Arrangørane av Førdefestivalen har gjennomført nok ein strålande festival. Likevel er her rom for forbetringar, meiner Kjell Bitustøyl, tidlegare redaktør av Spelemannsbladet.

Den irske songstjerna Muireann Nic Amhlaoibh og gruppa hennar Danú fekk ei uheldig scene på Førdefestivalen fredag, skriv Kjell Bitustøyl i denne kommentaren.

Arrangørane av Førdefestivalen har gjennomført nok ein strålande festival med eit knippe artistar ingen andre folkemusikkarrangørar er i nærleiken av å kunne varte opp med i løpet av ei hektisk festivalveke. Festivalen er utan samanlikning både den største og best organiserte folkemusikkfestivalen i Noreg, og sjeldan har programmet bydd på så mange artistar frå øvste hylle som i år. Variasjonen er uhyre stor musikalsk, det same er lokalitetane, frå det intime Haarklousalen til Idrettshallen eller Festplassen som rommar mange folk. Og mange folk strøymer til. Det er kanskje det mest imponerande av alt, publikum fyller lokala gong etter gong. Til dømes var Teatersalen fylt til siste stol kl. 12.00 fredag, då Susanne Lundeng hadde si glitrande soloframsyning.

Likevel er her rom for forbetringar. Arrangøren hadde satsa stort på keltisk kveld ute på Festplassen fredagskvelden. Vêret var på grensa til duskregn, men likevel gjekk kvelden greitt. Folk dansa, drakk og hadde det hyggeleg. Fyrst på scena var Fiddlers’ Bid, ein framståande shetlandsk gruppe som lagar feststemning med kraftfulle rilar og anna shetlandsk musikk, som oftast i høgt tempo. Så kan det sjølvsagt diskuterast om Shetland er keltisk område eller ikkje. I skotsk samanheng er det helst Highlands og øyane i vest som kjem inn under denne kategorien. Men dette er mindre viktig, og grensene er uklare.

Klokka halv eitt på natta gjekk den irske gruppa Danú på scena, siste innslag på utekonserten. Danú var éin av fleire grunnar til at eg reiste til Førde denne gongen. Bandet er eit av Irlands aller fremste, og eg har høyrt dei på festival før. Også Danú har eit stort repertoar av friske og dansevenlege rilar og jigar, men dei har i tillegg ein frontfigur – songar og fløytespelar Muireann Nic Amhlaoibh – som er blant det ypparste Irland kan by på av artistar innafor vokal folkemusikk. Ho framfører ofte tekstane på irsk, likevel kan ein få med seg mykje når forholda ligg til rette for det. Ho er ein formidlar av dei heilt sjeldne!

 

Å plassere henne framfor eit feststemt publikum som var der for å feste og danse, var ikkje eit heldig grep. Det vil seie, Danú er profesjonelle og meistra situasjonen. Dei gav publikum dansemusikk av fremste sort, og dansegleda var upåklageleg. Men kvar blei det av dei vakre og vemodige songane som gruppa òg har på repertoaret? Jau, der kom nokre, men langt færre enn om Danú hadde fått eit betre lokale og eit betre tidspunkt.

Å få festglade folk i Noreg til å halde kjeft når det kjem ein ballade med ein tekst, er vanskeleg. Når arrangøren i tillegg plasserer borda slik at folk sit i god avstand frå scena pga danseplassen, seier det seg sjølv at Danú prioriterte den andre delen av repertoaret. Men synd for oss som hadde kome der for å høyre Muireann si himmelske røyst og inderlege framføring. Dette var nummeret før “perler for svin”.

På St. Patrick’s Day i år, 17. mars, var eg i Dublin ein tur og opplevde eit eventyrleg natteliv på ein overfylt musikkpub i Temple Bar. Også der gjekk det i raske rilar og jigar, og praten gjekk intenst over ølglasa. Men i den augneblinken nokon stemte i med ein song, då stilna det raskt, og dei som prata fekk skarpe blikk. Her betyr songane så mykje at då må det lyttast. Tenk om norske arrangørar og endå meir publikum kunne lært noko av irane!

Nyleg har det vore snakk om å dele ut raude kort til dei som pratar under konsertar her til lands. Det er mogleg det er ein farbar veg. I tillegg kunne ein sende folk – både arrangørar og publikum – til Irland for å lære. For dette handlar om sivilisasjon og respekt. Men kanskje det er festivalen som bør få det raude kortet denne gongen? For fredagskvelden på Festplassen var fyrst og fremst arrangøren sitt ansvar. Det er å håpe at Førdefestivalen, som har høg kompetanse på å arrangere og er knutepunktfestival, kan ta dette til seg og heller bli eit førebilete enn ein festival som diltar etter andre for å tekkast publikum.

Publikum må lærast opp, òg når det gjeld å respektere dei artistane som er hyra inn. Å køyre på med at keltisk og irsk er tut-og-køyr-musikk berre til festbruk, er å vidareføre ei seigliva norsk haldning til denne musikkulturen. Den irske – og for så vidt keltiske musikkulturen – er vel så mykje prega av melankoli og inderlege kjensler, ikkje minst knytt til Irlands og dei andre keltiske områda si til dels tragiske historie. I andre samanhengar tek Førdefestivalen verkeleg vare på denne delen av folkemusikken. Difor var det svært skuffande og uventa at ein tok så lett på dette i høve til gruppa Danú og frontfigur Muireann Nic Amhlaoibh.