Folkemusikk logo
Logo

Vegvisaren

Nokre personar viser veg. Dei trør opp stiar slik at det er trygt å gå etter, og blir slik eit førebilete. Ein av dei er spellmannen, dansaren, læraren og forfattaren Anders J. Reitan frå Ålen som 25. oktober 2026 fyller 90 år. Gjennom eit langt og innhaldsrikt liv har han lagt ned ein uvurderleg innsats for kulturlivet i Rørosdistriktet.

Anders J. Reitan på kappleikscena. Foto: Knut Utler.

Tekst: John Ole Morken

Den 23. april i 2025 tikkar ein sms inn. Klokka er 10.44 og meldinga er frå Anders J. Reitan. Saman med eit bilete av ein note følgjer også ein tekst: «Hei og go ættepåske. D kom nåen tona. Når du ha tia nån gång, kan du sjå ætte øm d e rett? Solskjæn og gover i Ålen. Hels!» På biletet står ein rykande fersk melodi, «Påsk-vals» i eit tostemt arrangement.

Anders J. Reitan i Ålen bygdemuseum. Foto: Kari Vårhus.

Slik har det vore lenge, og gjennom mange år har det blitt mange sms-ar, meldingar og e-postar mellom oss. Det er historier, notar, arrangement og bilete som blir delt, men også spørsmål om gamle ord og vendingar. Me diskuterer også bogestrøk i einskilde slåttar og nye slåttar som er laga.

Kvar gong eg ser at det er ein sms frå Anders, er det med stor forventning og nysgjerrigheit eg opnar meldinga. Har han laga ein ny lek, eller er det nokre nye strøk på ein gammal slått? For meg er det veldig inspirerande at ein mann som Anders, som har så lang fartstid, framleis leitar etter dei beste bogestrøka slik at dei gamle slåttane får si finaste form.

Det å leite etter den rette dåmen lærte eg tidleg då eg blei kjend med Anders. Eit kjært minne er frå ein vinterkveld rundt 1995. Heime hjå Anders spelar me slått etter slått der han leier an. Mellom slåttane fortel Anders historier om spellmenn og levd liv som eg prøver å hugse.

Anders J. Reitan i stova heime på Reitan. Foto: John Ole Morken.

Gjennom heile spelstunda merkar eg at Anders varierer bogestrøka når han spelar. Når han kjem til ein bestemt stad for andre gong i ein lek, går bogen litt annleis enn første gong. Før me går i gang med ein ny slått, viser Anders meg variasjonane han gjorde. For meg blir dette ei openberring, det å leite etter bogestrøk som kler slåtten: «Du kan gjør se so slik at det bli lite mere humør ti leka».

Med fela i ryggsekken går sparkturen heim frå Reitan gjennom Graftåsgrenda denne vinterkvelden fort. Med meg har eg mange nye slåttar og ikkje minst verdfull læring som har følgt meg sidan.

Anders er fødd den 25. oktober i 1936 på garden Jonasan i grenda Reitan i Ålen. Her voks han opp saman med faren Jonas, mora Ingeborg og besteforeldra Anders og Gjertrud. Jonasan var lik dei fleste gardar i bygda med hest, ku, høner, gris og sau. I tillegg til gardsdrifta arbeidde faren på gruva. Anders tok etter kvart over drifta på garden med kyr på båsen til hausten 1965 og dreiv med sau til 2003.

Anders i aksjon på kappleikscena på 1980-talet. Foto: privat.

Tida Anders voks opp i var ei blømingstid i Ålen. Spesielt på Graftås var det eit sterkt kulturliv med kor, musikklag, korps, idrettslag, ungdomslag og losje. Som dei fleste ungdommane i grenda blei Anders også involvert i kulturlivet. Det å engasjere seg har følgt Anders gjennom heile livet.

'Går ein i fotefara hans, blir ein mektig imponert over innsatsen han har lagt ned, og han var tidleg ute med å ta på seg verv. Noko av det første var då han sist på 1950- og først på 1960-talet var med i styret då det nye samfunnshuset på Graftås skulle byggjast. Samstundes var han formann i Idrettslaget Fyk.

Seinare var han med i Sør-Trøndelag kulturstyre og Ålen kulturstyre, der han var formann. I Ålen Røde Kors Hjelpekorps var han aktiv frå 1961 til 1985, og frå 1974 til 1986 var han sjukebilsjåfør. Han har også vore krinsdommar i hopp for Nord-Østerdal skikrets og Sør-Trøndelag skikrets.

