-
Dette er Riksscenen i februar
tirsdag 7.02 - 14:59 -
Tina Kjerland er ny prosjektleiar
tirsdag 7.02 - 11:04 -
Einar Olav og Gjermund Larsen på Riksscenen
tirsdag 7.02 - 14:06 -
Norsk Kvedarforum med seminar for heile familien
mandag 6.02 - 11:43 -
Frikar satsar både i Valdres og Hallingdal
mandag 6.02 - 10:41
Prinsipprogram for Folkemusikk- og Folkedansorganisasjonen i Noreg
INNLEIING
Prinsipprogrammet for Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg inneheld overordna retningsliner og verdiar for verksemda, og vart vedteke 22. november 2010. Desse verdiane og retningslinene er førande for innhaldet i arbeidsprogrammet til organisasjonen.
VERDIGRUNNLAG
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet. Levande folkemusikk- og dansetradisjonar i Noreg står for eit mangfald av ulike sjangrar og stadeigne variantar. Desse har fått sitt særpreg gjennom langvarig bruk og utgjer fullverdig kunst i sin eigen rett. Arbeidet skal fyrst og fremst verne dei eldste folkemusikk- og danseformene som det er tradisjon for i kvart distrikt. Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg ser dette arbeidet som ein del av ei folkeleg kulturreising, der medvitet om eigne tradisjonar blir ei kjelde til livsutfalding og eit grunnlag for sjølvkjensle, rotfeste og respekt for tradisjonars mangfald. Ei vidareføring av dei levande folkemusikk- og dansetradisjonane i Noreg står sentralt i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg sitt arbeid, men laget skal i tillegg fremje utvikling og nyskaping på tradisjonelt grunnlag.
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil spreie kunnskap om og forståing for folkemusikken og folkedansen i Noreg, informere om organisasjonen sitt arbeid og styrke folkemusikken og folkedansen sin plass i samfunnet. Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil leggje særskild vekt på å sikre best moglege tilhøve for utøvarane, både yrkesutøvarar og andre utøvarar. Dette er eit av dei viktigaste vilkåra for å sikre høgt kunstnarleg nivå på området, god rekruttering, breidd og vidareføring av tradisjonane.
ARBEIDSOMRÅDE
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg skal fremje verdigrunnlaget sitt gjennom kulturpolitisk arbeid, informasjon, tradisjonsoverføring og opplæring, gode arenaer og formidling av folkemusikk og folkedans.
Kulturpolitisk arbeid:
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg skal styrkje stillinga til folkemusikken og folkedansen i Noreg gjennom:
- eit aktivt, breitt kulturpolitisk arbeid
- å stå fram som ein handlekraftig og kunnskapsrik organisasjon, og vere ein viktig aktør for all folkemusikk og folkedans på kulturfeltet i Noreg
- å vere ein samlande organisasjon som tar opp i seg det breie mangfaldet i folkemusikken og folkedansen
- å sørgje for gode rammevilkår for utøvarane, organisasjonen og sjangeren
- samarbeid med andre organisasjonar på kulturfeltet nasjonalt og internasjonalt
Tradisjon og opplæring:
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg vil styrke tradisjonsoverføringa til folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å:
- bidra til aktivitet, vekst og mangfald innanfor folkemusikk og folkedans
- fremje rekruttering, opplæring innanfor folkemusikk og -dans og instrumentmaking
- arbeide for å styrke rammevilkåra for det faglege arbeidet med forsking, arkiv og utdanning
Formidling:
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg skal styrke formidlinga av folkemusikk nasjonalt og internasjonalt ved å:
- leggje til rette for og utvikle sosiale arenaer og framføringsarenaer lokalt, regionalt og nasjonalt.
- auke tilgjenget til folkemusikkutøvarar og folkedansarar og arbeide for profesjonalisering av bransjen
- ivareta og styrke utøvarane sine kunstnarlege, faglege og økonomiske interesser
- sikre at arrangørane får gode rammevilkår
Organisasjon:
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen i Noreg ser ei styrking av det frivillige arbeidet rundt om i lokallag, særlag og hos arrangørar som ein viktig føresetnad for å kunne fremje verdigrunnlaget i dette prinsipprogrammet.







