Hjem > Artikkel

KAPPLEIK

Nytt tevlingsreglement

Foto | Frode Rolandsgard

Foto | Frode Rolandsgard

Styret i Folkemusikk og folkedansorganisasjonen har vedteke eit revidert reglement for alle tevlingar i regi av organisasjonen. Her kan du lese reglementet i sin heilskap og ei forklaring til dei endringane som er gjort.

Fram til og med 2009 hadde Landskappleiken (og andre  kappleikar innafor organisasjonen) og Landsfestivalen kvart sitt reglement. Til NM i folkemusikk i 2009 vart det utforma eit eige reglement. Med erfaring frå tidlegare regelverk, NM i folkemusikk og evalueringa etter NM, har styret nå revidert heile tevlingsregelverket.

Dette er eit felles reglement for alle tevlingar med

A) ein generell allmenn del
B) reglar gjeldande spesifikt for Landskappleiken (NM i folkemusikk og folkedans)
C) reglar gjeldande spesifikt for Landsfestivalen (NM i gammaldansmusikk)

Reglementet bygger stort sett på dei som gjaldt tidlegare. Reglane for inhabilitet er no tatt inn i reglementet, utan at habilitetsreglane er endra. Reglementet har også fått ei ny presisering av ansvarsforholdet mellom sentral arrangør og lokale arrangørar. Vi vil også utarbeide ei rettleiing for lokale arrangørar slik at dei veit kva for saker dei må ta stilling til før dei arrangerer ei tevling.

Vi vil her gå gjennom endringane i regelverket.
 

Utøvarane

Alle deltakarane på tevlingar må vere medlemmer i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen. Dette er eit nytt krav når det gjeld Landsfestivalen slik at ein får likebehandling mellom dei to festivalane.

Deltakarane betaler same deltakaravgift anten dei deltar i lagdans, lagspel, grupper, open klasse eller individuell tevling. Dette er ny praksis for Landsfestivalen, men ikkje for Landskappleiken. På Landsfestivalen har grupper og open klasse betalt ein fast pris uavhengig av talet på  deltakarar i gruppa. Styret ønskjer også her likebehandling av dei to arrangementa.

Synleg rusa utøvarar blir nekta å delta. Dette har også vore praksis tidlegare, men punktet har ikkje stått i reglementet tidlegare.

Juniorar kan stille i klasse senior om dei ønskjer det, men dei kan ikkje stille i begge klassar m/unntak av lagdans og lagspel. Dette er eit nytt punkt. Dei beste juniorane har eit nivå som klart matchar seniorklassane. For desse gir det langt større motivasjon å måle seg mot dei eldre. Også tidlegare har juniorar stilt opp i seniorklassen. Enkelte har kvalifisert seg til kl A før dei har vorte seniorar. For arrangørane er det også svært vanskeleg å halde greie på alderen til kvar enkelt utøvar.
 

Tevling

Tevlingsnummer på tevlingar i regi av Folkemusikk og folkedansorganisasjonen skal vere folkemusikk som har vore i tradisjonell bruk i Noreg, eller som er laga av norske komponistar i tradisjonell stil.
Før sto det at tevlingsnummer på kappleik (og Landsfestivalen) er dei respektive eldste tradisjonane i kvart distrikt. Dette er ei lita omskriving av den definisjonen som gjaldt tidlegare utan at det skal gje endringar i praksis. Repertoaret for kappleik og landsfestivalen er samla i ei setning. Denne formuleringa må sjåast i samanheng med punkt 11 og 16 i reglementet som gir ei klar avgrensing på kva utøvarane bør prioritere på dei ulike festivalane.

I lagspel skal fele og/eller hardingfele vere berande instrument, men utover dette er det ingen avgrensingar i type instrument. På Landsfestivalen har dette vore praksis, men ikkje på kappleik der lagspelet med få unntak har vore for reine fele-/hardingfelelag. I nokre distrikt kunne ein i tillegg ha med klarinett, eller sitter. Regelen vil gi rom for meir spennande instrumentsamansetningar også i lagspel på Landskappleik og vil slik sett kunne gi ei musikalsk utvikling. Regelen gir vidare rom for at alle medlemmene i lokale lag, uavhengig av kva for instrument dei spelar, kan vere med og øve i laget fram mot kappleikdeltaking. Grunngjevinga har dermed både ei musikalsk side og ein klar motivasjonsfaktor i tråd med korleis stoa er rundt om i folkemusikk-Noreg.
 

Klasseinndeling på kappleik

Etter at NM i folkemusikk berre hadde inndeling i senior- og juniorklassar går no styret tilbake til det gamle systemet med inndeling i A, B, C og D-klassar.
 

Dømming

Kvar tevlingsgrein blir dømd av tre dommarar. Dette er eit nytt punkt når det gjeld Landsfestivalen. Med unntak av solo toradar har alle klassane vore dømd av 4 dommarar ( frå starten med 5 dommarar). Bl.a. ut frå erfaringane frå NM i folkemusikk 2009 er det uproblematisk med dommarkollegium på 3 – også når det gjeld klassane på Landsfestivalen. Argumentasjonen har også ei økonomisk side for arrangøren, færre dommar gir mindre utgifter.
 

