Folkemusikk logo
Logo

Nye Ringnesin gir ut si første plate på 27 år

Gammaldansgruppa Nye Ringnesin er tilbake med albumet «Ære», og slepper plata på Vågåtreffen i kveld. Det er den fjerde plateutgjevinga til gruppa, som vann Spellemannprisen i 1995.

Nye Ringnesin - her med dagens besetning, er ute med si fyrste plate på 27 år. Foto: Kari Margot Odnes.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Nye Ringnesin vart etablert i 1984 og markerte seg raskt med eit særprega samspel. Med røter i musikktradisjonen frå Ottadalen og Gudbrandsdalen vart gruppa ein viktig ambassadør for norsk dansemusikk gjennom 1980- og 90-talet. I 1995 vart innsatsen krona med Spellemannprisen.

No, 27 år etter førre plateutgjeving, kjem gruppa med sitt fjerde album, «Ære». Her står dei gode melodiane framleis i sentrum, med eit samspel som gruppa sjølv omtalar som «herlig ruskete». To trekkspel og to feler, med gitar og kontrabass som fundament, dannar den karakteristiske Ringnesin-klangen.

Nye Ringnesin under ein festival på 1990-talet. Bjørn Kåre Odde har kome inn på fele i staden for Ivar Odnes, som gjekk bort i 2018. Foto: Arkivet til Spelemannsbladet.

Albumet inneheld både valsar og reinlendarar, i tillegg til meir lyriske innslag med Reidar Svare som vokalist.

Les portrett av Nye Ringnesin i Folkemusikk 4/2024 som er å få kjøpt her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ein viktig inspirasjon bak utgjevinga er musikken etter trekkspelaren Oddvar Nygaard (1919–1985) frå Sør-Fron. Plata byr også på komposisjonar av mellom andre Roger Slåstuen og Vegar Vårdal, ein gammaldansversjon av Gjermund Haugens «Tjønneblomen» og visesong med tekstar av Ove Tidemansen og Dan Andersson.

Tittelen «Ære» har ei særskild tyding. Tittelsporet er komponert av Vegar Vårdal til minne om Ivar Odnes, som var med i Nye Ringnesin frå starten og gjekk bort i 2018. Albumet blir slik også ei helsing til dei som har vore med på å forme historia til gruppa.

Sjølv om mykje har skjedd sidan førre plate, er kjernen i Nye Ringnesin den same: levande dansemusikk med respekt for tradisjonen. «Ære» inneheld både eldre stoff og nye melodiar, og markerer eit nytt kapittel for gruppa.

Det er plateslepp under Vågåtreffen 30.10. Bjørn Kåre Odde har produsert plata, som er spelt inn på Rudi gard i januar 2026.

Nye Ringnesin består av: Øystein Rudi (fele), John Egil Odnes (trekkspel), Reidar Svare (song, fløyte, piano), Kjell Grothe (trekkspel), Bjørn Kåre Odde (fele, bratsj), Bjarne Odde (kontrabass) og Kåre Vennevik (gitar).

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024