Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Sigvald Rørlien

Under Osafestivalen i helga har blir tingingsverket Felemakaren framført for første gong. Felemakaren er Sigvald Rørlien, som i ein alder av 80 år framleis jobbar i verkstaden kvar dag og snart har laga 90 feler. Han er gjest i vekas fredagsprat.

Sigvald Rørlien i verkstaden. Foto: Per Finne

Sigvald Rørlien i verkstaden. Foto: Per Finne

Om Fredagspraten:

I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.

På søndag blir Osafestivalen avrunda med tingingsverket «Felemakaren», som er ei konserframsyning som handlar om livet i verkstaden til Sigvald Rørlien. Skodespelar Morten Svartveit og spelemann Alexander Aga Røynstrand har med seg eit stort knippe hardingfelespelarar til å vise fram livsløpet til ei hardingfele. Festivalen skriv sjølv om at dette er reisa: «frå granteet i skogen og trestykket som kjem inn i verkstaden, gjennom utføring, høvling, pussing, liming og montering, heilt til bogen møter strengene for første gong».

– Alexander Røynstrand og festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland fortalte meg om ideen. Eg er ikkje så involvert, men det er no flott, dei hin gjer jobben. Eg er ein sjuande far i huset og heng i eit posthorn på veggen, seier Sigvald Rørlien på telefon frå Voss nokre dagar før premiera.

Han fortel at han har fått meir og meir innblikk i arbeidet etter kvart som det har skride fram. Han har vore innom på Akademiet og snakka med festivalsjefen fleire gonger, og han har tett kontakt med Alexander Røynstrand. Dei andre kunstnarleg involverte i prosjektet, dramatikar Mari Hesjevoll og fotograf Per Finne har vore på verkstaden, og blant anna «tatt tusen bilde», som Rørlien sjølv seier.

– For meg er det ein kvardag. På verkstaden min er det folk heile tida, så det er ikkje noko nytt at det kjem folk innom, seier han.

I det som har blitt døypt Rørlien spelemannslag, skal opp mot 20 feler av Sigvald Rørlien spelast på. Og mange gode felespelarar i alle aldrar bidreg også på konserten. Felemakaren seier han er spent på å høyre alle felene saman, men Røynstrand har forsikra han om at felene lét ganske likt og at dei vil få ein fin samklang.

– Voss spelemannslag skal også vere med, og det er mange der også som har felene mine. Dette er første gong eg har blitt profet i eiga bygd. Det skal vere heilt umogleg, det. Men eg har jo laga veldig mykje no, så det er litt stas også sjølvsagt, seier Rørlien.

Han fortel at han ikkje var vanskeleg å be då spørsmålet om framsyninga kom opp.

– Eg seier aldri nei, eg, fortel han.

Den første fela laga Rørlien som 15-åring, men det var først mot slutten av 70-talet han starta for alvor. Frå rundt 1990 har han jobba som felemakar på heiltid. I 11 år, fram til 2004, jobba han ved Valdres folkemuseum.

– Dåverande rektor på Ole Bull Akademiet, Gunnar Stubseid, tok kontakt med meg og spurde kvifor eg jobba i Valdres når dei hadde bruk for meg her. Så då laga dei verkstad på akademiet, og så flytta eg tilbake, fortel Rørlien.

Nokre elevar har det blitt gjennom åra, mellom anna Ottar Kåsa og Bård Riise Hoel, som begge to bygger feler i kvart sitt hardingfeledistrikt i dag. Wiebke Lüders og Lukas Pawelka som jobbar som felemakarar på akademiet på Voss i dag, har også gått i lære hos Rørlien.

Sjølv arbeider han på verkstaden heime på Bulken, utanfor Voss.

– Der sit eg frå halv sju til halv tre kvar dag. Eg må starte før folk er oppe, for når klokka er ni byrjer det å kome folk. Jegerar, motorsykkelfolk og bilmekanikarar, fortel Sigvald.

– Det kjem stadig folk innom som vil skravle og lyge litt, og eg er lett å få med.

 

Sigvald Rørlien er inspirasjonen bak framsyninga Felemakaren som er tingingsverk til Osafestivalen. Foto: Per Finne

Sigvald Rørlien er inspirasjonen bak framsyninga Felemakaren som er tingingsverk til Osafestivalen i helga. Foto: Per Finne

Fakta:

Namn: Sigvald Rørlien

Fødd: 1946

Kjem frå: Dyrvedalen på Voss

Bur i: Dyrvedalen, i nærheita av fødestaden

Yrke: Felemakar

 – Kvifor spelar du?

Det er eit spørsmål som ikkje er så vanskeleg å svare på. Når du går tilbake til 70-80 år sidan, så var folkemusikk popmusikk, i alle fall i heimen min. Når Myklebust kom på, då var det stilt i stova.

Eg var dreng hos ein bonde, og der hang det ei fele på veggen. Eg bad han vise meg litt, og sidan har eg spelt. Det gjekk ikkje mange dagane før eg spelte betre enn han. Så slik har det gått. Fela var eit veldig spennande instrument, og eg tenkte eg kanskje kunne prøve å lage ei slik ei. Så eg var 15 år då eg laga den første.

– Kven er dei fremste læremeistrane dine?

Far til læremeisteren min, Eirik Røthe, var felemakar og hadde gått i lære hos Magnus Dagestad og hadde vore speleelev hos Ola Mosafinn. Sjølv kom eg ilag med Olav Viken, og eg fekk lære av Anders Aasen. Han var eg med frå 1978 til 1986. Etter det var eg med den svenske fiolinmakaen Hans Lisper. Han hadde så mange teoriar han fortalte meg om. Eg har brukt heile livet mitt fram til for 10 år sidan på å knekke dei kodane, men nå føler eg at eg har knekt dei. Nå får eg til noko me ikkje fekk til før.

– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?

Eg var jo på Landskappleiken i år. Eg har vore dommar på feleutstillinga i årevis, i lag med Kjell Midtgård. Men eg sa til han for nokre år sidan at no er me for gamle, nå må nye få lov å sleppe til. Så i år var eg der bare som turist. Men det var mykje fint å høyre, og sjå på utstillinga. Me har jo kommentarar til det me ser.

– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

Det trur eg ikkje eg hadde vilja. Det hadde vore for kjedeleg å bare høyre på ei.

Men om eg var nøydd... Eg er jo veldig glad i Leif Rygg. Så det er det som ligg nærast.

– Kva er det siste du har lese som omhandlar folkemusikk eller dans?

Eg sit med ei bok her som handlar om felebygging. Den ser eg i støtt og stadig. Det er ei hovudoppgåve som er laga over ein av dei søtrste fiolinmakarane me har hatt her, Odd B. Jacobsen i Trondheim. Det er Dagrun Gilberg som har skrive den. Eg les forskjellige ting, men det som interesserer meg mest er felemakariet.

– Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?

Eg er ikkje redd for at folkemusikken skal døy med oss, det er så mykje frisk ungdom i både dansen og spelet og ikkje minst songen. Om 20 år er det i alle fall ikkje verre.

Når det gjeld felemakariet, har eg jo hatt seks-åtte lærlingar. Og eg ser at både Ottar og Bård har fått lærlingar igjen. Så det ser ikkje ille ut. Eg trur me er berga i alle fall i ein mannsalder til.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024