Spel, stev og dans frå Setesdal kan bli det første nordiske kulturuttrykket på UNESCOs representative liste over kulturarven til menneskeslekta.

Bilettekst: Gunnar Stubseid (t.v.) speler medan Sigrid Kjetilsdotter Jore leiar dansen på ei øving i dansarlaget Sæbyggjan, januar 2015. Stubseid har òg vore sentral i prosessen med å få stevjing, spel og dans nominert til UNESCO-lista.

– Eitt viktig element i søknaden som er fremma, er at han viser korleis spel, stevjing og dans ofte er framført i ein heilskap i Setesdal, fortel rådgivar i Norsk kulturråd Hildegunn Bjørgen. Det er ho som saman med Brit Holtebekk, seksjonssjef for internasjonale oppdrag i Kulturrådet, har sendt nominasjonsforslaget frå Setesdal spelemannslag o.fl. vidare til Kulturdepartementet.

Det er departementet som innan 31. mars skal avgjere om forslaget blir sendt vidare til UNESCO. Det kan tidlegast godkjennast og bli ein del av UNESCO-lista i november–desember 2017. Viss det blir sendt, blir det berre det andre nominasjonsforslaget frå Noreg nokosinne: I fjor nominerte Noreg båtbyggjarpraksisen frå Os i Hordaland til lista over gode vernepraksisar, etter forslag frå båtbyggjarane ved Oselvarverkstaden. Denne søknaden blir handsama mot slutten av 2016.

– Nominasjonsforslaga til listene skal komme frå miljøa, og det skal vere snakk om levande tradisjonar med sterk forankring i eit lokalsamfunn. Konvensjonen kan sjåast på som ein reiskap for utøvarmiljøa sitt eige arbeid med å styrke tradisjonane. Søknaden frå Setesdal har blitt sendt inn nokre gonger og forbetra – Kulturrådet er oppteke av at nominasjonsforslaga frå Noreg skal halde svært høg kvalitet, fortel Bjørgen.

Lista er eit slags inventar over den globale kulturarven – eit reiskap ikkje berre for uttrykka på lista, men for å oppvurdere og verne kulturuttrykk overalt.

Lokal og global liste

I år var altså søknaden frå Setesdal god nok til at Kulturrådet har gått vidare med han. UNESCO er eit verdskjent kvalitetsstempel for kultur, og Bjørgen trur nominasjonen av dans og musikk i Setesdal kan føre til auka medvit om musikk- og dansetradisjonen både lokalt og for heile Noreg.

– Korleis blir kulturuttrykka vidareført? Korleis kjem utøvarane si merksemd til uttrykk omkring det å oppretthalde ein kulturarv? Korleis arbeider miljøet, i lokalsamfunnet og opp mot styresmaktene, for å styrke kulturen? Det finst rom for å bruke nominasjonen til å auke den allmenne kunnskapen om desse spørsmåla, meiner Bjørgen.

Bjørgen understreker at det er for tidleg å seie om dei immaterielle listene til UNESCO vil ha same effekt som den materielle verdsarvlista. Denne lista fekk UNESCO i 1972, og her har Noreg vore representert sidan Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje kom med i 1979. har Vinsten for turisme og historisk medvit har vore svært høg: Verdsarvstader som Vatikanet, Taj Mahal og Machu Picchu tiltrekkjer seg millionar av turistar kvart einaste år.

I 2003 tredde ein ny konvensjon i kraft, denne gong med mål om å verne den immaterielle kulturarven. Sidan 2008 har det funnest ei såkalla representativ liste over det kulturelle mangfaldet til menneskeslekta, og det er her setesdalskulturen kan hamne.

Lista er eit slags inventar over den globale kulturarven, fortel Bjørgen – eit reiskap ikkje berre for uttrykka på lista, men for å oppvurdere og verne kulturuttrykk overalt. Ho fortel òg at den materielle kulturarven i vestlege land jamt over har vore godt teke vare på, men at medvitet om den immaterielle arven ikkje har vore like sterkt. Fattigare land har ofte ikkje hatt dei same ressursane til å ta vare på den materielle kulturarven, medan den immaterielle arven gjerne har stått sterkare.

På lista finn ein frå før av uttrykk som tangoen i Argentina og Uruguay, midtsommarfesten i Pyreneene, kambodsjansk skuggeteater og to ulike songtradisjonar i Mongolia. Norden har førebels ingen bidrag til den immaterielle lista, så Setesdal kan bli den første nordiske folkemusikken og folkedansen som hamnar her.

Lister: middel, ikkje mål

Det finst i dag tre norske NGO-ar (ikkje-statlege organisasjonar) som er akkrediterte samarbeidsorganisasjonar med UNESCO: Norsk Senter for folkemusikk og folkedans, Norsk håndverksinstitutt og Noregs husflidslag. Eit par andre kan komme til å få slik status i år. Desse organisasjonane møter på alle møter sentralt i UNESCO, og er ressursorganisasjonar for arbeidet med vern og vidareføring av immateriell kulturarv. Dei er òg ressursar for norske lokale lag som ønskjer å nominere uttrykk til UNESCO-listene, slik som Setesdal spelemannslag no har gjort.

– Listeføring er ein enkel reiskap, men målet er sjølvsagt å verne og vidareføre dei kulturelle uttrykka som hamnar på lista. Noreg er òg i ei særstilling i verda ved offentlege overføringar til folkekulturorganisasjonar gjennom mange år. Kva er viktigast – å bygge på eit eksisterande organisasjonsliv eller å få uttrykk på internasjonale lister? Det kjem an på augo som ser, seier Bjørgen.

Ho legg til at det ville ha vore uheldig om ein fekk eit overdrive fokus på UNESCO-listene. I verste fall kan det ta merksemda bort frå det viktige arbeidet som blir gjort på grasrotnivå rundt om i landet. På spørsmål om ho ser for seg at andre norske musikk- og danseuttrykk vil bli nominerte til den immaterielle kulturarvlista etter kvart, seier ho at det ikkje er utenkjeleg.

– Men som sagt trur eg at nominasjonen av Setesdal kan brukast til eit løft for heile den norske folkemusikken. Ein felles norsk nominasjon er òg mogleg å tenkje seg, viss miljøet samlar seg om ein slik søknad. Og om det til dømes hadde komme eit felles nordisk initiativ til å nominere den nordiske folkemusikken og -dansen til UNESCO-listene, hadde det vore interessant, avsluttar Bjørgen.