Finalar

Styret presiserer at det i prinsippet kan vere finalar i alle klassar og finalane kan med dette kan variere frå år til år, men klassen må minimum ha 7 deltakarar for at det skal arrangerast finale. Finalespel er ein viktig ekstra motivasjonsfaktor. Under NM på Geilo vart det prøvd med finale i dans – med stor suksess. Spørjeundersøkinga frå arrangementet gav eit overveldande ønskje om finale i fleire klassar.

Det er elles presisert at det er to typar finale; dansefinale kor publikum dansar og konsertfinale kor publikum sit.

For kvar festival/kappleik vil lokal arrangør i samråd med styret i Folkemusikk og folkedansorganisasjonen avgjere kva for klassar det skal vere finalar i. Dette er eit godt høve for lokale arrangørar til å setje sitt eige preg på festivalen.

Styret presiserer også at ingen tar med seg poengsummen frå kvalifiseringa til finalen. Dette vil vere ein ny praksis i nokre finalar.
 

Premiering

Open klasse skal ha maks 20 startnummer (grensa er auka frå 15 til 20). Styret presiserer at ein eigen jury skal avgjere kven som får delta  om påmeldinga overstig maksgrensa.

Ingen deltakarar har krav på munnlege, eller skriftlege kommentarar utover poengsum og rangering.
Dette er ei endring frå tidlegare der det heitte at juniorane hadde krav på munnleg kommentar. Det har vore  sett store spørsmålsteikn ved den pedagogiske nytta av kommentarar til utøvarane. Sjølv om det alltid har vore presisert at kommentarar berre skal vere positivt vinkla og inspirere utøvarane til vidare øving, er det nok av eksempel på at kommentarar har hatt den motsette effekten. I den grad utøvarane får motstridande tilbakemeldingar frå dommarane i forhold til det dei får frå foreldre/instruktørar, vil dei alltid stole mest på dei sistnemnde. Praksis har hatt like så mange vanskelege som gode sider ved seg og styret vel no å seie at ingen har krav på munnlege eller skriftlege kommentarar.

Juniorar skal få plassering, men ikkje poeng. Ein har hatt ein så å seie konstant debatt for eller imot poengsummar på resultatlistene. Enkelte periodar har poengsummane vore borte frå resultatlistene i alle klassar. Listene har berre rangert utøvarane. Problemet med poengsummar er at utøvarane brukar dei på ein ureflektert måte, både når det gjeld samanlikninga av prestasjonane internt i eigen klasse, og også frå år til år. Poengsummar er rett og slett berre eit praktisk verktøy for dommarane til å rangere ei liste og seier lite om det interne nivået i klassen.

Spesielt i juniorklassane bør motivasjonsfaktoren vere noko anna enn å samanlikne poengsummar - sjølv om vi veit at dei unge har eit relativt sterkt konkurranseinstinkt. Under NM på Geilo fekk berre dei 3 beste juniorane plassiffer og poengsum. Dei andre vart ikkje rangert og sto i alfabetisk rekkefølgje. Spørjeundersøkinga og kommentarane i samband med NM ga kraftige reaksjonar på at plasseringa vart kutta. Difor er plassiffer teke inn att i reglementet.

For seniorklassene avgjer lokal arrangør om det skal vere deltakarpremie. Tidlegare skulle alle deltakarane ha deltakarpremie. Deltakarpremie er ein svært stor utgiftspost på arrangementsbudsjett sett i forhold til ”gjenstanden” sin verdi  for dei som får han. Styret gir eit signal til lokale arrangørar om at det ikkje er noko pålegg om store utgifter til deltakarpremie. Lokale arrangørar kan likevel velje å ha ein slik premie.
 

Klasseinndeling på landskappleik

Dei eigne klassane for gruppespel på fele, hardingfele og eldre folkemusikkinstrument er slått saman til ei fellesklasse på Landskappeiken. Eigne klassar for lagspel i fele og hardingfele er også slått saman til ei fellesklasse. Kravet om laget som skal delta i lagspel i seg sjølv må vere medlem i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen er også tatt bort.

Gruppespelet på Landskappleiken har dei siste åra fått stadig færre deltakarar. Ein ser ikkje spesielle musikalske grunnar for at desse klassane skal vere skilde. Ei fellesklasse bør gi større motivasjon for deltakarane. Samanslåinga av klassane er også ein praktisk reduksjon av det svært store talet klassar på Landskappleiken. Det blir enklare å sy i hop tevlingsprogrammet. Positive erfaringar frå NM på Geilo ligg også til grunn for samanslåinga av gruppespelklassane og lagspelklassane.
 

Dansespelprisar

På Landskappleiken skal det vere faste dansespelprisar for både dans til fele og dans til hardingfele. Det er dansedommarane som deler ut prisane til beste dansespelemann som spelar for dansepar i tevling.
 

