Folkemusikk logo
Logo

Ytring: Små midlar med stor kraft

Regjeringa foreslår eit kraftig kutt i tilskota til studieforbunda. Dette kan synest langt unna kvardagen til det lokale spel- og danselaget, eller korpset eller ho som kvar veke legg ned friviljug innsats i bygdekvinnelaget. Men det er grunn til å vere særs uroa over dette kuttet! Bak tala finn vi tusenvis av menneske som kvar veke møtest for å lære, skape og føre tradisjonar vidare.

Kristian Hanto og Aslak Brimi, høvesvis styreleiar og dagleg leiar i FolkOrg, er kritiske til kutta til studieforbunda. Foto: Live Visdal.

Ytring av:

Kristian Hanto, styrleiar i FolkOrg

Aslak Brimi, dagleg leiar i FolkOrg

Kvar veke møtest felespelarar på Loar skule i Lom til øving i spelemannslaget. Ein erfaren felespelar lærer bort ein slått som har gått i arv gjennom generasjonar. På Sangerhuset på Røros treffest Røros folkedanslag for å danse pols. Dei pratar om turar og steg, og vanskane med å danse til ein spesiell gammelpols. Kanskje er det ein ungdom som for fyrste gong får til dei vanskelege ristetaka, eller ein 60-åring som endeleg vågar seg ut på dansegolvet.

Dette er små hendingar i den store samanhengen. Men til saman utgjer dei ein heilt avgjerande del av det norske kulturlivet.

Dette er viktig kompetanseoverføring. Og små offentlege tilskot via studieforbunda gjer aktiviteten mogleg og som gjev viktig kompetanseheving for veldig mange.

Gjennom studieforbunda får lokale lag og organisasjonar støtte til kurs og opplæring. For FolkOrg og medlemslaga våre er det Musikkens studieforbund som er tilskotsforvaltaren.

Tilskota er sjeldan store. Dei dekkjer ikkje heile kostnaden ved å arrangere eit kurs. Og dei er ikkje meint å skulle gjere det heller. Tilskota er ofte akkurat det som skal til for å få økonomien til å gå rundt. Det vil seie å kunne betale ein instruktør, halde deltakaravgifta nede eller gjennomføre eit kurs som elles ikkje ville blitt noko av.

Resten blir gjerne finansiert gjennom medlemskontingentar og eigenbetaling. Og tiltaka er sjølvsagt heilt avhengige av den store friviljuge innsatsen som ligg bak alt saman.

Nettopp dette gjer ordninga med studieforbunda så verdifull: Ho utløyser langt meir aktivitet enn storleiken på tilskota skulle tilseie.

Dette er små midlar med stor kraft!

God stemning på øving i Hallinglaget. Foto: Sunniva Langås-Røiland.

Friviljug innsats treng oppmuntring og støtte

Det blir ofte snakka varmt om den breie friviljuge innsatsen i det norske samfunnet. Ho skaper aktivitet, fellesskap og møteplassar over heile landet. Men friviljug innsats oppstår ikkje av seg sjølv, og slett ikkje i vår moderne tid med minkande oppslutning i mange friviljuge organisasjonar.

Nokon må organisere kursa, finne lokale, engasjere instruktørar og sørge for at folk kan delta. Sjølv om mykje av arbeidet blir gjort på dugnad, kostar det pengar å skape gode aktivitetar.

For eit lite spel- og dansarlag kan nokre tusenlappar vere skilnaden mellom å arrangere eit kurs eller å la vere. Det kan vere skilnaden mellom å engasjere ein dyktig instruktør og å overlate opplæringa til tilfeldige initiativ. Det kan vere skilnaden mellom ei overkomeleg deltakaravgift og ein pris som blir ein barriere.

Det er lett å undervurdere verdien av slike små tilskot. Men ute i lokallaga er verdien særs konkret.

