Hjem > Artikkel

Landskappleiken tek til

Opningsframsyning med Gudbrandsdalsprofil

Sel og Otta Spel og dansarlag

I kveld ynskjer Sel og Otta Spel - og dansarlag velkomen til ei opningsforestilling med smakebitar frå alle kantar av Gudbrandsdalen. Dei lovar ei kulturell oppleving av dei sjeldne. Det heile tek til klokka 19 i Ottahallen, onsdag 27. juni.

Under opningsframsyninga vil publikum få oppleva både utøvarar- og musikk frå Gudbrandsdalen. Her vil ein markere at det er 400-års jubileum for slaget ved Kringen, og 50-års jubileum for Rondane Nasjonalpark.

- Det vert eit svært variert og spanande program med ulike former for dans, sang og musikk. Vi får og besøk av han Jalmar og Lyriker'n - og det spanande samarbeidsprosjektet "Glad, ung og sprek i Norddalen", med m.a. Dåm og Inge Gjevre, fortel arrangørane.

Desse skal delta på opningsforestillinga: Jørn Dissen, Sel og Otta spelemannslag, Tom Berg, Anne Grete og Rolf Bjørgan, Heidal spel- og dansarlag, Mukampen spelemannslag, Camilla Granlien, Dag Gården og Knut Kjøk, Nye Ringnesin, Damer i D-dur, Leif Inge Schjølberg, Lyriker’n, Fjosfolket, Vågå juniordansarar, Jalmar, Bjørn Sverre Kristensen og Glad, ung og sprek i Norddalen.

Framsyninga tek til klokka 19 i Ottahallen, onsdag 27. juni. Det er Arne Grindstuen som er leiar for Landskappleiken 2012, medan Linda Grindstuen er ansvarleg for kulturprogrammet.

Billett får du kjøpt på Kappleikskontoret på gamle Otta kulturhus for kroner 200,-. Opningsforestillinga er dessutan inkludert i gjennomgangsbilletten. Heile kulturprogrammet for Landskappeiken 2012 finn du her.


 






| Tips en venn | Skriv ut |