Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris vart i år tildelt Kine Svori (18) frå Jostedal i Sogn og Fjordane.

Minneprisen vart utdelt på Vestlandskappleiken 2014 i Granvin laurdag. Prisen skal gå til ein ung og lovande utøvarar på hardingfele, og er på kr.10 000,-. Prisen vart oppretta etter at den unge hardingfeleutøvaren Audhild Flaktveit Moxnes omkom i ei trafikkulukke i Bergen sentrum.

Svori var både rørt og nøgd då ho tok i mot prisen.

– Det er heilt klart veldig stort. Det er utruleg mange flinke folk rundt om, så det er mange gode kandidatar til ein slik pris. Dette var veldig kjekt, eg set sjølvsagt veldig stor pris på dette, fortel den unge utøvaren til Sogn Avis.

Strukturert og målretta

Den unge hardingfelespelar frå Jostedal er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år. Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane. Der har ho mellom anna har hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve S. Bjørset som lærarar i kulturskulen.

Kine Svori er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. Ho har delteke på ei rekke spelekurs, kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel. I tillegg til å spele fele, syng ho.

I dag er ho er elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje.

– Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre, heiter det i grunngjevinga frå tildelingsnemda.

Tildelingsnemda for prisen har vore Arne Anderdal, Eva-Marie Toppe, Sigrid Moldestad og Solgunn Flaktveit.

Tidlegare vinnarar av prisen er:

2007: Alexander Aga Røynstrand, Granvin
2008: Erlend Apneseth, Jølster
2009: Maria Skjeldrum Toppe, Bergen
2010: Ingeborg Hollekim Bringslid, Bergen
2011: Mathilde Skjæret, Jostedal
2012: Nikolai Storevik, Stryn
2013: Marta Lindvik, Ulvik