Spelmannstund på 1960-talet i Finnlandsstøvet i Ålen. Frå venstre: Lars Djupdal, Hans Djupdal, Anders J. Reitan og Anders Grønli. Foto: privat.

Dei fleste frå Ålen kjenner Anders kanskje best som lærar, der han har vore adjunkt i ungdomsskulen og vidaregåande skule i regionen. Eg kjenner han best som spelmannen Anders. Allereie i barneåra blei Anders kjend med tradisjonsmusikken som hadde rike tradisjonar i bygda, og som liten fekk han ei leikefele som han spelte på. Songen til mora, som song seint og tidleg til arbeid og gjeremål, vekte også musikkinteressa til Anders.

Faren Jonas hadde spelt litt fele i unge år, og Anders sin onkel var Hans Haugen, som var son av den kjente meisterspellmannen Anders Haugen. I likskap med far sin var Hans aktiv i musikklivet, der han var dirigent, organist og ein innsamlar av lokal folkemusikk.

Av Hans fekk Anders lære om folkemusikktradisjonen i bygda, og fekk inngåande kunnskap om den store innsatsen for kulturlivet i bygda som Anders Haugen og far hans, Anders Jørgensen Reitan, gjorde – ein innsats som onkelen Hans og syskenbarnet Ragnar Haugen vidareførte.

Ålen Spellmannslag på Landskappleik på Røros i 1970. Frå venstre: Jostein Galaaen, Hans Djupdal, Anders J.Reitan, Ingebrigt H. Engan, Hans K. Kirkhus, Anders Grønli og Norvald Sundan. Foto: privat.

Det var som 16-åring at Anders tok til med fela, og faren Jonas var den som lærte han å stemme. Onkelen Hans lærte han notane. Det blei mykje eigenøving dei første åra, men etter kvart kom slått etter slått på repertoaret og det vart samspel med andre. På Graftås og i nabolaget på Reitan var det fleire aktive spelmenn, og her fekk Anders høyre lekar og slåttar som han seinare lærte på fela.

Nokre gonger var han på Haugen hjå faster Olava og onkelen Hans då Ålen Musikklag, som Hans dirigerte, øvde. I musikklaget spelte mange av dei beste spellmennene i Ålen, og her kunne Anders studere bogeteknikk og korleis ein skulle halde fela.

Ålen Spellmannslag på Landskappleik 2015 på Røros. Sitjande framme frå venstre: Jonas Reitan, Anna Reitan, Borghild Reitan, Åshild Reitan Solli og Oddmar Kjerrengvold. Bak frå venstre: John Ole Morken, Jørgen Nyrønning, Lillian Hegseth, Ingrid M. Hanem Nyrønning, Anna Lovise Reitan Solli, Bjørn Arild Gjersvold og Anders J. Reitan. Foto: privat.

I 1962 blei Ålen Spellmannslag, som i dag heiter Ålen Spell- og danselag, stifta, og Anders var ein av stiftarane. Framleis er han aktiv i laget, og kvar veke gjennom haust, vinter og vår i 64 år har Anders møtt opp på øving. Det har blitt mange leka spelt gjennom alle desse åra, både gamle og nye, og fleire av dei er signert Anders. Sidan midten av 1990-talet har Anders si dotter Borghild vore musikalsk leiar.

Spellmannslaget har vore ein viktig del av kulturlivet i regionen i alle år sidan oppstarten. Dei har stilt opp på lokale arrangement, og fleire gonger har dei stått som arrangør. Og skulle det forteljast noko frå scena, var Anders den naturlege formidlaren. Likeså når spellmannslaget stilte opp i radio. Med sikker og klar stemme på reinhekla ålbygg formidla Anders tradisjonane til bygda.

Martnasspelmenn. Framme frå venstre: Jostein Galaaen, Einar Galaaen og Anders J. Reitan. Bak frå venstre: Hans Djupdal, Arnulf Galaaen og Hans K. Kirkhus. Foto: Rørosmuseet.

Med spellmannslaget har Anders vore ein av dei fremste til å formidle kunnskapen om feletradisjonane frå Ålen. Først og fremst tradisjonane etter far og son Anders Haugen og Anders Jørgensen Reitan.

Som kappleiksdeltakar har spellmannslaget vore med sidan 1970 då Landskappleiken blei arrangert på Røros. Eit par år etter fekk Anders sin debut som solospelmann på kappleik. I 1972 blei distriktskappleiken arrangert i Ålen med Ålen Spellmannslag som arrangør, og Anders stilte opp i klasse B med blant anna polsen Ohyraleken i form etter Anders Haugen, der han hadde fått god hjelp av onkelen Hans i utforminga.

