Hjem > FolkOrg > Siste nytt > Artikkel

NY TILSETT

Rannveig Djønne er ny prosjektmedarbeidar i FolkOrg

Rannveig Djønne, ny prosjektmedarbeidar i FolkOrg. Foto: Eivind Kaasin.

Rannveig Djønne, ny prosjektmedarbeidar i FolkOrg. Foto: Eivind Kaasin.

Mange kjenner ho nok som den blide dama bak toradaren. No har ho starta i vikariat som prosjektmedarbeidar i FolkOrg, med ansvar for Landskappleiken og Landsfestivalen, og oppfølging av lokallaga i organisasjonen. Me tok ein prat med Rannveig om kva ho skal til med, og kva ho meiner er viktig.

Rannveig Djønne (37) starta i jobben som prosjektmedarbeidar i FolkOrg førre veke som vikar for Marit Vestrum. Toradarspelaren held til vanleg til på Voss, men har no flytta til hovudstaden.

- Eg er oppvaksen på ein fruktgard som ligg i bygda Djønno i Ullensvang herad i Hardanger, og har budd på Vestlandet store delar av livet. Å flytta frå Vestlandet var difor ikkje noko lett val, men samstundes kan det vera kjekt å bu i Oslo eit år og. Eg har ein del konsertoppdrag på Vestlandet i vinter og til våren slik at eg får stilna den verste heimlengta, fortel ho.

Til tross for at mange kjenner ho frå toraderspelinga, er Rannveig utdanna naturforvaltar frå landsbrukshøgskulen på Ås, og har arbeidd som både fylkesagronom og naturforvaltar etter utdanninga. Men ho klarte ikkje heilt å halde seg unna toradaren, som ho har spelt på sidan ho var 9 år.

- Stort sett kvar helg spelte eg konsertar eller var instruktør på toradarkurs. Etter kvart fekk eg eit sterkt ynskje om å verta betre på å spela og å kunna fordjupa meg i toradaren og folkemusikken si verd.  Difor tok eg mot til meg og søkte på musikkutdanning. Eg kom inn, sa opp jobben og starta på Ole Bull-akademiet i 2006. Etter den tid har eg vore frilansar i kombinasjon med ei lita kulturskulelærarstilling.

Det er eit val ho er svært godt nøgd med.

- Det har vore og er ei utruleg spanande og lærerik tid. Eg får spela med og læra av utruleg mange flinke musikarar, og kjenner at eg har kome fleire steg vidare som både musikar og komponist.

Article image
PÅ SCENA: Rannveig Djønne under opningskonserten på Landskappleiken på Voss. Foto: Eivind Kaasin

- Så, kvifor søkte du på denne jobben i FolkOrg?

- Eg tykte det såg ut som ein interessant jobb og meiner at FolkOrg er ein spanande organisasjon. I og med at eg har bakgrunn som både som utøvande folkemusikar, og innan administrasjon så tenkte eg at det kunne vera ein bra jobb for meg, og at eg kan bidra med noko i FolkOrg.

- Kva for oppgåver er det som ligg framfor deg i jobben ?

- Eg skal jobba med å legge til rette for arrangørane av Landsfestivalen i Vågå og Landskappleiken på Otta. Arrangørane her er solide og driftige, og eg har allereie fått god kontakt med dei. Samstundes har eg den viktige oppgåva å jobba opp mot lokallaga våre.

-  Kva meiner du det er viktig at FolkOrg gjer for dei lokale spelemannslaga i organisasjonen no?

- Det fins utruleg mange flinke lokallag kring i landet, og nokon ynskjer å verta endå betre på til dømes rekruttering, undervisning og konsertarrangering. Eg meiner det er viktig å få ei oversikt over kven som er gode på kva, og kven som ynskjer å verta betre innan ulike felt. Dette må fylgjast opp med å laga møteplassar for erfaringsutveksling, og eventuelt utarbeiding av kurspakkar for dei som ynskjer det .

-  Eg har sjølv vore i styret i Hardanger Spelemannslag som er gode på mellom anna rekruttering og konsertarrangering. Men når alt vert gjort på dugnad og tida er så knapp så er det viktig at det er enkelt å få oversikt over kva søknadsordningar spelemannslaget kan nytta seg av i ulike høver.

- Om eg på nokon måte klarar å gjera kvardagen til lokallaga litt enklare så hadde eg vore nøgd. Eg oppfordrar lokallaga no til å ta kontakt med innspel, men dei vil òg høyre frå meg i tida framover.

- Du har også erfaring som både musikar og arrangør, og har stått på ei og anna kappleiksscene. Kva meiner du er den største utfordringa til Landskappleiken og Landsfestivalen i tida framover?

- På kort sikt er det viktig å få synleggjort desse to arrangementa i det offentlege mediebilete. I tillegg ynskjer eg at deltaking i enkelte klasser vert betre og meir variert, som til dømes fleire hardingfelelag på Landsfestivalen. Det er også viktig å få på plass eit betre påmeldings- og resultatsystem, samt revidere arrangørhandboka. Dette vil gjere det enklare både for deltakarar og arrangørar.

- I eit lengre perspektiv er det spanande å sjå korleis desse arrangementa vert sjåande ut. I haust vart det lansert ein rapport om organiseringa av Landskappleiken og Landsfestivalen, der det vart fremma fleire framlegg om endringar for desse arrangementa.  Høyringsfristen er sett til 15. desember, og me ynskjer verkeleg at folk seier si meining og kjem med innspel på denne rapporten.

- Året nærmar seg slutten. Kva har vore årets musikkoppleving for deg til no i år?

- Eg likar å gå på konsertar, men ofte er det musikkopplevingar i meir utformelle og mindre settingar som treff meg mest. Tidleg i år hjalp eg Knut Hamre med nokre ”pre-opptak” til cd-utgjevinga hans Ferd. Eg sat i stova hans ein heil dag og tok opp slåttar. Det var balsam for sjela.
 

Me er stolte over å ha Rannveig med på laget og ønskjer ho velkomen i FolkOrg!

Er du aktiv i lokallaga, og har innspel til Rannveig? Ta kontakt - rannveig@folkemusikk.no  / 47 29 10 12


 


(1) | Tips en venn | Skriv ut |