Hjem > Artikkel
Riksscenen
Riksscenen utan aktivitet?
Riksscenen som ei felles storsatsing ser ut til å få økonomiske vanskar når dei no skal flytte inn i nytt hus.
Onsdag vart kulturbudsjettet for 2010 handsama i Stortinget . Riksscenen hadde tidlegare signalisert at deira tilskot på 18 mill. ikkje ga dei naudsynte midlane til produksjon, grunna m.a. høge driftskostnadar. Før handsaminga i Stortinget signaliserte styret i Riksscenen at dersom nivået på tilskotet vart ståande, ville ikkje stiftinga kunne oppfylle dei vedtekne måla for etableringa av scena.
I kulturbusjettet som er vedteke får ikkje Riksscenen den støtta dei hadde håpa på, og må gjere endringar i planane for etaberinga. Opninga av scenen skulle finne stad til våren, men grunna den økonomiske situasjonen blir opninga utsett til hausten.
I kulturbusjettet som er vedteke får ikkje Riksscenen den støtta dei hadde håpa på, og må gjere endringar i planane for etaberinga. Opninga av scenen skulle finne stad til våren, men grunna den økonomiske situasjonen blir opninga utsett til hausten.
![]() |
| Maria Høgetveit Berg, leiar i Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen (Foto - Eivind Kaasin) |
- Eg registrerer at departementet viser til eit tidleg langtidsbudsjett og at det der var lågare driftskostnader, og difor vil dei ikkje bidra med naudsynt finansiering til institusjonen slik behovet er av i dag. På same tid har heller ikkje departementet løyva det som låg i det opprinnelege budsjettet for 2009. Det ville jo vore naturleg, seier ho.
I eit intervju på Ballade.no poengterer Jan Lothe Eriksen, dagleg leiar på Riksscenen at det har vore vanskeleg å nå gjennom hos departementet. Han meiner det er ei misforståing å trekke fram langtidsbudsjettet som arbeidsgruppa for Riksscenen ein gong la og at både departementet og fleirtalskoalisjonen på Stortinget burde ha forståing for at dette var eit førebels budsjett. Dei har også fått informasjon jamnleg om endringane i kostnadsoverslaget.
I eit svar på ballade.no seier statssekretær Lubna Jaffery Fjell i Kulturdepartementet at Riksscenen no må tilpasse aktiviteten etter den løyvinga som er gitt, og trekk fram utleige og samarbeid med andre aktørar innan folkemusikkfeltet som moglege alternative kjelder for inntekt.
Folkemusikk- og folkedansorganisasjonen, Noregs Ungdomslag, Juogiid Searvii og Samspill, som står som eigarar av Riksscenen, har heile vegen blitt oppdatert om situasjonen.
- Som eigarar kan ikkje vi gjere anna enn å stø opp om prosjektet. Stiftinga Riksscenen har eit styre med ansvar for drifta, held Maria Høgetveit Berg fram. Ho håpar Riksscenen finn måtar å drive aktivitet på i 2010. Organisasjonane sitt bidrag vil vere å sjå på Riksscenen som sitt hus og leggje eigne arrangement dit og bidra til å fylle det med aktivitet. - Men økonomisk har ikkje vi budsjett til å gå inn med støtte til drift. Det er ikkje vår oppgåve, avsluttar ho.