Åse og Anders på setra i Killingdalen. Foto: privat.

I 1981 blei Anders A-klassespelmann. NRK, som har vore til stades på dei fleste landskappleikar sidan 1949, har mange opptak av Anders. Lyttar ein til opptaka frå tevlingane på landskappleikane Anders har deltatt på, blir ein imponert. Her har han stilt opp med slåttar som krev sitt, og framføringane til Anders har vore stødige og gode. Sidan debuten i 1972 har det blitt mange tevlingar. Under Landskappleiken i 2013 vann han seniorklassen fele klasse D, og seinast i fjor, i 2025, stilte han opp på distriktskappleiken i Oslo.

Anders har også vore ein ivrig dansar, både i festleg lag og i konkurransar, og å danse lærte han på kjøkkengolvet heime. Polsdansen er eit av Anders sine hjartebarn, og han har mykje å fortelje om korleis dei eldre dansa polsen. I

1970 debuterte han som dansar på kappleiksscena. Eit av høgdepunkta som kappleiksdansar var i 1974, då han saman med Kirstina Finnland vann eliteklassen «dans klasse A» under Landskappleiken på Oppdal. Anders har også vore dansedomar på fleire lands-, distrikts- og fylkeskappleikar.

Åse og Anders. Foto: privat.

Forutan folkemusikken var Anders med i Ålen musikkorps frå 1962 til i 1988. Han var også med i Røros Strykeorkester og Øvre Gauldal / Røros / Nord-Østerdal symfoniorkester i fleire år.

Språk er også ei av dei sterke sidene til Anders. Mange i Ålen, men også på Røros, kjenner Anders som lærar, og fleire trekkjer han fram som ein fantastisk norsklærar. Bjørnson og Ibsen blei interessant då Anders fortalde og las med stor innleving. Fleire har også late seg begeistre av formidlinga hans der han har vore ein meisterleg tolkar av Johan Falkberget sine tekstar. Fleire hugsar opplesinga hans av Falkberget sin roman Bjørneskytteren i Nea Radio for ein del år tilbake. Han har ved større arrangement vore ein sjølvskriven kåsør og formidlar.

Anders som Gunvald i Tonje Glimmerdal. Foto? (Biletet stod i Arb.Rett den 31. oktober i 2014).

Personleg vil eg trekkje fram eit minne. Det var ein sein haustkveld. Vinteren stod for tur, og det var regn i lufta. Inne var det varmt og god stemning rundt stovebordet på Reitan. Det blei servert kaffi og kaker. Mens me sit og pratar om slåttar og om folk som har spelt gjennom tidene, spør Anders: «Vil dåkk e ska låsså nå åt dåkk?»

Alle nikkar bekreftande. Boka som det skal lesast frå ligg på bordet ved sidan av sofaen. Den blir bladd opp og forteljinga begynner. Rytmen, språket, innlevinga og formidlinga. Noko liknande hadde eg aldri opplevd før. Det var så nært og høgtideleg. Den kvelden oppdaga eg verknaden til eit enkelt ord. Rytmen i orda og setningane var så levande. Nokre gonger har eg tenkt etterpå at det er felespelaren Anders som leker med variasjonar når han fortel.

Anders var i mange år også småbrukar. Her på tur med vêren ein gong på 1950-talet. Foto: privat.

Mange har også hatt gleda av å lese det som Anders har skrive. Gjennom åra har det blitt mange tekstar som talar, historiske artiklar, jubileumsskriv, føredrag, kåseri, prologar og rim til fleire anledningar.

Godt vaksen debuterte han som forfattar, der romanen Birkebeinerferden er solid handverk med rot i lokal tradisjon.Seinare kom romanen Jernnetter i juli, om den svenske general Carl Sparres tokt mot grensebygdene i sørlege del av Trøndelag i 1678. Seinare var han medforfattar i boka Den store leken, Anders Haugen, Spellmann på Rørosvidda saman med Einar Gjærevold og underteikna.

Ålen musikkorps på 1. mai i 1974 oppme Jonasøm. Anders var i mange år aktiv i korpset der han spelte horn og fløyte. Foto: privat.

I tillegg til å vere spellmann og ha ein god penn, har Anders også ei anna sterk side. 78 år gammal hadde Anders sin debut som skodespelar ved Nord-Trøndelag Teater. Han spelte Gunnvald i Elisabeth Matheson si flotte dramatisering og oppsetjing av Maria Parr si Tonje Glimmerdal. Gjennom eit trettitall førestillingar i «bestefarrolla» lét publikum seg imponere over skodespelarprestasjonane hans.

