrand er spelemann. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Laurdag 10. oktober samlast folkemusikk- og folkedansmiljøet til Oslokappleiken på Riksscena i Oslo. Med over 240 individuelle deltakarar og 124 startnummer ligg årets arrangement an til å bli det største hittil.

Kappleiken blir arrangert av Oslofolk – Laget for folkemusikk, i samarbeid med Unge folkemusikere i Oslo (UFO) og Riksscena. Det blir tevla i spel, song og dans i både junior- og seniorklassar, med deltakarar frå hovudstaden og tilreisande frå andre delar av landet. Påmeldinga er så stor at fleire klassar er fullteikna.

Det blir ein travel dag for tevlingsnemnda for Oslokappleiken i morgon. Lene Furuli og arrangørane i OsloFolk kan sjå fram mot ny deltakarrekord. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

Mange dansepar påmelde

Oslokappleiken har tradisjonelt hatt stor deltaking i hardingfeleklassane, både i spel og dans. I år stiller heile 17 par i klassen dans hardingfele senior.

Arrangøren trekkjer òg fram breidda i klassen dans fele, der tradisjonar frå Røros, Østerdalen og Austlandet er representerte.

Publikum kan elles oppleve solistar på hardingfele, fele og trekkspel, i tillegg til songarar, dansepar og større grupper innan både spel og dans.

For dei yngste arrangerer Unge folkemusikere i Oslo ein eigen minikappleik for barn under 12 år.

Jubileum og kappleiksfest

Oslokappleiken går av stabelen same helga som Osterøy Spel- og Dansarlag markerer 50-årsjubileum med konsert på Riksscena fredag kveld. Laget er òg godt representert blant deltakarane på kappleiken laurdag.

Når tevlingane er over, held arrangementet fram med kappleiksfest frå klokka 19. Det blir dans i to salar, med musikk frå kappleiksdeltakarar og andre folkemusikarar. Festen varer fram til klokka 02.30.

Oslokappleiken er den største lokale kappleiken på Austlandet og ein årleg møteplass for folkemusikk- og folkedansmiljøet i hovudstaden og tilreisande utøvarar.

Program laurdag 10. oktober

  • Kl. 11–19: Kappleik på hovudscena og klubbscena
  • Kl. 13–14: Minikappleik i foajeen
  • Kl. 19–02.30: Kappleiksfest med dans i to salar

Sjå startliste og meir informasjon hos Riksscena Lenke til et annet nettsted..

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024