Folkemusikk logo
Logo

Seks Introfolk-prosjekt klare for konsert under Osafestivalen

Torsdag 22. oktober presenterer seks unge artistar prosjekta sine under Osafestivalen på Voss. Tre av prosjekta går vidare til finalen i Introfolk under Folkelarm i Oslo i november, der ein deltakar blir kåra til Årets unge utøvar 2026.

Suigard Foto: Kristoffer Dyblie Erdal, Hannah Moira og Ivar Foto: Thomas Westling, Magnhild Garnås Haugen Foto: Knut Utler, Vilde E. Westeng Foto: Knut Utler, Åsmund Farstad Foto: Anniken Klinge, Sindre Tronrud Foto: Isa Holmgren.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg for unge musikarar og dansarar. Målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk og folkedans og bidra til utviklinga av unge tradisjonsutøvarar som er i starten av ein profesjonell karriere.

Dei seks deltakarprosjekta i Introfolk 2026 har allereie vore samla i Oslo, der deltakarane har møtt mentorane sine og fått fagleg påfyll gjennom kurs og inspirasjonsføredrag. No går turen vidare til Voss. Her skal dei arbeide vidare med prosjekta sine, få mentoroppfølging og delta på kurs i bransjekunnskap.

Torsdag 22. oktober presenterer dei prosjekta sine for publikum i Osasalen under Osafestivalen. Ein jury vel deretter ut tre prosjekt som går vidare til finalen under Folkelarm i Oslo 19. november. Finalistane skal òg opptre på NRK-konserten under Folkelarm fredag 20. november. Konserten blir send på NRK TV på eit seinare tidspunkt.

Den som blir kåra til Årets unge utøvar 2026, får ein turné på speleplassar og festivalar rundt om i Noreg i 2027, i tillegg til eit individuelt tilrettelagt mentorprogram. Programmet kan mellom anna omfatte møte med bransjeaktørar, nettverksbygging og kunstnarleg utvikling.

– For FolkOrg handlar Introfolk om å gje unge talent ein sjanse til å ta steget vidare. Vi har utruleg mange dyktige unge folkemusikarar og folkedansarar i Noreg, og gjennom Introfolk ynskjer vi å gje nokre av dei eit ekstra løft. Det er ein ting å vere ein dyktig spelemann, songar eller dansar. Det er noko anna å skulle leve som utøvande kunstnar. Introfolk er eit utviklingsprogram som skal vere med på å gjere den overgangen litt enklare, seier dagleg leiar i FolkOrg, Aslak Brimi.

Seks prosjekt med ulik kunstnarleg profil

Introfolk 2026 består av Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal), Sindre Tronrud (Fagernes), Åsmund A. Farstad (Volda), Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm), Suigard (Bø i Telemark/Lom) og Vilde Ellegaard Westeng (Gransherad).

Deltakarane representerer ulike delar av folkemusikk- og folkedansfeltet, frå folkesong og slåttemusikk til nykomponert musikk og scenisk folkedans.

Magnhild Garnås Haugen er folkesongar frå Hjartdal i Telemark og studerer utøvande folkemusikk ved Noregs musikkhøgskule.

Foto: Knut Utler.

Sindre Tronrud er hardingfele- og felespelar frå Valdres, med base i Oslo. Han arbeider med eit soloprogram der slåttemusikken og historiene frå Valdres står sentralt.

Foto: Isa Holmgren.

Åsmund A. Farstad frå Volda arbeider med eldre folkemusikk frå Sunnmøre og Nordfjord. Han utforskar dei gamle tonane gjennom tradisjonsmateriale, improvisasjon og nye former.

Foto: Anniken Klinge.

Hannah Moira & Ivar er ein duo med fele/hardingfele og trekkspel. Dei arbeider med nykomponert folkemusikk, samspel, arrangement og dansedriv, og løftar òg fram slåttar som er mindre i bruk i dag.

Foto: Thomas Westling.

Suigard består av hardingfelespelar Sunniva Langås-Røiland frå Bø i Telemark og gitarist Vegard Hosarøygard frå Lom. Duoen tek utgangspunkt i norsk tradisjonsmusikk og hentar impulsar frå mellom anna keltisk og amerikansk folkemusikk, rock, jazz og blues.

Foto: Kristoffer Dyblie Erdal.

Vilde Ellegaard Westeng er folkedansar med røter i tradisjonane frå Telemark. I prosjektet sitt kombinerer ho dans med eigne tekstar og personlege forteljingar i ei scenisk form, og utforskar nye måtar å bruke folkedansen på.

Foto: Knut Utler.

Introfolk 2026 blir gjennomført av FolkOrg i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB og Talent Norge.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024