Det må også nemnast at Anders held særs godt på ålbyggmålet, og han har for underteikna vore ein god rettleiar i å få alle bøyingar og kasus rett.

Anders leier an i skiløypa i Killingdalen med sine næraste. Foto: privat.

Anders har også ein stor produksjon av feleslåttar. I 1973 kom den første komposisjonen: polsen Kjellingdalsleken – inspirert av seterdalen Killingdalen der Jonasan har seter. Sidan har det gått i rykk og napp som han sjølv seier, men med åra har det blitt rundt 60 slåttar. Etter at Anders blei pensjonist, fekk han betre tid til felespel, og mange av komposisjonane har blitt til dei siste tiåra.

Slåttane han har laga er lette i tonen og artige å spele, og mange av dei har originale bogestrøk - noko som utfordrar utøvaren. Ein av dei første eg lærte meg av Anders sine slåttar var Jubileumsringlender. Den laga han i 1982 i anledning at H.M. Kong Olav hadde vore konge i 25 år. Spesielt er andre del morosam. Med sine raske triol-løp er den utfordrande for fingrar og boge.

Frå ei av mange spelstunder på Reitan. Foto: Åse Landstad Reitan.

I august i år kom det nok ein sms frå Anders. Saman med ein liten tekst kom eit bilete av ein note med ein helt ny slått. Anders hadde tidlegare på året funne fram den første fela han spelte på og fått sett henne i stand. Fela og låten i instrumentet lokka fram ringlenderen Gammelfela.

Når ein går i fotefara til den framleis aktive 90-åringen, kjem ein ikkje utanom Anders sin familie, og spesielt kona Åse. Åse, som er frå Sparbu og fødd Landstad, har vore ein viktig støttespelar. Ho har i likskap med Anders vore engasjert i kulturlivet i bygda, der ho har vore med i songkoret, saniteten og danselaget og har hatt fleire leiarverv som i skulekorpset og spel- og danselaget for å trekkje fram noko.

Anders seier også at hadde ikkje Åse vore ei klippe på heimebane, hadde han ikkje fått utretta så mykje. Slik har dei begge vore ei støtte for kvarandre. Dei har gitt mykje til bygda og bygdefolket gjennom sin mangeårige innsats. I tillegg til å dele felles interesse for song og musikk, har dei også delt interessa i yrkesval då begge er lærarar.

Anders og Åse med sine næraste. Framme frå venstre: Ingrid, Åse, Anders, Hans Idar og Borghild. Andre rekkje frå venstre: Mona, Jonas, Åshild, Kåre, Anna, Anders, Anna Lovise, Anders og Marit. Foto: Kari Kårhus.

Når ein spør dei kva som er drivkrafta bak det store engasjementet, svarar dei begge at å gi til andre har vore den store gleda. I likskap med det å dele interesser og samværet med gode vener og kollegaer.

For sin innsats for kulturlivet blei Anders belønna med Holtålen kommune sin kulturpris i 2013, og i 2016 fekk han Kongens fortjenstmedalje for sitt virke.

Interessa for folk og frivilligheit er noko dei har ført vidare til neste generasjon. Alle dei tre barna Ingrid, Borghild og Jonas har lagt ned mange timar for fellesskapet. Musikken og dansen har sjølvsagt stått sterkt, noko som også er ført vidare til barnebarna der alle har teke opp arven med felespel og dans.

For ein del år sidan, då sonen Jonas skulle liste opp noko av innsatsen til foreldra og spesielt Anders, skreiv han: «Da det vel blir for internt, har vi heller ikke skrevet opp noe om den innsatsen de har gjort for oss ungene som skitrener og hopptrener, felelærer og læremester i tradisjonshåndverk osv., selv om det var hovedbeskjeftigelse i mange år… Men det har i alle fall inspirert oss til å ta slike aktiviteter videre, og jeg tror vel også andre utenom nærmeste familie har fått merke det litt.» Som ven kan eg trygt seie at innsatsen og engasjementet til familien har vore til stor inspirasjon for underteikna og fleire.

Barn og barnebarn i aksjon under heiderskvelden som blei laga for Anders og Hans K. Kirkhus i 2016. Foto: Per Magne Moan.

Første gongen eg helsa på Anders hugsar eg ikkje, men eg trur det var då juniorspelmannslaget hadde øving før seniorene i Ålen Spellmannslag kom. Anders kom som regel litt før vi avslutta øvinga i juniorlaget for å høyre på. Nokre gonger blei han med og spelte. Noko av det eg hefta meg først ved, var fottrampen hans. Han brukte båe føtene då han trampa takten, noko eg iherdig prøvde å etterlikne då eg kom heim.

