

Det norsk-svenske bandet Diket er 23. oktober ute med sitt første fullengdealbum, Diket i solen i diket. Med utgangspunkt i nordisk folkemusikk og andre sjangrar utforskar bandet kvardagsliv, kjærleikssorg og dei skiftande årstidene.
%20.webp)
Levina Storåkern og resten av gjengen i Diket kjem med fullengdes debutplate i morgon. Foto: Anne Marte Aure.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen.
Diket debuterte i 2024 med EP-en Och sen kom vintern, som vart nominert til den svenske musikkprisen Grammis. Utgjevinga fekk merksemd frå både kritikarar og musikarar, og sidan har bandet spelt konsertar på festivalar som Roskilde, by, Førdefestivalen, Osafestivalen og Trondheim Calling. Dei har òg vore oppvarmingsband for Lankum og Valkyrien Allstars.
På det nye albumet held Diket fram med å utvikle eit musikalsk uttrykk der nordisk folkemusikk møter indiepop, postrock og minimalistiske repetisjonar. Musikken er bygd opp rundt korte, hypnotiske motiv, dempa strengeinstrument, fele, bass, trommer og synthesizer.
Bandet har medlemmer med bakgrunn frå mellom andre Ævestaden, Benedikt, Hey Gloria og Låssa. Vokalist og tekstforfattar Levina Storåkern er òg kjend frå Ævestaden.
Tekstane på Diket i solen i diket krinsar rundt årstidene og dei små hendingane som kan romme store kjensler. Her finst fastelavnsbollar i januar, den skarpe vårsola, seinsommarens eingongsgrillar og novembermørkret som kjem før arbeidsdagen er over.
.jpg)
Gjennom kvardagslege situasjonar skriv Storåkern om einsemd, tilhøyrsle, kjærleik og økonomisk utryggleik. Oslo er eit tilbakevendande utgangspunkt for tekstane – ein dyr by å bu i, men òg staden der dikta og melodiane tek form.
Albumet kjem på det svenske plateselskapet Supertraditional, som òg har gjeve ut musikk av mellom andre Sara Parkman og Valkyrien Allstars.
Sleppkonserten finn stad på Parkteatret i Oslo 5. november, før bandet held fram med konsertar i Noreg og Sverige. Mellom anna står Viva Sounds i Göteborg på programmet.
Sist oppdatert
