-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Vellykka Blømingsfestival i Kinsarvik
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51
Kappleik
Nytt dommarskjema for vokal
FolkOrg og kvedarforum arrangerte eit kvedarseminar 21. februar 2010 der stil var eit sentralt tema. FolkOrg vart da oppmoda om å revidere dommarskjema i vokal folkemusikk. Styret i FolkOrg valde på bakgrunn av dette å sette ned ei arbeidsgruppe med mandat til å lage eit utkast til nytt dommarskjema.
Arbeidsgruppa vart sett saman av Solbjørg Tveiten, Ingrid Gjertsen, Kari Lønnestad og Stian Roland. Gruppa har hatt to møte; 19. august og 8. oktober 2010, og dei endringane som vart gjort var:
- Den folkelege syngjestilen skal ligge til grunn for dømminga.
- Endringar i omgrepa innafor musikalsk innhald og teknisk dugleik.
- Rettleiingsteksten er gjort kortare og mindre detaljert.
Arbeidsgruppa kom med framlegg om utkast til eit nytt domarskjema til AU i FolkOrg 19/10 2010. FolkOrg sendte etter dette utkastet til Kvedarforum. Det vart òg lagt ut på www.folkemusikk.no for innspel. Høyringsfrist for skjemaet var 1. desember.
Det nye skjemaet var prøvd ut på fylkeskappleiken Oslokappleiken 13. november 2010. Gruppa hadde eit siste møte der dei gjekk gjennom innspel frå høyringa og Oslokappleiken. Skjemaet vart endeleg godkjent på styremøte i FolkOrg 22. mars.











