Linda Gytri Trio er på turné med den ferske og allsidige plata si. Vi tok ein prat med den like allsidige orkesterleiaren frå Fagre Stryn.

– Gratulerer med plateslepp, Linda! Kva føler du no?

– Det kjennest veldig bra! Godt å få spele denne musikken for folk, no som vi har gått og ruga på han så lengje.

– Når byrja du å spele trekkspel?

– Det gjorde eg då eg var åtte år gamal, i Stryn kulturskule – der eg no underviser. Det var tilfeldig at det blei trekkspel. Eg hadde ei tante på Sørlandet som hadde eit trekkspel ståande på låven, og det fekk eg låne. Det er dette trekkspelet eg står og held på biletet inni coveret på den nye CD-en.

Linda Gytri under konserten på Tre Brør på Voss 3. mars. Foto: Runhild Heggem

– Frå scena fortalde du at mange av låtane dine er inspirerte av India?

– Det er òg litt tilfeldig – eg var der ganske nyleg, og blei inspirert der til å lage desse låtane.

– Kva høyrer du sjølv på av musikk?

– Eg likar i grunnen best å ha det stilt rundt meg, eg føler at det er litt naudsynt når eg jobbar med musikk sjølv. Mine absolutte favorittar er: Hans W. Brimi, Arvo Pärt, Nina Simone og Tsjajkovskij. Ein god miks.

– Ein god miks – det kan ein jo seie om musikken din òg?

– Eg dreiv ikkje noko med folkemusikk før eg var 18-19 år gamal. Då tipsa Britt Pernille Frøholm meg om Akademiet i Rauland. På den tida spelte eg mest klassisk og varieté-musikk. Så kom eg til Rauland og fekk først eit hardingfelesjokk, men skjønte snart kor mykje bra som fanst. Det var der det byrja.

Generelt når eg lagar låtar, prøver eg å ikkje styre dei i noka bestemt retning, men heller sjå kva som kjem dalande. Då kjem det alltid mykje rart. Låtane blir ofte ei blanding av planlagd struktur og plutselege innfall. Sjølv likar eg gjerne det repetitive og enkle, med ørsmå variasjonar. Då høver det godt at Timo og Anders fargelegg rundt kjernen av melodien. Både det å lage låtar og å spele saman handlar jo om nettopp å lytte – først til låten, og så til sine medmusikarar. Mi erfaring er at det ofte er desse flytlåtane som treff folk best når vi framfører dei. Eg likte veldig godt det Sindre Bremnes sa om plata mi på NRK Sogn & Fjordane, at ho er ”sjangerfri”.

– Og så må du til Bergen og Finland for å hente musikarar…

– Ja, fordi dei er to nydelege musikarar, rett og slett! Eg tenkte lengje på kva for instrument eg ville ha med på plata, og kom fram til denne besetninga. Eg likar lyden av piano, trekkspel og kontrabass i lag: Du har bassen i botnen, pianoet som leikar seg rundt omkring, og så melodilinja i trekkspelet. Då vi møttest for å spele det inn, skjedde det masse uventa. Det gjer det òg når vi speler konsert. Det er viktig at ting er litt fritt og ope. Bånsullen som vi avslutta med, til dømes: Kor mange gonger vi skal repetere avslutninga, kjem heilt an på energinivået i låta. Det må vi berre kjenne på, som Nils Økland seier.

– Du har eit snautt år igjen av arbeidsstipendet ditt. Kva skal du bruke det til?

– Eg har lengje drøymt om å gjere noko solo trekkspel med eit strykeensemble – men dette er heilt i startfasen. Eg skriv òg på noko tekst, så får vi sjå korleis det går. Og så vil eg gjerne få til ei barneframsyning om Laura Lykke i Bringebærslottet – inspirert av reinlendaren ”Bringebærslåtten”, ein lokal trad-melodi som alle heime kan. Eg blei fortalt ein gong at nokre barn som skulle lære slåtten, fekk i oppgåve å teikne han for å hugse han betre. Ein av ungane teikna eit slott av bringebær – det syntest eg var så fint! Dette har eg lyst å lage ei forteljing rundt. Etter to plateutgjevingar med berre eigenkomponert musikk, kjenner eg også eit behov for å gjere eit djupdykk i tradisjonsmusikken. Elles likar eg godt ”samspelet” mellom musikk, tekst og foto, og dette vil nok følgje meg vidare, slik det har gjort no på Audire.

Gå inn på heimesida til Linda Gytri for å sjå planen for platesleppturneen til Linda Gytri Trio.

«Generelt når eg lagar låtar, prøver eg å ikkje styre dei i noka bestemt retning, men heller sjå kva som kjem dalande.»

Linda Gytri