Folkemusikk møter elektronisk dansemusikk når Noregs Ungdomslag har fått skreddarsydd folkedansmusikk til barn og unge.

Noregs Ungdomslag blei starta for 120 år sidan, og folkedans har vore del av verksemda sidan byrjinga. Dei har lange tradisjonar med å lage undervisningsmateriale for dans, og tidlegare i år lanserte dei Folkepedia, ei nettside med filmar til instruksjonsbruk med folkedansande barn og unge. Til no er over 20 filmar spelt inn, i Bodø, Hellesylt og Oslo, og innspelingane held fram neste år.

Ikkje all Folkepedia-musikken er heilt tradisjonell. Folkedal og co. har òg fått laga ein heilt ny låt der hardingfele møter elektroniske rytmar.

– Bakgrunnen var at vi ville ha musikk som potensielt kunne treffe ei målgruppe som ikkje til vanleg høyrer på folkemusikk, fortel Folkedal. – Eg tenkte at vi kanskje rett og slett skulle lage noko ny elektronisk musikk, som samstundes skulle ha litt folkemusikkpreg. I utgangspunktet skulle vi bruke denne musikken til ein liten dansefilm, men så langt kom vi aldri. Vi har i staden brukt musikken til ei danseøving som heiter hallingterning, mellom anna på ein skule i Oslo med 60 elevar på ein gong – eg trur aldri eg har opplevd ei meir ekstatisk stemning i danseundervising tidlegare!

Jørgen «Sissyfus» Skjulstad, som lagar musikk under namnet Center Of The Universe, syntest det var triveleg og inspirerande å lage elektronikamusikk med hardingfela til Vegar Vårdal. (Foto: pnek.org)
Vegar Vårdal speler for dansande ungdom på Scenehuset på Majorstua i Oslo i september. Han treivst godt som elektronikamusikar i samarbeid med Center Of The Universe, og meiner folkemusikk og elektronisk dansemusikk har svært mykje sams. (Foto: Halldis Folkedal)

Elektronika og folkemusikk har mange av dei same typiske elementa i seg: repetisjon, korte motiv og ulike rytmiske lag som arbeider med eller mot kvarandre.

Vegar Vårdal

 

På sida til Center Of The Universe på SoundCloud kan du høyre dei tre versjonane av låten «Folkepedia».

Folkedal fekk ført saman hardingfelespelar Vegar Vårdal og elektronikamusikar Jørgen «Sissyfus» Skjulstad, òg kjent som Center Of The Universe. Innspelinga av låten, som finst i tre versjonar og òg har fått namnet «Folkepedia», fann stad i studioet til Skjulstad på Grünerløkka i Oslo.

– Vegar improviserte ein halvtime i hallingtakt, og eg tok opp alt, fortel Skjulstad om arbeidsprosessen. – Etterpå gjekk eg i gang med å arbeide med lyden, mellom anna ved å sakke ned fela og køyre den gjennom nokre elektroniske boksar. Eg la òg på litt trommemaskin og synthesizer, men svært mykje av det melodiske i låten er hardingfele.

Vegar Vårdal har arbeidd med mange ulike musikalske uttrykk, men Folkepedia er første gong han har arbeidd med elektronisk dansemusikk. Han meiner det er heilt logisk å føre fela og syntane saman:

– Som eg skreiv i meldinga mi av Benjamin Mørks musikk til Kartellet-oppsetjinga Anføttes, har elektronika og folkemusikk mange av dei same typiske elementa i seg: repetisjon, korte motiv og pulsoverlagring – altså ulike rytmiske lag som arbeider med eller mot kvarandre. Arbeidet var ganske likt som det å jobbe i studio til vanleg, men med større fokus på den gode melodien enn elles.

Folkedal er svært nøgd med resultatet, som ho synest tek godt vare på klangen og rytmikken i hardingfela. Både Vårdal og Skjulstad skildrar samarbeidet som morosamt og triveleg, og ser ikkje bort frå at det kjem meir musikk i kjølvatnet av Folkepedia-innspelinga. Skjulstad har laga mykje elektronisk musikk med utgangspunkt i tradisjonsmusikk frå stader som Balkan, Hellas og Midtausten, men har ikkje brukt norsk tradisjon som utgangspunkt før. Han synest den norske musikken eignar seg godt som råstoff for elektronika, og ser gjerne at det kjem meir slik musikk:

– Det er laga veldig lite slik musikk med tanke på potensialet som finst. Skal ein prøve seg, gjeld det bere å holde tunga rett i munnen – og unngå dei verste klisjeane frå både folkemusikken og det elektroniske, det er iallfall viktig for meg.

Folkedal kjem til å tinge meir ny musikk til Folkepedia, og seier det godt kan komme meir elektronisk musikk ut av prosjektet:

– Eg er glad i både elektronika og folkemusikk til vanleg, så ein kombinasjon av dei to er jo topp!