«De hjølper ikkje hå’ go ‘n e’, har ‘n kje kåmme i opprop», skal Myllarguten visstnok ha sagt ein gong. Ottar Kåsa er god, og han har «kome i opprop». I «Kjoskrullen» sameiner han eit dokumentasjonsprosjekt med meisterspel, og med dette står han fram som nær ein fullkomen retorikar når det gjeld spelformidling.

Ottar Kåsa: Kjoskrullen
  • Ta:lik, 2016
  • 19 spor, 52 minutt

Kva er det så han har dokumentert? Fyrst og fremst er det låttar som truleg kan sporast attende til ei av dei eldste kjeldene til hardingfelespel i Telemark – Jon Kjos (1756–1826) frå Åmotsdal. Men kanskje er dette i større grad eit produkt som formidlar ulike stemmer frå ein mangfaldig spelemannskultur i Øvre Telemark.

Det har vore mange forvaltarar av denne arva opp gjennom tidene, og det er nærliggjande å trekkje fram Ottar Kåsa sine eigne kjelder; slike som Dahle-karane i Tinn, Torkjell Haugerud, Trygve K. Vågen, Olav Lofthus og ikkje minst Eivind Mo. Kåsa har brukt mykje tid på å ta innover seg desse stemmene, noko som blir understreka gjennom eit omfattande og særs reflektert teksthefte, og dette styrker truverda hans som både spelemann og tradisjonsformidlar.

Jon Kjos var nok særs aktiv i si samtid. Han hadde jobben som forpaktarspelemann, og med dette eineretten til å spele i festlege lag. Jon Vestafe kalla dei han i Tinn, noko som tyder på at han var ein velkjent gjest der borte, på same måte som han må ha hatt ein betydeleg aksjonsradius i Vest-Telemark. På denne måten spreidde låttane hans seg til større geografiske område, og det er naturleg å tru at dei gjennom tida har vorte prega av det.

Det er likevel nokre fellestrekk som går att. Låttane er heilstøypte på den måten at dei har ei klar, logisk oppbygging. Denne oppbygginga består ofte i småmotiv, som med små variasjonar blir gjenteke før ein går vidare til neste motiv. Med dette  kan det vera på sin plass å parafrasere Myllarguten nok ein gong, han skal visstnok ha sagt at Kjoselåttane skulle vore lagde i gullskrin.

Ottar Kåsa er ein briljant spelformidlar. Han har ofte fenga kappleikspublikummet med storfelte låttar i Fykerud- og Myllartradisjon; og sjølv om mange Kjoselåttane er enklare utforma, nyttar han seg av mange av dei knepa som ofte appellerer til kjenslene til dei som lyder på.

Han tek i bruk dynamiske kontrastar og ornamentikk i større grad enn det som er vanleg i mange speltradisjonar, og desse verkemidla nyttar han medvitent utan at det blir kunstig. Me finn att desse metodane å krydre låttane på i spel frå ulike kantar av landet, då kanskje særleg i Telemark, og det er nærliggjande å trekkje fram nemnte Eivind Mo som ein av dei fremste eksponentane for dette uttrykket. Kåsa sjølv har nok òg på mange måtar denne spelstilen som eit ideal.

Totalt sett er dette eit truverdig stykkje tradisjonsformidling, som appellerer til både fornuft og følelsar. Det er ikkje berre ei plate med godt spel, det er òg ei plate som gjev oss moglegheit til å bli kjende med låttar me ikkje alt for ofte blir eksponerte for.