Framfor eit landsmøte er det tid for å ta på dei kritiske brillene når status skal gjerast opp og saksdokument gjennomgåast. At Kjellbjørn Karsrud og Frode Rolandsgard i sine innlegg gjer det, er bra for engasjementet under landsmøtet og for at resultatet av det blir slik medlemene ynskjer.

Noko omfattande gjennomgang av problemstillingane som er tekne opp, tek eg ikkje no. Det får vi ta under landsmøtet. Ein del spørsmålsstillingar og utsegner finn styret likevel grunn til å kommentera:

Kulturskulane: Frode Rolandsgard har henta fram debatten omkring kulturskulane og samarbeid/ansvar for laga, og har fått tilsvar frå Jo Asgeir Lie. Vi er ikkje i mål her. Arbeidet med å få inn folkedansen i kulturskulane, vilkåra for kulturskulelærarar innan folkemusikken, utvikling av fagplanar og samarbeidet mellom kulturskular og laga er alle nødvendige arbeidsområder for FolkOrg . Men at kulturskulane er eit uvurderleg hjelpemiddel for å fremja norsk musikkliv, inkludert folkemusikken, må understrekast! Det ikkje tvil om at dei fleste unge spelemenn og -kvinner som kjem til, har henta si grunnutdanning frå kulturskulane.

Laga har såleis fått avlastning for ein god del av grunnarbeidet, men dei har til fulle eit anna ansvar som må fylgjast opp: Det å gje utøvarane eit miljø å vera i, mogelegheit til å utøva musikken i bruk – ikkje minst som dansespel – og i det å gje dei tilstrekkeleg mengdetrening. Dette kan ikkje kulturskulane ta ansvar for – det må laga ta tak i!

Styreleiar i FolkOrg Per Øyvind Tveiten. (Foto: Eivind Kaasin)

Les tidlegare innlegg:

Medlemskontingent i FolkOrg: Justering av kontingentsatsen frå 2017 er ikkje meir enn ei forsiktig indeksjustering, og er vel heller ikkje det store debattemaet. Det er tydeleg større engasjement i saka om delte kontingentsatsar (støtte-/familiemedlemskap). Slik det går fram av saksframstillinga, vil fleire kontingentsatsar medføra kostnader og meirarbeid. Om det over tid kan føra til auka medlemstal, kan vera mogeleg, men er uvisst. Landsmøtet tek debatten!

Pengebruk og Folkelarm: Ved stifting og utforming av den nye organisasjonen FolkOrg, inngjekk også ansvaret for yrkesutøvarane. Dei er ein del av mandatet for – og «grunnmuren» i – den nye organisasjonen. Folkelarm er ein del av dette ansvaret – FolkOrg syt for at det finst eit treffpunkt, eit bransjetreff, der aktørane innanfor utøving og formidling av folkemusikk kan møtast.

Arrangementet har vore ein direkte kostnad for FolkOrg, slik Kjellbjørn Karsrud skriv i innlegget sitt. Sjølv om det er god betring i høve til 2013, likar sjølvsagt heller ikkje styret at det er budsjettoverskridingar! Detaljar om tal og utvikling kjem vi nok attende til under landsmøtet, men arbeidet med utvikling av Folkelarm held fram. Den nemnde utgreiinga frå 2012 er eit godt grunnlag i så måte.

Basert på utgreiinga og på seinare erfaringar, er ei arbeidsgruppe no i gang med utarbeiding av den framtidige modellen for Folkelarm. Økonomisk bærekraft og organisasjonsform er ein vesentleg del av mandatet. Arbeidet blir lagt fram før sommaren, og ein tek sikte på realisering frå 2016.

Om vegval og gjennomføring: Kjellbjørn Karsrud har synspunkt også på dette. Det er ein grunnleggjande debatt, som eit landsmøte skal ta. Gjennom drøfting og vedtak av handlingsprogrammet blir det fastsett retning og oppgåver. Om styret har fylgt desse, og i rimeleg grad gjennomført det gjeldande handlingsprogrammet, er vel naturleg å ta opp i samband med årsmeldinga.

Vel møtt til landsmøte!