Livslang deltaking – livslang læring

Studieforbunda representerer noko spesielt i det norske utdanningssystemet: Dei gjer læring mogleg utanfor skulen og dei formelle utdanningsinstitusjonane.

I folkemusikken og folkedansen er dette særleg tydeleg. Her kan ein tolvåring og ein syttiåring vere deltakarar på det same kurset. Den eldste kan vere læremeister, men kan like gjerne lære noko nytt sjølv.

Dette er livslang læring i praksis.

Når ein ungdom lærer ein slått av ein eldre spelar, handlar det om meir enn å lære sjølve slåtten. Når eit danselag samlast til kurs, handlar det om meir enn å lære steg. Det handlar om samspel, fellesskap og gleda ved å meistre noko i lag. Dette er tradering.

I den nye boka Traderande blikk skriv Ingfrid Breie Nyhus at tradering er:

den utøvende handlingen der tradisjonsmateriale tas med fra fortid og videre inn i nåtid og fremtid. Det betyr overføring og viderebringing, samtidig som det innebærer å gå dypere inn i tradisjonen, å søke å forstå og kroppsliggjøre tradisjonens materiale, gjøremåter og holdninger; å gå i dialog med den gjennom ens ører og kropp.

Tradering er særs viktig i folkemusikken og folkedansen. Det er sjølve fundamentet. Og vi treng at denne type møteplassar, samspel og øvingar fortsatt vert anerkjent som læring og kompetanseheving.

Eit kutt som kostar meir enn det sparer

I framlegget til statsbudsjett for 2027 foreslår regjeringa å redusere løyvingane til studieforbunda med 37,2 millionar kroner samanlikna med 2026. Dette vil seie eit kutt på vel 18 %! Dette er heilt utruleg. Den varme støtta det friviljuge Noreg elles får i utsegner frå regjeringa blir tomme ord på ein slik bakgrunn.

Vi fryktar at konsekvensane blir færre kurs, høgare deltakaravgifter og mindre rom til å engasjere instruktørar. I 2025 blei det berre i FolkOrg sine lag utbetalt og omsett i aktivitet over 940 000 kr. Med kuttet no vil det kunne seie vel 170 000 mindre å rutte med for 2026. Før prisjustering.

Og det er ikkje berre folkemusikken og folkedansen som blir råka. Studieforbunda støttar opplæring innan ei lang rekkje friviljuge organisasjonar, frå kor og korps til handverk, organisasjonsarbeid og tilrettelagd aktivitet.

Når regjeringa kutter på desse ordningane, risikerer vi å miste langt meir enn sjølve tilskotssummen. Vi risikerer å miste aktivitet, kompetanse og møteplassar som det vil vere både vanskeleg og kostbart å byggje opp att.

Reverser kutta!

FolkOrg meiner at Stortinget må reversere det foreslåtte kuttet til studieforbunda.

Det handlar ikkje om å oppretthalde ei støtteordning berre fordi ho har eksistert lenge. Det handlar om å ta vare på ei ordning som gjer det mogleg for friviljuge organisasjonar å skape læring og aktivitet. I tillegg er ordninga midt i ei evaluering. Det framstår veldig rart å gjere eit stort kutt før evalueringa er gjennomført!

Vi treng sterke kulturinstitusjonar og utdanningstilbod og gode offentlege kultursatsingar. Men endå viktigare er grasrota, det som er av små kulturmøteplassar rundt om i bygd og by. Dette er arenaen for dei små kursa, dei lokale eldsjelene og møteplassane. Dette er der kunnskap blir delt mellom menneske i trygge og uformelle omgjevnader.

FolkOrg står for levande song, levande dans og levande spel. Møte mellom menneske og formidling av tradisjon. Kulturarven lever når fela og toradaren blir teken fram, når dansen går over golvet, og når nokon lærer vidare det dei sjølve ein gong fekk lære.

Denne traderinga – denne kunnskapsoverføringa – er det framleis verdt å investere i.

Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024