Folkemusikkarkivet i NRK er ein uvurderleg del av den nasjonale identiteten og historia vår, og vi fryktar at viktig fagkunnskap forsvinn med den varsla nedbygginga, skriv Rådet for folkemusikk og folkedans i eit ope brev til NRK.

Rådet for folkemusikk og folkedans forstår at Stortingets vedtak i samband med lisensen må få konsekvensar for tilbod og stillingar. Men vi er svært bekymra og sterkt kritiske til at Arkiv & Research-avdelinga i NRK blir så sterkt ramma av kuttet. Før irreversible avgjerder blir tekne oppmodar vi difor NRK å sjå på nytt på kva samfunnsoppdrag institusjonen har, og kva rolle NRK bør ha i eit stadig meir mediefragmentert samfunn.

Eit samla folkemusikkmiljø står bak denne sterke oppmodinga. Folkemusikkarkivet i NRK er ein uvurderleg del av den nasjonale identiteten og historia vår. Det er store mengder program og råopptak som er lagra i arkivet. Vi fryktar at viktig fagkunnskap om innhaldet i folkemusikkarkivet forsvinn med den varsla nedbygginga.

Logoen til Rådet for folkemusikk og folkedans.

Les også:

Det kostar å ha eit samfunnsansvar. Det er noko som både leiinga i NRK og politiske styresmakter veit. Ikkje alt skal og bør handle om kroner og øre. NRK har eit ansvar som dei kommersielle kanalane ikkje har i forhold til å formidle både smale og breie kulturytringar. Det betyr i klårtekst at kanalen må ha ein spisskompetanse på formidlinga av samtida og historia for at dette samfunnsoppdraget skal kunne utførast.

Eit så dramatisk kutt som det er føreslege i Arkiv & Research-avdelinga gjer at evna til å utføre gode tenester for programskaparane blir kraftig redusert. Samstundes kan eit kutt i sjølve kunnskapsbasen i NRK til sjuande og sist redusere truverdet til institusjonen. Vi håper den historiske og samfunnsfagleg kompetansen ikkje er underordna den reint bedriftsøkonomiske i leiinga. Det er i så fall å spele russisk rulett med truverdet til institusjonen.

For folkemusikkfeltet er det heilt essensielt å ha ei sterk arkivavdeling. Vi treng også eit NRK som gjer aktive lyd- og biletopptak av samtidas kulturuttrykk. Bygdedansen og runddansen har blitt godt dokumentert i NRK. Gjennom 1960,-70 og -80-talet vart folkemusikken også presentert både i underhaldningsprogram, så vel som i smalare program. Dette gjaldt både i radio og TV. I dag er stoda ganske endra. Opptak frå Landskappleiken og andre folkemusikkarrangement er ein viktig del av samtidsdokumentasjonen av folkemusikk-Noreg, og NRK har gjort ein stor innsats i å ta opp, formidle og arkivere musikken for ettertida.

Vi er redde for at ei nedbygging av folkemusikkarkivet på sikt vil føre til at NRK kjem til å kutte ned, i verste fall kutte ut samtidsdokumentasjonen på folkemusikkfeltet. Denne er allereie kraftig redusert, og særleg i ei tid der mediemangfaldet er så stort, er det viktig å dokumentere tradisjonar og utøvarar som ”går under radaren” elles.

Dagleg leiar i FolkOrg, Linda Dyrnes, peikte i kronikken sin på NRK-plakaten, der det mellom anna står at «NRK skal formidle kulturarven i Norge». Særleg tydlegare får ein det ikkje. Å formidle kulturarven krev solid arkivkompetanse, og vi oppmodar innstendig NRK om å reversere dei planlagde kutta i Arkiv & Research-avdelinga. I staden for kutt burde NRK utvikle denne avdelinga endå meir. Her ligg det unike, det som gjer NRK til noko langt meir enn ein vanleg kommersiell radio- eller TV-stasjon.