Om Norsk folkemusikkformidling

Norsk folkemusikkformidling (NFF) vart etablert som eiga verksemd under NFD i 1992. Vi har som mål å:  

  • gjere folkemusikk- og dans i Noreg kjend og etterspurd nasjonalt og internasjonalt,
  • drive vidareformidling av utøvarar på bakgrunn av etterspurnad, særleg med utgangspunkt i utøvarkatalog og nettsider,
  • arbeide for eksport av folkemusikk-og dans,
  • satse på utvikling av utøvarar innan folkemusikk-og dans gjennom å tilby desse bransjekunnskap og rådgjeving,
  • samarbeide med sentrale aktørar nasjonalt og internasjonalt, samt arbeide for å styrkje og vedlikehalde nettverket av relevante kontaktar,
  • samarbeide med andre institusjonar om å styrkje formidlinga av folkemusikk og folkedans,

Norsk folkemusikkformidling har gjennom åra formidla mange speleoppdrag for norske artistar og bygd opp eit stort nettverk i musikkbransjen både nasjonalt og internasjonalt. Vårt fokus er å arbeide for dei profesjonelle utøvarane og bidra til å gjere det mogleg å leve av å vere folkemusikar på heiltid.


| Tips en venn | Skriv ut |