

Laurdag står ein heiderskonsert for spelemannen og kulturgründaren Øystein Ulen på programmet under Vågåtreffen. Frå torsdag kveld blir det òg buskspel, plateslepp, miljøspeling og dans frå to scener.
.jpg)
Arrangørane i Vågå Trekkspelklubb under Landsfestivalen i sommar inviterer til ny storhelg for gamaldansmusikk i heimbygda. Foto: Thomas Westling.
Tekst: Redaksjonen
Øystein Ulen har sett spor etter seg i gammaldansmiljøet både som spelemann, initiativtakar og arrangør. Laurdag 31. oktober blir han heidra med konserten «Øystein Ulen – i ord og tonar» i Vågåhallen, der ei rekkje musikarar skal bidra med musikk og forteljingar frå eit langt liv i folkemusikken.
Ulen har vunne Landsfestivalen i gammaldansmusikk fire gonger, starta Ulens kvintett og vore spelemannsnominert fleire gonger. Han stod òg bak ideen til teateroppsetjinga om Kristin Lavransdotter på Jørundgard og etablerte Dansefestivalen på Sel, som årleg har hatt over 20 000 besøkande.

Ulens kvintett i glansdagane då dei vann Landsfestivalen fire gonger før dei gav seg i 1993. Foto: Spelemannsbladet sitt arkiv.
Konserten tek til klokka 18.00, med Odd Arne Halaas som programleiar. Mellom deltakarane er Jon Faukstad, Mari Midtli, Sør-Fron spelemannslag, Vågå spelemannslag, Nyhus kvartett, Ulens kvintett, Nye Ringnesin og Henning Sommero. Også (Gamle) Grindstuen & Midtlis orkester, Leif Inge Schjølberg og Dag Gården, Henrik Ulen, Henning Grindstuen og Roger Slåstuen og Hallingdal kraftlag står på lista.
Vågåtreffen startar torsdag 29. oktober med gammaldanspub hos Liehjørna & Mr. Lie. Publikum er oppmoda til å ta med instrument og bli med på buskspel.
Fredag er over 200 frivillige frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk inviterte til dugnadsfest frå klokka 18.00. Klokka 20.30 blir det plateslepp og konsert med Nye Ringnesin, i samarbeid med Melovitten. Etterpå held dansespelinga fram i Vågåhallen og kulturhuset, med ei rekkje spelemannslag, grupper og enkeltmusikarar på scena.
Laurdag klokka 12.00 blir det miljøspeling på Vågåheimen med Kåre Holshagen og Monica Aune. Samstundes spelar Grindstuens orkester hos Vågå Handelsforening, medan Skultbakkalaget spelar på Andre Etasje klokka 13.00.
Etter heiderskonserten for Ulen held dansespelinga fram utover kvelden og natta, både i Vågåhallen og kulturhuset.
Vågåhallen
Kulturhuset
Vågåhallen
Kulturhuset
Sist oppdatert
