Folkemusikk logo
Logo

Ytring: Vi skal ikkje berre byggje fleire senter, vi skal byggje eit sterkare økosystem for levande kulturarv

Kva skal eit regionalt senter for folkemusikk og folkedans vere? Skal vi sjå til jazzsentera og byggje vidare på ein etablert modell for profesjonell musikkverksemd? Eller treng folkemusikken og folkedansen ein annan type regional infrastruktur, som tek utgangspunkt i eigenarten til eit felt som både er kunst, kulturarv, kunnskap og levande sosial praksis?

Vil byggje sterkare økosystem for levande kulturarv: Tone Erlien Myrvold er leiar for forsking, formidling og utvikling ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff). Foto: Janne Pavlova.

Av Tone Erlien Myrvold, leiar for forsking, formidling og utvikling ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans (Sff).

Diskusjonen har gått i mange år. No har vi eit særleg godt høve til å løfte han vidare. Både stortingsmeldinga Kunstnarkår og NOU-en Musikklandet – Flerstemt musikkpolitikk for framtiden peikar på behovet for sterkare regionale strukturar. Samstundes gir UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven og Kulturdirektoratets strategi for immateriell kulturarv 2026–2031 eit større perspektiv på kva slike strukturar kan og bør vere.

Eg meiner vi må våge å tenkje breiare. Vi treng ikkje berre regionale senter som produserer konsertar og turnear. Vi treng fagmiljø og samarbeidsstrukturar som styrkjer heile økosystemet rundt folkemusikken og folkedansen.

Det handlar om å sjå samanhengane mellom tradisjonsberarar, lokale lag, profesjonelle utøvarar, arkiv, museum, kulturskular, skular, Den kulturelle skulesekken, arrangørar og forskingsmiljø. Og det handlar om å utvikle strukturar som gjer desse aktørane betre i stand til å arbeide saman, slik at kunnskap, praksis og tradisjonar kan leve vidare og utvikle seg.

"Det handlar om å sjå samanhengane mellom tradisjonsberarar, lokale lag, profesjonelle utøvarar, arkiv, museum, kulturskular, skular, Den kulturelle skulesekken, arrangørar og forskingsmiljø", skriv Erlien Myrvold. Foto: Janne Pavlova.

Eit felt som er meir enn ein musikkbransje

Folkemusikken og folkedansen har mykje til felles med andre kunstfelt, men også særtrekk som må få konsekvensar for korleis vi organiserer oss.

Ein profesjonell folkemusikar eller folkedansar kan samtidig vere tradisjonsberar, pedagog, instruktør og ein sentral ressurs i lokalsamfunnet. Eit spelemannslag eller danselag er ikkje berre ein frivillig arrangør, men ein viktig arena for kunnskapsoverføring mellom generasjonar. Mange profesjonelle utøvarar har vakse fram gjennom desse miljøa, lært av eldre tradisjonsberarar, delteke på kurs og kappleikar og seinare teke utdanning innan musikk og dans. Nokre vender tilbake som pedagogar, forskarar og kunstnarar. Denne sirkulasjonen av kunnskap er ein av dei største styrkane til feltet vårt.

Men han er også sårbar. Tradisjonsoverføring er ofte avhengig av enkeltpersonar, frivillig innsats og lokale initiativ. Når nøkkelpersonar sluttar, eller når institusjonane manglar ressursar til å følgje opp miljøa, kan viktige samanhengar bli brotne.

I det felles høyringssvaret til Musikklandet frå FolkOrg, Noregs Ungdomslag, Riksscenen og Sff løftar vi fram behovet for regionale knutepunkt som kan samle dei ulike delane av feltet.

Eg meiner den viktigaste oppgåva til eit regionalt senter ikkje nødvendigvis bør vere å produsere mest mogleg aktivitet sjølv, men å gjere det mogleg for fleire andre å skape, vidareføre og utvikle aktivitet. Det betyr ikkje at turnéverksemd og profesjonell produksjon er mindre viktig. Vi treng fleire speleoppdrag, betre arrangørnettverk og sterkare arbeidsvilkår for frilansande musikarar og dansarar. Men dette må inngå i ein større heilskap.

