Dei to unge, vakre og single kvedarane i Fivil vil få folkemusikkgutane til å skjøne at dei ikkje berre kan sitje og jamme heile kvelden. Dei er nøydde å danse òg! Folkemusikk.no har æra av å presentere eit rykande ferskt slåttestev.

– Det byrja som ein melodi, men vi tykkjer det er litt lite tekst i slåtterepertoaret. Totenmålet er heller ikkje mykje brukt i folkelege viser. På andre sida av Mjøsa har dei Prøysen – ein slik ein har ikkje vi.

Kirsti Bakken Kristiansen fortel om opphavet til stevet som førebels berre blir kalla Fivilslåtten. Folkemusikk.no har aller nådigast fått løyve til å trykkje teksten, som berre er eit par veker gamal. Faktisk er han ikkje skrive ned nokon stad før no.

Urframføringa fann stad på Osafestivalen på Voss laurdag, under kavalkaden i foajeen til Gamlekinoen. Eigentleg skulle vi ha fått sjå Kong Nor, den stjernespekka folkemusikk- og danseførestillinga som hadde premiere på Førdefestivalen i høve grunnlovsjubileet i sommar. Kavalkaden vi fikk i staden, var vel så stjernespekka, med mellom anna Benedicte Maurseth, Steinar Ofsdal og Sudan Dudan på scena – og altså Fivil, alias Kristiansen og Ingebjørg Lognvik Reinholdt.

– Orda til stevet kom til meg då eg sat på Gjøvikbanen heim frå ein jobb i Oslo, held Kristiansen fram. Reinholdt forklarer bakgrunnen for at det var naudsynt med dette stevet.

– Vi har vore på eit utal folkemusikkfestivalar. Det er masse kjekk jamming, men vi synest det er for lite dansing. Det verste er at vi jo veit kor gode dansarar mange av folkemusikarane er! Så oppfordringa vår til gutane er: ikkje ver så treige og sjenerte – byd oss no opp til dans!

«Det verste er at vi veit kor gode dansarar mange av folkemusikarane er!»

Ingebjørg Lognvik Reinholdt i Fivil

Til stevkamp for pardansen

Jam er en fantastisk måte for musikarar å kommunisere saman, vedgår Kristiansen. Men problemet er at ein ikkje får prata noko særleg saman, iallfall ikkje om anna enn musikken. Frå scena fortalde Reinholdt at dei begge nærmar seg dei tretti år og er single, og dei byrjar å sjå seg mektig leie på dette fenomenet. Vi har altså å gjere med eit durabeleg kampstev.

– Det er altfor mange stev som handlar om kjærleikssorg. Vi treng då stev om det som kjem føre kjærleikssorgen òg, legg Kristiansen til.

Fivil heldt lunsjkonsert i Voss Sparebank på fredagen, og tidlegare på laurdag har dei halde stevkurs for vosseungane. I november skal jentene spele inn plate, og då er det stor fare for at kampstevet for dansen blir spelt inn. Men fram til det, er det faktisk berre her på folkemusikk.no at du kan få lese det.

Laurdagskvelden speler Voss Spelemannslag, Osterøy Spel- og Dansarlag og fleire andre festfiksarar opp til dans på Ole Bull-Akademiet. Og no som dei har fått letta hjarta sine for denne hjartesukken av eit stev, vonar jentene at eit koppel av skapdanseglade folkemusikkgutar vil byde dei opp til dans i kveld.

– Festen blir så mykje betre når folk dansar! er Reinholdts myndige, avsluttande ord til folkemusikarar og festivalfolk, på Voss og alle andre stader i landet.

Fivilslåtten

(Tekst og melodi: Kirsti Bakken Kristiansen.

Arr.: Ingebjørg Lognvik Reinholdt)

Hør du stramme gutt
di vilje hu er stærk
Men mjød og brennevin
gir bære hugguværk

Sitt der mæ ditt glas
og drømmen går i knas
Vil du ha jinta
må du dænse!

Snu deg rundt og sjå
på hu du tenkjer på
Spellet lagar liv
og rytmen i deg riv

Om du høll rundt meg
ska itte je si nei
Ta hænda mi
Kom, ska vi dænse

Ingebjørg Lognvik Reinholdt (t.v.) og Kirsti Bakken Kristiansen i Fivil går til kamp for dansen folkemusikarane imellom med sitt nye slåttestev.