Tevling i dans

Det er høve til å stille med erstattar ved forfall frå ein dansar i paret. Dette er eit nytt punkt i reglementet, men det har vore praktisert tidlegare.
 

Klasseinndeling på Landsfestivalen

På Landsfestival er det nå ei ny soloklasse for fele/hardingfele og ei ny klasse for durspel/trekkspel.
Styret har med dette gjort endringar i klassen solo andre instrument. Tidlegare var det eigen klasse for durspel, mens alle andre instrument deltok i samleklassen andre instrument. Styret meiner det er grunnlag for å splitte opp klassen. Toradar og trekkspel ligg så nær kvarandre at dei godt kan stille i same klasse. Det same gjeld fele og hardingfele. Styret vil stimulere til meir solo runddansspel på hardingfele/fele på Landsfestivalen. Her finst det rike tradisjonar som blir svært lite spelt. Landsfestivalen har så romsleg tevlingsprogram at det reint arrangementsteknisk ikkje er noko problem med ein ekstra klasse.


 





  • Tevlingar i det heile.
    Eg har stilt opp åleine og i lag med grupper i tevlingar i over 20 år og vore både først og sist. Vi må ta dette for det det er, som ein røynd spelemann og dommar sa det. Det er to melodiar.

    Aller helst hadde vi ikkje tevling. Inntil då må vi berre innsjå at det aldri blir \"rettvist\". Klarar vi det blir det artig å vere med på.



  • Ureflektert om poengsummar?
    Siterer frå artikkelen over;

    "Problemet med poengsummar er at utøvarane brukar dei på ein ureflektert måte, både når det gjeld samanlikninga av prestasjonane internt i eigen klasse, og også frå år til år. Poengsummar er rett og slett berre eit praktisk verktøy for dommarane til å rangere ei liste og seier lite om det interne nivået i klassen".

    Korleis kan grensa for opprykk ligge fast på ein viss poengsum om poengskalaen svevar i det blå frå år til år?

    Det kan da ikkje vera vanskelegare å forhalde seg til eit poengsystem på kappleik enn det er i andre liknande konkurransar, eller i skuleverket for den del?

    At døminga er særskilt streng eller snill eit år, bør ha med kor kravstore dei aktuelle domarane faktisk er, ikkje at ein tilfeldigvis hamnar her eller der på skalaen. Blir det for ekstreme utslag kan domarane i samråd justere listene før dei blir lagt ut. Såpass innsats bør ein vel kunne leggje ned i dette?

    Synest elles det var merkeleg av LfS å gi etter for folkekravet om poeng, men samstundes kutte ut 1. og 2. premiegraden, som var veldig naturlege og lett forståelege graderingar, kontra denne nye "streken".

    Elles einig at folk burde kunne stå fram med namn!



  • Anonymitet
    Jeg oppfordrer nok en gang alle som legger inn kommentarer på folkemusikk.no til å stå fram med fullt navn.


  • Kappleik
    Skrevet av Anonym [2010-03-24]
    Jeg foreslår at man spiller anonymt, dvs at dommeren ikke ser utøveren. Gjemt bak sceneteppet for eksempel.


  • Poengsum til c-klassingar.
    Skrevet av Anonym [2010-03-19]
    Eg trur det er veldig dumt at ein tek bort poengsummane på resultatlistene for c-klassingar.
    For mange er det veldig moro å få vite poengsummen sin, og kunne sjekke kor langt unna ein ligg for eksempel 1. eller 2. premiegrad.
    Er ein med på leiken, må ein tåle steiken.



    • Poengsum til c-klassingar.
      Skrevet av Anonym [2010-03-23]
      Og for andre kan det vera \"drepen\" med alle dei poengsummane og...


      • Poengsum til c-klassingar.
        Skrevet av Anonym [2010-03-24]
        Poengsum seier mykje meir enn berre ei plassering. Ofte er det netopp poengsummane som skapar dei gode opplevingane og motivasjonen framover. Ein må ikkje kun sjå på poenga som ei negativ ordning. Det kan vere like så ille å berre få ei plassering, i og med at du f.eks. ikkje anar noko om kor langt unna du var neste plassering. Poengsummane kan faktisk snu det heile til noko positivt om du m.a. ser at poenga låg veldig tett, eller at du faktsik låg opp i mot fyrstepremiegrad, trass i ei dårleg plassering. Sjølvsagt kan det også slå andre vegen, men dette er faktisk ei konkurranse og tåler du ikkje dårlege resultat kan du nøye seg med sjokoladekappleikar enn så lenge.


        • Poengsum til c-klassingar
          Skrevet av Anonym [2010-03-26]
          Er det då bedre å "lure" dei da, med javne poengsummar, berre for at poengsummar skal nyttast? (eg berre spør). Dette blir samstundes urettferdig for dei beste og dei som fortjener poengsummen. Og skal poengsum nyttast bør vel sannheit om kor godt spele er komme fram?



(8) | Tips en venn | Skriv ut |