Vi kan lære av jazzsentera og dei regionale musikkstrukturane som har vakse fram gjennom fleire tiår, utan å kopiere modellane. Folkemusikken og folkedansen treng ein struktur som svarar på behova i vårt eige felt.

Arkiva er kulturarvsskapande institusjonar

Folkemusikkarkiva er ein avgjerande del av infrastrukturen vår. Dei forvaltar eit omfattande kunnskapsgrunnlag gjennom opptak, filmar, fotografi, notar og dokumentasjon av levande tradisjonar. Men arkiva er langt meir enn oppbevaringsstader for fortida.

I ein forskingsartikkel eg har skrive saman med kollegaene mine Marit og Flora, Folkemusikkarkiver som kulturarvsskapende institusjoner, undersøker vi korleis organiseringa og arbeidspraksisen ved norske folkemusikkarkiv påverkar kva tradisjonar som blir dokumenterte, formidla og vidareførte.

Gjennom intervju med arkivtilsette ved åtte norske folkemusikk- og joikearkiv finn vi store skilnader i organisering, ressursar og fagleg handlingsrom. Mange arkivtilsette arbeider åleine eller i små fagmiljø, og må kontinuerleg prioritere mellom innsamling, dokumentasjon, digitalisering, formidling og samarbeid med tradisjonsmiljøa.

Forskinga viser korleis desse prioriteringane får betydning for kva kulturarv som blir synleg, og korleis arkivmaterialet blir teke i bruk. Arkiva er dermed ikkje berre forvaltarar av kulturarv, men aktive deltakarar i prosessane som formar han. Eit sentralt perspektiv i artikkelen er korleis arkivaren i aukande grad får ei rolle som fasilitator: ein fagperson som koplar dokumentasjon og historisk materiale til levande praksis, undervisning, kunstnarisk utvikling og lokalsamfunn. Men dette krev både ressursar og samarbeid.

Arkiva kan ikkje åleine ta ansvar for alle forventningane til dokumentasjon, forsking, formidling og tradisjonsoverføring. Her ligg eit viktig argument for regionale samarbeidsstrukturar. Ved å knyte arkiva tettare til museum, kulturskular, frivillige lag og profesjonelle utøvarar kan vi både styrkje arkiva si samfunnsrolle og gi tradisjonsmiljøa betre tilgang til kunnskapen dei forvaltar.

Erfaringane våre frå Musea dansar, gjennom tolv år og samarbeid med rundt 30 museum, og det europeiske prosjektet Dance – ICH, viser korleis museum kan utviklast til aktive arenaer for deltaking, læring og samskaping. Musea kan vere møteplassar der tradisjonane ikkje berre blir presenterte, men praktiserte og vidareutvikla.

"Arkiva kan ikkje åleine ta ansvar for alle forventningane til dokumentasjon, forsking, formidling og tradisjonsoverføring", meiner Erlien Myrvold. Foto: Janne Pavlova.

Frå kulturarv til samfunnsutvikling

UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven frå 2003 gir oss eit viktig rammeverk for dette arbeidet. Konvensjonen handlar ikkje berre om dokumentasjon og bevaring, men om å leggje til rette for at menneske og fellesskap kan praktisere, overføre og utvikle kunnskapen sin.

I dei operasjonelle direktiva blir lokale kultur- og samfunnssenter, foreiningar, museum og arkiv løfta fram som viktige aktørar i dette arbeidet. Desse institusjonane kan bidra til kunnskapsoverføring, deltaking, dialog mellom generasjonar og vidareføring av levande kulturarv.

Kulturdirektoratets strategi for immateriell kulturarv 2026–2031 løftar også fram kulturarven si betydning for berekraftige lokalsamfunn, forsoning og beredskap, og musea si rolle i dette arbeidet. Dette er samfunnsoppgåver som krev samarbeid på tvers av sektorar.

Eit interessant perspektiv finn vi i arbeidet med handlingsplanen for Joikens heim og utviklinga av ein institusjonell heim for joik, slik også NOU-en drøftar. Her blir det arbeidd med korleis dokumentasjon, forsking, opplæring, formidling og kulturpolitisk arbeid kan sjåast i samanheng, og korleis eit overordna fagmiljø kan samarbeide med lokale og regionale møteplassar.

