Det nystarta Norsk Hardingfelesenter har sett opp eit godt og ambisiøst program for 2015. Fyrste punkt på årsprogrammet var hardingfelehelg med kappleik, på Bellmann pub og Brattrein Hotell på Notodden.

Hardingfelehelga byrja fredagen på Bellmann pub i Notodden sentrum. Her spelte Nils og Gunnulf Sletta slåttar i tradisjonen etter Svein Løndal, gjennom sønene Kjetil, Olav og Einar. Vi fekk to økter med godt spel og mange morosame historier. Og etter konserten var det tid for fest! Puben var full av folk som ville høyre meir spel og svinge seg. Her var ikkje store plassen til å danse, men dei som ville, kom seg på eit vis rundt på golvet. Nokre timar, slåttar spelt, feler prøvd og samtalar seinare, var det på tide å kome seg opp til hotellet og i seng.

Laurdagsmorgonen gjekk frukostsamtalane om felebygging og spelemenn. Plutseleg var klokka 11, og no skulle det handle om nolevande felemakarar. Vi fekk høyre på feler laga av både Bernt Balchen Jr., Lasse Setalid Berdalen, Hauk Buen og Ottar Kåsa. Det var synd det berre varte ein time. Fleire skulle ha vore nemnt, men det var ikkje tid til meir i dag. For no skulle det øvast og gjerast klar til kappleik!

Tuddalsbrørne Gunnulf og Nils Sletta spelte slåttar i tradisjonen etter Svein Løndal fredagskvelden på Notodden.

Laurdag, kappleik og fest

Sju år gamle Hans Torjus Gampedalen var fyrstemann ut i kappleiken på Notodden. Han spelte ”Lifjellvalsen” og reinlendaren ”Ringnesen”. Målet hans er å vidareføre spelemannstradisjonen i slekta.
Lars-Ingar Meyer Fjeld vann kappleiken på Notodden, på ei fele av Olav Helland. Her speler han på ei fele laga av Bernt Balchen Jr. tidlegare på dagen.

Éin rekrutt og ni seniorar var påmelde til hardingfelekappleiken. Den fyrste norske kappleiken vi kjenner til, vart arrangert i Bø i 1888. Her er det snakk om lange tradisjonar! Og kappleiken på Notodden skulle arrangerast akkurat slik den vart i Bø for over hundre år sidan.

Hans Torjus Gampedalen, sju år gamal, var debutant på kappleiksscena. For ein liten sjarmør han var der han satt med føtene dinglande i lufta og spelte dei to slåttane sine! Då han blei spurt om korfor han spelte hardingfele, fortalde han at han ynskjer å vidareføre den sterke spelemannstradisjonen i slekta. Underteikna gleder seg til framtidige kappleikar med denne ungguten frå Notodden.

Så var det seniorane sin tur. Den store pådrivaren for hardingfelehelga, Torgeir Straand, fann raskt ut at det ikkje alltid er like lett å halde styr på spelemenn og -kvinner som varmar opp til kappleik. Dei var overalt på heile hotellet – inkludert meg sjølv. Men kappleik vart det. I to timar satt publikum og lytta entusiastisk til dei syngande hardingfelestrengane.

Alle deltakarane skulle spele tre slåttar kvar, der dommarane valde ut dei to beste som teljande for poenggjeving. Det var ein rar følelse å spele tre slåttar på kappleik, når ein gjennom så mange år er van med å spele berre to. I alle tilfelle kom vi oss gjennom, alle deltakarene. Alle venta i spenning på å få vite kven som kom til omspelet. Etter ein god kaffipause, var det klart at dei to beste i dag var Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld.

Det var faktisk også desse to som var dei beste på Vinterkappleiken på Rauland helga i førevegen. Då var det Ottar Kåsa som vann og fekk vandrepokalen til odel og eige. Dei to finalistane gav alt i omspelet på Notodden. Det var til slutt Lars-Ingar Meyer Fjeld som vann pengepremien på 20 000,- kroner. Utdelinga skjedde heller ikkje utan dramatikk: Ved ei misforståing vart fyrst Kåsa utropt som vinnar. Det var fordi han fekk flest poeng i sjølve kappleiken, medan det altså var Meyer Fjeld som vann omspelet – og det med knappast mogleg margin. Dei er verkeleg to jamgode spelemenn.

Etter kappleiken vart salen på Brattrein Hotel rydda. No var det tid for dans og fest! Sjefen sjølv, Torgeir Straand, melde om at vi no hadde heile hotellet for oss sjølve. Dermed forsvann det folk og feler til kvar ein krok av hotellet for å spele og prate. Utover heile kvelden vart det dansa og spelt. Også dei som ikkje hadde hatt fram hardingfelene sine tidlegare på dagen, kom no fram med dei. Til underteikna sin store glede – det er alltid kjekt å prøve nye hardingfeler! Klokka var i alle fall halv fem på morgonkvisten før eg gjekk og la meg – og eg var ikkje den siste i seng.

Søndagsfilm og avskjed

Så kom søndagen, siste dag på Notodden. Det var nokre slitne kroppar som satt ved frukostbordet den morgonen. Med kaffikoppen i handa gjekk vi for å sjå på nokre spennande og lærerike arkivfilmar frå gamle dagar.

Fyrst fekk vi ein liten stumfilmsnutt frå Landskappleiken på Voss i 1947, der Gjermund Haugen spelte ”Huldrejenta” på ei hardingfele laga av Olav G. Helland i 1932. Den same fela spelte Torgeir Straand ein slått på rett framfor auga våre etterpå. Kjekt! Så fekk vi sjå ein dokumentarfilm om Hauk Buen. Det var artig å sjå hardingfelehøvdingen sitje heime på garden i Jondalen og fortelje om livet som felespelar, felemakar og gardbrukar.

Til slutt var det klart for ein heilt spesiell film som mange hadde gleda seg til: Ein svart-kvitt-film frå Landskappleiken i Oslo i 1932. Raulandsspelemannen Lars Erik Øygarden har studert denne filmen nøye, og fortalde oss om dei ulike spelemennene og dansarane vi fekk sjå i filmen. Det var Gunnulf Borgen som tok imot Kongepokalen som vinnar dette året.

Torgeir Straand og resten av arrangørkomiteen og dei tilsette ved Brattrein Hotell takka så for oppmøtet og inviterte til eit siste måltid før avreise. Rundt middagsbordet var deltakarane samde i at helga hadde vore ei stor oppleving. Vi reiste heim frå Notodden med mange gode minne i bagasjen: rike samtaler, lærdom om instrumentet, klangen av den spesielle hardingfela som ein likte – og sjølvsagt alt det gode tradisjonsspelet vi fekk høyre i løpet av heile helga.

Dette var fyrste gong Norsk Hardingfelesenter, Fjellrosa Spel- og dansarlag og Brattrein Hotell arrangerte ei slik helg. Det var ei helg som krev gjentaking. Folkemusikk si utsende gler seg til fortsetjinga!

Meir om hardingfelehelga på Notodden

Kappleiksordning for framtida? Om den originale dømmemåten på kappleiken på Notodden

Resultatlista frå kappleiken på Notodden, og Hardingfelesenteret si eiga oppsummering av helga, kan du lese på heimesida til Norsk Hardingfelesenter

Søndag var det filmframsyning på Notodden, mellom anna med ein dokumentarfilm om Hauk Buen.