Lars Ingar Meyer Fjeld vann spel hardingfele – senior under Oslokappleiken. Vi drog tak han i tumultane etter premieutdelinga.

Gratulerer med sigeren, Lars Ingar!

– Takk! Dette var deilig. Eg syntest det gjekk bra med spelet i dag, det kunne ikkje ha gått betre. Dagsformen til fela har òg mykje å seie, og i dag klaffa ho 100 prosent. For ei digg kjensle!

Korleis er Oslokappleiken i år?

– Fantastisk. For ei stemning! Masse folk, bra publikum og ein god balanse mellom spel og festing.

Du kjem frå Sandefjord. Korleis er hardingfelemiljøet der?

– Dårleg! Det finst eit greitt flatfelemiljø, men ingen speler hardingfele. Det var bestefar min, Ingar Fjeld, som inspirerte meg til å byrje å spele hardingfele då eg var tolv. Bestefar spelte ikkje sjølv, men han var svært interessert, og det smitta over på meg.

Kva inspirerer deg for tida?

– Eg har ingen hardingfelelærar i augneblinken, så då er det viktig å lytte mykje. Nett no er det Seljordsspelemannen Eivind Mo eg høyrer mest på.

Kva er planane dine no?

– Eg skal tevle på Vinterkappleiken i Rauland. Elles studerer eg på lærarskulen på Notodden, så studia tek mykje tid. Men det blir fleire kappleikar framover!

Lars Ingar Meyer Fjeld vann Oslokappleiken 2014 i spel hardingfele – senior. Han spelte lydarslåtten «Fanitullen etter Eilev Smedal» og springaren «Olav Høljesen», og fekk 124 poeng. På heimesidene til Laget for folkemusikk finn du heile resultatlista frå Oslokappleiken. 

Steinar Ofsdal kjem bort og gratulerer Lars Ingar Meyer Fjeld med sigeren i kjellaren på Riksscenen. (Foto: Henrik Kamphus)
Lars Ingar Meyer Fjeld imponerte dommarene på Oslokappleiken med ein skakk Fanitull og ein frisk springar. (Foto: Audun Stokke Hole)