For joiken må slike strukturar byggje på samisk sjølvråderett og tradisjonsmiljøa sine eigne føresetnader. Men arbeidet reiser eit grunnleggjande spørsmål som også er relevant for folkemusikk- og folkedansfeltet elles: Korleis kan vi utvikle varige institusjonelle strukturar utan å flytte eigarskapen til kulturarven bort frå menneska som praktiserer og vidarefører han? Det er nettopp her eg meiner regionale senter kan ha ei særleg viktig rolle.

Kulturskulen, skulen og DKS må vere med

Dersom vi meiner alvor med rekruttering og vidareføring, må utdanningssektoren vere ein integrert del av den regionale infrastrukturen. I dag er det store geografiske skilnader i kva barn og unge får tilgang til av undervisning i folkemusikk og folkedans. Nokre stader finst sterke tradisjonsmiljø og godt samarbeid med kulturskulen. Andre stader er tilboda svake eller fråverande.

Eit regionalt senter bør kunne identifisere slike manglar og utvikle samarbeid mellom kulturskular, grunnskular, vidaregåande skular, DKS, arkiv, frivillige lag og profesjonelle utøvarar. Det kan handle om instruktørressursar, undervisningsmateriale, kompetanseheving for lærarar og betre tilgang til lokal tradisjonskunnskap.

Vi kan ikkje byggje ein berekraftig profesjonell folkemusikk- og folkedanssektor utan samtidig å investere i dei miljøa og læringsarenaene som utviklar framtidas fagfolk.

"I dag er det store geografiske skilnader i kva barn og unge får tilgang til av undervisning i folkemusikk og folkedans", skriv Erlien Myrvold. Foto: Janne Pavlova.

FLYT – ei nasjonal ramme for regional utvikling

Korleis kan vi så utvikle slike regionale økosystem utan å etablere ein ny nasjonal styringsstruktur som legg føringar for alle regionane?

Ved Sff arbeider vi no med å vidareutvikle erfaringane frå Bygda dansar og Dansespor gjennom FLYT – eit nasjonalt program for praksis, kunnskapsutvikling, vidareføring og formidling innan folkemusikk, folkedans og arkiv.

FLYT er tenkt som ei overordna arbeidsramme for Sffs faglege verksemd, der økonomiske verkemiddel, fagleg oppfølging, dokumentasjon, forsking, nettverk og formidling blir kopla saman. Programmet byggjer på ein enkel, men viktig tanke: Kunnskap skal ikkje berre gå frå nasjonale fagmiljø og ut til lokale prosjekt. Han skal også gå motsett veg. Gjennom søkbare prosjektmidlar, fagleg oppfølging, laboratoriearbeid og regionale samlingar ønskjer vi å støtte initiativ som tek utgangspunkt i lokale og regionale behov.

Samtidig skal erfaringane frå prosjekta kunne dokumenterast, undersøkast og utviklast vidare gjennom forsking, arkivarbeid og fagleg metodeutvikling. Denne kunnskapen skal så tilbake til feltet gjennom undervisningsressursar, metodiske verktøykasser, filmar, forskingspublikasjonar og digitale formidlingsressursar. Slik kan erfaringar frå eit samarbeid mellom eit lokalt danselag og ein kulturskule bli nyttige for andre regionar.

Eit museumsprosjekt kan gi metodar som andre museum kan prøve ut. Eit regionalt arkivprosjekt kan skape ny kunnskap om dokumentasjon og tradisjonsoverføring som kjem heile feltet til gode. Dette er ein kontinuerleg kunnskapssyklus mellom praksisfelt, arkiv, forsking, utdanning og formidling.

FLYT kan dermed bli eit konkret verkemiddel for Sffs rolle som nasjonal fagleg tilretteleggjar. Vi kan bidra med forskingsbasert kunnskap, arkivressursar, UNESCO-metodikk, fasiliteringskompetanse og nasjonale faglege nettverk, samtidig som dei lokale og regionale aktørane definerer behova, eig prosjekta og utviklar aktivitetane.

