Hjem > Utøvarkatalog > Alle > Artikkel

Over Stok og Steen

overstokogsten

Gruppe med Thomas Lomundal, Ronny Kjøsen, Thomas Nilssen, Morten Brattås og Frode Slupphaug

Over Stok og Steen er kjende for å ha henta fram igjen mykje ukjend folkemusikk og dansemusikk frå Hedmarken, og har hausta mykje ros for dette over heile landet. Heile fire gonger har dei gått til topps på Landsfestivalen i Gammaldansmusikk. Denne tradisjonen er omfangsrik både i tid, form og uttrykk, noko Over Stok og Steen til fulle presenterer. Med all respekt for folkemusikktradisjonane på Hedmarken omarbeider dei melodiane på sitt eige vis. Noko gjer dei i tradisjonell stil, mens i andre melodiar tek dei seg lov til å legge til nye elementer. I tillegg speler dei også tradisjonell gammaldans.

Diskografi


Over Stok og Steen (1997)
Storgardsmusikk (1998)
til Almuen (2003)
Frekke fyrer - over stok og steen 1997-2007 (2007)

 

Konserter


Førde Int. Folkemusikkfestival (2000)
Landsfestivalen (2001)
Ved syltoppens fot (2003)
Det er nu tid at vaage (2002)
Vinnere av Landsfestivalen (1998, 2000, 2003)


| Tips en venn | Skriv ut |