Musikalsk samtaleterapi på Moldestads så langt beste plate.

Midt i livet og usikker på kvar livet vil føre deg? Sigrid Moldestad har laga ei plate og delt tankane sine med resten av landet. Hennar eigne tekstar får stor plass, og musikken er godt produsert inn i den velkjende verda av norsk visepop.

Moldestad har nå gjeve ut si soloplate nummer fem, og har hoppa rett i armane på kjernepublikummet sitt med det eg meiner er den beste plata ho har gjeve ut til nå. Mykje av grunnen til det er eit ljodbilete som er nær perfekt, ypparleg produsert av Yngve Leidulv Sætre. Han har fylgt den gode oppskrifta på korleis ein produserer popmusikk i dag, og lagt til ein dæsj av det særpreget som passar songen til Moldestad som hand i heimestrikka selbuvott.

Songen er nær og god, ikkje påtrengande, men meir som ei trygg samtalepartnar og ei god ven. Moldestad skrik ikkje ut songane, nei, ho tillèt seg å vere nær og personleg. Av og til gløymer du at ho syng og det verkar heller som ho snakkar venleg til deg, og ber deg fylgje med.

Eg er glad for at bandet får så stor plass på denne produksjonen, mykje større enn på tilsvarande produksjonar i dag. Kan hende det er fordi Moldestad sjølv er felespelar, men eg trur det i like stor grad skuldast stjernelaget av musikarar ho har tatt med seg. Eg vil særskild trekkje fram multiinstrumentalist Anders Røine: Tonespråket og dei groovy linjene hans smeltar saman med det litt søte uttrykket til Moldestad. Om du ikkje trudde at langeleik og munnharpe kan skape ein suggererande kraft som gjer at du trur djevelen sjølv står bak postkassa, så trur eg at du må høyre litt meir på produksjonane til Røine, og alle sprella hans på denne plata.

Sigrid Moldestad: Vere her
  • Grappa, 2017
  • Produsent: Yngve Leidulv Sætre, spilt inn i Duper Studio, Bergen
  • 13 spor, 52 minutter

Jørgen Sandvik er òg viktig, fordi han med diverse strengeinstrument og si litt såre stemme skapar mykje av dette særpreget som Sætre har gitt så stor plass. I tillegg er Sigbjørn Apeland med på diverse tangentar. Dette er ein mann som er trygg som få i denne genren, og som samtidig krydrar med element henta frå frijazz og folkemusikk.  Anders Bitustøyl på bass er stødig, stor og solid. Eg synest du skal ta ei ekstra lytt på «Den heidenske» – tøffare springar på denne sida av nyåret finn du ikkje. Roald Kaldestad på diverse gitarar og Kåre Opheim på perkusjon gjer at plata står støtt, utan å vakle inn i andre genrar. Så har vi til slutt felespelarane, med ein fot i folkemusikk og den andre i popverda, som formar melodiar og små mellomspel. Det er ingen andre enn Moldestad sjølv og ein Moldestad er samspelt med som få andre, nemleg svensken Anders Hall.

Tekstane på plata er i all hovudsak laga av Moldestad sjølv, og melodiane gjer sitt for å fylgje opp det som blir sunge. Her er det vers om å vere til stades her og nå, om å ta vare på venskap, om å sjå tilbake, og om å sjå fram. Ho lèt seg fange i si eiga draum, og set pris på stilla samstundes som ho har laga ei ode til det etter kvart så kjende regnet i Bergen. Ho brukar mykje plass på tida og det forgjengelege, og mange av tekstane er lette å kjenne seg att i. Det hele får eit skjær av lettbeint nostalgi og svermeri, og det blir verken harmdirrande, politisk skotveksling eller dei heilt store kjenslene. Eg skulle ynskje at Moldestad av og til tok nokre steg utanfor komfortsona, både i tekstane og ikkje minst i melodiane. Det har ein tendens til å bli litt snilt og pent, og kanskje litt for opplagt kva som kjem. Du kan lett lære deg tekst og melodi i løpet av kort tid, og det er ikkje ofte du finn eit moment som vrir på innhaldet.

Men eg vil ikkje la dette trekkje plata for mykje ned, fordi dei glitrande arrangementa og Sætre sin gode produksjon pakkar det heile godt inn. Plata er laga for kjernepublikummet, og den skal bli spela på radioen i fleire månader og år framover. Innvendinga kjem fordi Grappa presenterer dette som noko heilt nytt, og i presseskrivet seier at Moldestad «beveger seg nærmest sømløst mellom flere sjangere». Nei, eg tykkjer ikkje det. Dette er solid pop i både tekst og musikk, med ei stor skei folkemusikk utført av særs gode musikarar og formidlarar.

Moldestad er ein artist som kjem frå folkemusikkmiljøet, og det kan vi være stolte av. På denne plata er det nok meir pop enn folkemusikk, men folkemusikken er sterkt til stades gjennom instrumentval og utøvarar som vi høyrer står støtt i folkemusikken. Treng du nokon å samtale med, og diskutere litt utan å forvente kjeft og mas om ting som må gjerast? Ta med deg denne plata på ei lang køyretur utan mål eller meining. La Moldestad «ringe deg og la tankane sleppe te».