Målet er ikkje å byggje ein sentralisert organisasjon rundt alle regionale initiativ, men å bidra til at kunnskap, ressursar og erfaringar kan flyte mellom dei. Det er også ein måte å operasjonalisere Sffs rolle som rådgivande NGO til UNESCOs 2003-konvensjon på.

"Ved Sff arbeider vi no med å vidareutvikle erfaringane frå Bygda dansar og Dansespor gjennom FLYT", fortel Erlien Myrvold. Foto: Janne Pavlova.

Ulike regionar treng ulike løysingar

Noreg har ikkje eitt folkemusikk- og folkedansmiljø. Vi har mange, med ulike tradisjonar, institusjonar og føresetnader. Nokre regionar har etablerte folkemusikksenter, sterke festivalar og profesjonelle miljø. Andre har aktive frivillige lag, men få administrative ressursar. Nokre har museum og arkiv som kan vere naturlege samarbeidspartnarar, medan andre må byggje opp nye kontaktpunkt. Difor bør vi ikkje utvikle éin standardmodell som alle regionar skal tilpasse seg.

Eit regionalt senter kan vere ein sjølvstendig institusjon, eit partnarskap mellom organisasjonar, eit kompetansenettverk eller ein koordinerande funksjon knytt til eit eksisterande fagmiljø. Det avgjerande er ikkje kva organisasjonen heiter, men kva han gjer mogleg for andre.

I samtalane om sterkare samarbeid i Røros- og Nord-Østerdalsregionen er nettopp dette eit utgangspunkt: Kva treng dei eksisterande tradisjonsmiljøa, laga, arkiva, musea og kulturskulane for å utvikle meir aktivitet saman? Kanskje er det først og fremst ein koordinator som manglar. Ein person som kan samle aktørane, utvikle prosjekt, søkje finansiering og byggje samarbeid. Ein slik funksjon krev ikkje nødvendigvis ein ny institusjon, men han krev fagkompetanse, tillit og ressursar.

Og her må vi også diskutere finansiering. Det er ofte lettare å få støtte til ein produksjon eller eit tidsavgrensa prosjekt enn til den langsiktige koordineringa som gjer samarbeid mogleg. Men dette arbeidet er ikkje berre administrasjon. Det er fagleg utviklingsarbeid og ein føresetnad for varig aktivitet.

Vi treng finansieringsordningar som gir rom for regionale fagstillingar og koordinatorfunksjonar, og som stimulerer til samarbeid mellom frivilligheit, profesjonelt kunstliv, arkiv, museum og utdanning.

Frå fleire senter til eit sterkare felt

Diskusjonen om regionale senter handlar til slutt om kva slags folkemusikk- og folkedansfelt vi ønskjer oss i framtida. Vi treng fleire profesjonelle arbeidsplassar, produksjonar, konsertar og danseframsyningar. Men vi treng også fleire barn som får lære lokale tradisjonar, fleire møteplassar mellom generasjonar, meir aktiv bruk av arkiva, sterkare samarbeid med musea og betre koplingar mellom frivilligheit og utdanning.

Forskinga vår på folkemusikkarkiva viser korleis institusjonelle rammer, faglege prioriteringar og tilgang på ressursar påverkar kva tradisjonar som blir dokumenterte og synlege. Samtidig viser ho kor viktig samspelet mellom institusjonane og tradisjonsmiljøa er for at kulturarven skal kunne brukast, tolkast og vidareførast.

Dette perspektivet bør også liggje til grunn når vi utviklar den regionale infrastrukturen. Vi må starte med å spørje kva regionane treng, kva kunnskap og ressursar som allereie finst, og korleis vi kan få desse til å verke betre saman. Nasjonale institusjonar som Sff kan støtte denne utviklinga gjennom fagleg tilrettelegging, forsking, kunnskapsdeling og langsiktige program som FLYT.

Vi skal ikkje berre byggje fleire senter. Vi skal byggje eit sterkare økosystem for levande kulturarv.

Dette er ei ytring. Ytringa gjev uttrykk for skribentens haldning. Du kan sende inn kronikkar og debattinnlegg til redaksjon@folkemusikk.no

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024