Folkemusikk logo
Logo

Norsk Folkemusikkorkester debuterer på Hilmarfestivalen

Ti folkemusikarar frå ulike miljø og generasjonar samlar seg i det nye Norsk Folkemusikkorkester. Under Hilmarfestivalen i Steinkjer 5.–8. november står storensemblet på scena for aller første gong.

Jorun Marie Kvernberg, komponist og musikalsk leiar når Norsk Folkemusikkorkester har urframføring på Hilmarfestivalen i morgon. Foto: Hilmarfestivalen.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Torsdag 5. november startar årets Hilmarfestival i Steinkjer. Gjennom fire dagar skal festivalen by på konsertar, dans, møteplassar og arrangement som tek utgangspunkt i både lokal kulturarv og nye musikalske uttrykk.

Blant dei større musikalske satsingane er lanseringa av Norsk Folkemusikkorkester. Det nye storensemblet samlar ti folkemusikarar frå ulike miljø og generasjonar til eit langsiktig prosjekt. Under Hilmarfestivalen får orkesteret sin aller første konsert.

Jorunn Marie Kvernberg er komponist og musikalsk leiar for årets prosjekt. Ho har sett saman ei gruppe som kombinerer strykarar med vokal, trøorgel og rytmiske element som trampebrett og setesdalstramp.

Medverkande

  • Jorunn Marie Kvernberg, komponist og musikalsk leder, fele og hardingfele
  • Gjermund Larsen, fele, hardingfele og bratsj
  • Ellen Brekken, kontrabass
  • Frida Hele Hatli, fele og hardingfele
  • Anders Löfberg, cello
  • Erlend Viken, fele og hardingfele
  • Bjørn Kåre Odde, bratsj
  • Ronny Kjøsen, trøorgel og tangetar
  • Vera Sonne, sang
  • Inger Hannisdal , fele og hardingfele

Tanken bak orkesteret er å etablere ein langsiktig møteplass for folkemusikarar, der både besetning, komponistar og kunstnarlege leiarar kan skifte frå prosjekt til prosjekt. Målet er å utforske nye klanglege og kunstnarlege moglegheiter for folkemusikken, mellom anna gjennom større ensembleformat.

Gamle notar får nytt liv

Laurdag 7. november er det klart for urpremiere og lanseringskonsert med Tveklang. Duoen frå Snåsa består av tvillingsøstrene Anne og Åse Våg Aaknes, som dei siste åra har arbeidd med ei omfattande notesamling etter spelemannen og sambygdingen Mikal Mosbro (1886–1976).

Notesamlinga inneheld materiale med røter fleire hundre år tilbake i tid og representerer ein rik musikalsk arv frå Snåsa og Trøndelag. Gjennom duoen Tveklang får melodiane nytt liv i arrangement og tolkingar der søstrene vekslar mellom fele, bratsj, nøkkelharpe, mandolin og vokal.

Begge musikarane har utdanning frå NTNU og brei erfaring frå det profesjonelle musikklivet, mellom anna som medlemmer av TrondheimSolistene. I Tveklang møtest bakgrunnen deira frå klassisk musikk og folkemusikk, med utgangspunkt i oppveksten i det rike musikklivet på Snåsa.

Konserten i Elvesalen på Steinkjer kulturhus laurdag klokka 18.30 blir både ei musikalsk framføring og ei forteljing om materialet og menneska bak det.

Tveklang er ein folkemusikkduo som består av Anne og Åse Våg Aaknes frå Snåsa.

Møte mellom norsk folkemusikk og Mexico

Festivalen byr òg på fleire møte mellom ulike musikalske tradisjonar. Torsdag 5. november møter årets folkemusikar Ingrid Lingaas Fossum musikarar frå Mexico i eit samarbeid med utgangspunkt i norsk folkemusikk og son jarocho frå Veracruz.

Gjennom song, dans, perkusjon og strengeinstrument skal musikarane utforske likskapar og skilnader mellom tradisjonane. Konserten går føre seg i foajeen på Steinkjer kulturhus klokka 16.00.

Dagen etter, fredag 6. november, er det Ronny Kjøsen og Trio no Treble som står på scena i den same konsertserien. Her blir folkemusikken sett saman med jazz og rytmisk driv.

Seinare fredag kveld står Pumpegris på programmet. Med Vera Sonne i front blandar bandet kveding og rap med mellom anna fuzzgitar, funk og shoegaze. Etter konserten held festen fram med NattFolk i Elvesalen.

Folkemusikken som møteplass

Hilmarfestivalen handlar også om meir enn konsertar. Laurdag 7. november inviterer festivalen til Mangfaldsfest i samarbeid med Dialogforum i Rådet for personar med funksjonsnedsetjing, inkludering og mangfald. Her blir det dans frå mellom anna Noreg, Eritrea, Colombia, Balkan, Thailand og Filippinane, i tillegg til dansekurs, forteljingar og opptredenar frå Fargespill Steinkjer.

Festivalen markerer også 20 år som del av Stiftinga Hilmar Alexandersen med Hilmars Trønderske Gjestebod. Her blir lokal matkultur løfta fram gjennom ei lysvandring som endar ved eit langbord med smaksprøver frå trønderske matprodusentar.

Gjennom FolkArkiv-prosjektet skal festivalen og samarbeidspartnarane dessutan arbeide vidare med å kartleggje folkemusikk- og folkedansaktiviteten i Trøndelag. Målet er å få oversikt over kva som skjer rundt om i regionen, og kva behov og moglegheiter miljøa sjølve ser.

Hilmarfestivalen går føre seg i Steinkjer 5.–8. november 2026.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024