Det har blitt mange besøk heime hjå Anders og Åse med åra. Å kome dit er noko ein alltid ser fram til. Det blir alltid mykje speling og god prat. Nokre dagar etter eit besøk har eg ofte tenkt på kor mange slåttar me spelte. Sjølv om tida er knapp nokre gonger, har me støtt tid til å spele ein pols eller to. Nokre gonger er familien på besøk, og eg har hatt stor glede av å spele med Anders sine barn og barnebarn.

For nokre år sidan spelte me mange slåttar på ein dag. Den eine slåtten etter den andre kom reka på ei fjøl. Etter å ha spelt nærmare 25 polsar på rappen, blei me sittande litt stumme båe to. Me sa ikkje så mykje. Det var som me sat og tok inn ljomen av alle polsane. Etter ei stund sa Anders med eit godt glimt i auget: «Det her var artukt!» Smilande tok me opp felene igjen og stilte opp til ny pols.

Noko som også fascinerer meg med Anders er den fantastiske hugsen hans. Mange gonger har eg blitt imponert over kor godt han beskriv hendingar og kva folk sa, sjølv om det skjedde for lenge sidan. Han er ei berebjelke for kunnskap og tradisjon og har alltid eit svar om ein lurer på noko.

Barn og barnebarn i aksjon under heiderskvelden som blei laga for Anders og Hans K. Kirkhus i 2016. Frå venstre: Anders, Ingrid, Anders, Åshild, Anna, Kåre, Marit, Hans Idar, Anna Lovise, Jonas og Borghild. Foto: Per Magne Moan.

For nokre år sidan da eg skreiv ein master i folkemusikk, der Anders var min hovudkjelde. Mange gonger ringde eg og spurde om korleis ting heng saman, og eg kunde ofte ringje fleire gonger same dag. Alltid tok Anders seg tid og hadde gode svar.

Eit tilbakevendande tema for Anders og meg er ein type bogestrøk som helst blei nytta i eldre tid. Det er eit strøk som skiftar mellom taktslaga, og som ikkje er så mykje nytta i Rørosdistriktet lenger. Anders var merksam på desse strøka hjå onkelen Hans. Hans og broren Olav vart ein gong einige om å skrive ned to polsar på kvar sin kant slik dei hugsa far deira, Anders Haugen, spelte dei. Då dei skulle samanlikne, hadde dei notert heilt likt med dei same tonane og bogestrøka der dei skiftar mellom taktslaga.

Ein gong Anders vitja onkelen med fela, fekk han noten med desse nedteikningane. Anders forstod fort at dette var bogestrøk som ikkje vart nytta i bygda lenger, for ingen andre i bygda nytta dei.

I dei første åra eg vitja Anders for å lære slåttar, fekk eg lære desse polsane som Anders hadde fått hjå onkelen. Vi spekulerte begge på om denne måten å bruke bogen på var noko Anders Haugen berre nytta, eller om dei rett og slett hadde gått ut av bruk.

Masteroppgåva eg skreiv, handla om desse strøka. Og det skulle vise seg at då ein begynte å grave i arkiva og i eldre opptak og notenedteikningar frå Rørosdistriktet, var det mange som nytta dei i eldre tid.

Anders J. Reitan. Foto: Frå arkivet til Retten.

I dag er desse bogestrøka ein naturleg del av spelestilen i Ålen att, mykje takka vere Anders, men også dottera Borghild som har teke dei inn i spellmannslaget.

Å ha gløden og interessa gjennom eit langt liv er ikkje sjølvsagt, og nokre stunder i livet har vore tyngre enn andre. Også for Anders. Eit hardt slag for familien kom i januar i år. Då blei dei éin mindre då sonen Jonas døydde brått i skiløypa. Tonane frå fela til Anders stilna.

Ei tid etter dødsfallet stemde dottera Borghild opp fela til Anders. Låten var der framleis, og Anders og fela fann etter kvart saman att. Som Anders seier: Det er mykje trøyst i musikken.

Den 25. oktober i 2026 fyller du 90 år, Anders. Framleis vital som ein ungdom som utstrålar stor entusiasme og har ein iver som smittar. Dei som møter deg opplever det gode smilet, latteren, rausheita og ikkje minst glimtet i auget. Innsatsen din for folkemusikken i Ålen og i Rørosdistriktet er uvurderleg, og me er mange som takkar deg. Du er ein vegvisar. Te løkke me 90-årsdaga, Anders!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024