-
Søk Norsk Folkemusikkfond
tirsdag 22.05 - 01:00 -
Vellykka Blømingsfestival i Kinsarvik
tirsdag 22.05 - 11:25 -
Spiller pols i Operaen
mandag 21.05 - 12:32 -
Hallingdans møter kung fu
mandag 21.05 - 10:32 -
FolkOrg hyllet Sven Nyhus
mandag 21.05 - 10:51
FolkOrg-samling
Seminar om folkemusikk og folkedans i kulturskulen
FolkOrg har teke på seg ansvaret for å invitere til ei samling for å utveksle erfaringar frå dei som fekk utviklingsmidlar frå Utdanningsdirektoratet skoleåret 2010-2011 på folkemusikk- og folkedansfeltet. Det var Ål, Verdal og Seljord.
Samstundes ønskjer vi å invitere dei som får stønad for skuleåret 2011-2012, og andre interesserte. FolkOrg ønskjer å samarbeide tett med Norsk Kulturskuleråd, lokale lag og lokale kulturskuler kring dette arbeidet.
Fredag 2.september Schous (Grünerløkka) i Oslo kl. 09.30 - 15.30
Program:
- 09.30 Kaffi og registrering
- 10.00 Velkomen v. Linda Dyrnes, dagleg leiar i FolkOrg
- 10.10 Erfaringar frå Verdal, Ål og Seljord som fekk stønad frå Utdanningsdirektoratet i fjor
- 12.00 Lunsj
- 13.00 Norsk Kulturskoleråd v. Berit K. Graftås, kulturskolekonsulent i Hedmark
- 13.30 Diskusjon; kva skal vi gjere for å få meir undervisning i folkemusikk og folkedans i kulturskulane og at det vert eit godt samarbeid med lokallaga/miljøa? Kva skal vere FolkOrg si rolle? Kva er Norsk kulturskoleråd si rolle? Kva er dei lokale kulturskulane og lokallaga sine rolle?
- 15.00 Kort oppsummering og vegen vidare
Påmelding innan 26.august til linda@folkemusikk.no. Samling og servering betalar FolkOrg, men kvar enkelt må dekkje utgifter til reise og opphald. Det kan verte mindre endringar i programmet.
- Vi håpar så mange som mogleg kan kome!
Beste helsing
Linda Dyrnes
Dagleg leiar FolkOrg
-
ER ME ÅLEINE DA?Skrevet av Knut Buen (kbuen AT online DOT no) [2011-08-19]Det er rektig at me treng mål og midlar i høve å taka vare på norsk folkemusikk og folkedans.Men er me åleine om det? Men me må ikkje gløyma den store internasjonale interessa for kulturarven vår. Tenk på kva dei gjer i USA. Eigen organisasjon for hardingfela, t.d. og breid folkedansinteresse. Amerikanarane har tatt dette inn universiteta jamvel. Og på museet i Decorah har dei ei stor samling av samtidig folkekunst. Har me det i Noreg?
[Svar]
-
Flott med interesse og kunnskap om vår kulturarvSkrevet av Linda Dyrnes (linda AT folkemusikk DOT no) [2011-08-22]Det er eit godt poeng du kjem med der, og det skal vi ta med oss. Det er veldig bra at dei i USA og andre stadar er med på å ta vare på norsk kulturarv, men det er likevel vi i Norge som har eit særskild ansvar for vår eigen kulturarv. Det ansvaret er vi aleine om, sjølv om vi har gode hjelparar. Beste helsing Linda Dyrnes
[Svar]
-
ValdresSkrevet av Anonym [2011-08-29]Det var vel fleire som fekk midlar innan folkedans/musikkfeltet.. trur Øystre Slidre kulturskule fekk td..
[Svar]
(3) | Tips en venn | Skriv ut | Del på Facebook











